Kva vil rektor gjera med dei norske språksamlingane?

Det er difor naudsynt å stille rektor, universitetets øvste faglege leiar, dette spørsmålet: Meiner han at studiet av det norske ordforrådet og norske namn ikkje er ei oppgåve for Universitetet i Oslo? spør styreleiar  Magnus Rindal i Norsk Ordbok 2014.

Uniforum har no i fleire nummer fortenestfullt sett søkjelyset på dei norske språksamlingane ved UiO, som står framfor ei djup ressurskrise. Dette er vitskaplege samlingar som inneheld norske namn og det norske ordforrådet i skrift og tale. Samlingane gjev grunnlag for forsking, formidling og undervisning. For tida er dei organiserte ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Så langt har universitetet ikkje vilja uttale seg om framtida, fordi dei har venta på rapporten frå ei arbeidsgruppe som skulle vurdere verdien av samlingane.

No er rapporten komen, og konklusjonen er klar: Samlingane er av nasjonal verdi, og er ein ressurs for forsking og undervisning i norsk og nordisk språk. Instituttleiaren har vore leiar av arbeidsgruppa, som har levert ein samrøystes rapport. Men instituttet ser likevel ikkje ut til å vilje ta det framtidige ansvaret for desse samlingane, og det er to argument som blir førte fram: Ressurssituasjonen og universitetslova.

Eg vil då minne om at desse samlingane i si tid  blei overførte frå departementet til UiO med 23,5 stillingar og driftsmidlar, og aktiviteten var fullfinansiert. Men seinare har universitetet flytta 20 av desse stillingane til anna verksemd, endå om behovet for samlingane ikkje har blitt redusert.

Etter lova skal universitetet drive med forsking, undervisning og formidling. Aktiviteten ved språksamlingane har vore konsentrert om forsking og formidling, det har vore mindre vekt på undervisning. Men dersom nokon vil bruke det som argument for å kvitte seg med språksamlingane, må dei også meine at verksemda ved Kulturhistorisk museum ikkje høyrer heime ved universitetet. Dette er sjølvsagt ein umogleg posisjon.

Det er all grunn til å tru at fakultetet har same oppfatninga av språksamlingane som instituttet, og at dei vil arbeide for å flytte dei vekk frå universitetet. Det er difor naudsynt å stille rektor, universitetets øvste faglege leiar, dette spørsmålet: Meiner han at studiet av det norske ordforrådet og norske namn ikkje er ei oppgåve for Universitetet i Oslo? Eg vil i denne samanhengen minne om at det var den dåverande rektor, Kaare R. Norum, som etter avtale med kulturministeren sikra fullføringa av Norsk Ordbok 2014.

Det er framleis mitt håp at UiO vil ta eit framtidig ansvar for dei norske språksamlingane. Men instituttets behandling av dei i dei siste åra viser at det må gjerast endringar i  organisering og finansieringsmodell.

 

Emneord: Språk, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok
Publisert 28. mars 2014 11:21 - Sist endra 28. mars 2014 11:41

Logg inn for å kommentere