For ein del år sidan gav eigardepartementet UiO det nasjonale ansvaret for forsking, formidling og utdanning om det norske ordtilfanget, norske dialektar og norske stadnamn, knytt til dei store norske språksamlingane. No vil Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ikkje lenger ha ansvaret for dette området. Eg tek instituttets prioriteringar til etterretning. Men eg reknar samstundes med at leiinga ved UiO, landets eldste og største universitet, då vil finne andre løysingar for å vidareføre det nasjonale ansvaret for denne viktige delen av norsk språk.
Ved Københavns Universitet etablerte dei i 2003 eit Nordisk Forskningsinstitut, med ansvar for danske dialektar, stadnamn og eldre språk. Oversikta over tilsette tel i dag 63 namn. Dette viser korleis Danmarks eldste og største universitet prioriterer studiet av det nasjonale språket. Det er framleis mitt håp at UiO vil vise tilsvarande interesse for det norske språket. Kanskje kan løysinga vere eit nordisk forskingsinstitutt ved UiO, organisert utanfor ILN, og med ein finansieringsstruktur som er tilpassa aktivitetsprofilen.
Logg inn for å kommentere