Nettsider med emneord «Italiensk»

Publisert 17. jan. 2012 11:07

Italienske universitet ligger nede med brukket rygg, og en rekke tradisjonsrike institusjoner kan gå konkurs i kjølvannet av finanskrisen. Professorer fra Universitetet i Catania legger skylden på Silvio Berlusconi.  

Publisert 22. apr. 2008 15:35

Ti minuttar i drosje frå det gamle Roma ligg Det humanistiske fakultetet til Europas største universitet, "La Sapienza." Der kan du studera alle dei store verdsspråka, men også eit lite språk som norsk. Uniforum har møtt fire italienske studentar og norsklæraren deira.

Publisert 21. apr. 2008 11:33

Milliardæren Stein Erik Hagen gir 3,2 millionar kroner til ei nyoppretta postdoktorstilling ved Det norske instituttet i Roma. Pengane skal fordelast over fire år og også finansiera undervisninga i eit tverrfagleg kurs i kunsthistorie, arkeologi og arkitektur med utgangspunkt i byen Roma. I morgon kjem dronning Sonja, kronprinsesse Mette-Marit og mora til kronprinsessa, Marit Tjessem, på eit privat besøk til Det norske instituttet i Roma.

Publisert 7. apr. 2008 11:24

Høgt oppe på Gianicolo-høgda med utsyn over alle Romas sju høgdedrag, ligg den fem etasjar høge villaen som er blitt til Det norske instituttet i Roma. Frå å vera ein forskingsoase for kunsthistorikarar og arkeologar, skal instituttet no gi meir rom til forskarar frå klassiske fag, litteratur, språk og religionshistorie. Det lovar den nytilsette senterleiaren, teologiprofessor Turid Karlsen Seim.

Publisert 24. okt. 2006 11:47

Franskprofessor Marianne Hobæk Haff er tildelt den italienske republikken sin riddarorden. Ho får prisen for innsatsen ho gjorde for å redda italienskfaget på UiO. - Det er ei stor ære å få denne heideren, seier Hobæk Haff til Uniforum.

Publisert 22. mars 2005 15:48

Italiensk blir ikkje lagt ned ved Universitetet i Oslo. Det er klart etter at instituttstyret samrøystes har vedtatt å be fakultetet om å lysa ut stillinga som førsteamanuensis i italiensk litteratur. - Dette viser at kamp nyttar, seier Marianne Hobæk Haff , som tidlegare leia Klassisk og romansk institutt.

Publisert 8. mai 2003 09:31

- Italiensk kan forsvinna frå UiO dersom HF-fakultetet ikkje går med på å delfinansiera ei halv stilling som universitetslektor i italiensk språk. Det fryktar styrar Marianne Hobæk Haff ved Klassisk og romansk institutt.