Knut Heidar vil ha motkandidat

Dekankandidat Knut Heidar på SV-fakultetet vil gjerne ha ein motkandidat. - Det vil gi meir legitimitet til den som blir vald og også styrkja fakultetet, seier han til Uniforum. Forskarar på Psykologisk institutt er forbausa over at valkomiteen ikkje har nominert fleire kandidatar.- Det er brot på alminnelege demokratiske spelereglar, meiner dei. Valkomiteen forsvarar avgjerda si.

ETTERLYSER MOTKANDIDAT: Dekankandidat Knut Heidar på SV-fakultetet vil gjerne ha motkandidat.
Foto: Ola Sæther

Valkomiteen for dekanvalet ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet foreslo berre professor i statsvitskap, Knut Heidar som dekankandidat under valet til hausten. Det skjedde trass i at både professor i sosiologi, Geir Høgsnes og professor i psykologi, Fanny Duckert var blant dei 15 kandidatane som blei vurderte.

No reagerer også Knut Heidar på at han blir ståande igjen som den einaste dekankandidaten.

- Eg synest ikkje det er greitt. Når eg stiller opp som dekankandidat, vil eg gjerne ha eit reelt val med ein valdebatt.

- Kva synest du om at valkomiteen berre har foreslått deg?

- Sjølvsagt vil eg ikkje leggja meg opp i måten som valkomiteen har resonnert på. Sjølv ynskte eg å bli innstilt for å få klarlagt om eg hadde nokon støtte som kandidat, men eg tykkjer at det er best med eit dekanval mellom fleire kandidatar. Det vil som sagt gi meir legitimitet til den som blir vald og styrkja fakultetet.

- Trur du no at det blir fleire kandidatar?

- Eg veit ikkje, men eg håpar verkeleg at fleire vil stilla. Då eg blei spurd av valkomiteen om eg ville stilla som dekankandidat, talde eg på knappane om eg skulle seia ja eller nei, men når eg først sa ja, så såg eg ikkje det som ei blokkering for at andre skulle kunna stilla opp som dekankandidat.

- Eg synest det er viktig med ein offentleg valdebatt, så difor synest eg at det er synd at det ikkje har dukka opp fleire kandidatar, understrekar Heidar, som har valt professor i sosialantropologi, Marianne Lien som prodekankandidat.

- Ikkje heilt uvanleg

Fungerande leiar for valkomiteen, Gunn Elisabeth Birkelund forsvarar i ein e-post avgjerda om berre å nominera ein dekankandidat.

- Det er ikkje heilt uvanleg at valkomitear kjem med ei innstilling. I denne samanhengen er forslaget basert på eit grundig forarbeid, der komiteen har hatt fleire personar til vurdering og gjort ei rekkje intervju med potensielle kandidatar, skriv Birkelund i ei felles melding til Uniforum og Universitas. Ho understrekar også at det framleis er mogleg å melda seg på i kampen om å bli dekan på SV-fakultetet.

- Det er lagt ut informasjon om dekanvalet på heimesidene til fakultetet og der blir det
opplyst at fristen for å koma med forslag på andre kandidatar er 20. juni 2007. Dersom nokon ynskjer å koma med framlegg er det fullt høve til det, peikar ho på.

Eit forslag på kandidat må innehalda 10 underskrifter til personar med stemmerett. I valkomiteen var det berre studentrepresentant Heine Skipenes som stemte imot å nominera berre éin dekankandidat. Både professorane Gunn Elisabeth Birkelund, Vidar Christiansen og førstekonsulent Mona Bye stemte for.

Overraska og forbausa

Dei som har reagert kraftigast på at valkomiteen berre har nominert ein kandidat, er kollegaene til Fanny Duckert på Psykologisk institutt. Førsteamanuensis Tor Endestad og professorane Tim Brennen, Ellen Hartmann og Svein Magnussen(biletet under)er svært overraska og skuffa over at verken Fanny Duckert eller Geir Høgsnes er nominerte, trass i at dei var foreslått.

- Formelt sett hadde det vore greitt, dersom det hadde vore problem med å få tak i kandidatar. Men denne gongen er valkomiteen i den heldige situasjonen at fleire personar har meldt seg som kandidatar og likevel nominerer dei berre ein dekankandidat. Og at det ikkje skulle vera andre som var minst like godt kvalifiserte som den einaste nominerte, er heilt uforståeleg for oss, når me les valplattforma hans, seier dei til Uniforum. Dei synest det er rart at Fanny Duckert ikkje er blitt nominert, når ho har sagt seg villig til å stilla opp.

- Brot på demokratiske spelereglar

- Ho har brei støtte frå dei tilsette ved Psykologisk institutt og om ho hadde blitt nominert kunne andre tilsette på fakultetet ha vurdert hennar valplattform opp mot valplattforma til Knut Heidar. Valkomiteen har heller ikkje gjort noko offisielt intervju med Fanny Duckert. No ser det ut som om valkomiteen har gjort eit val på vegner av heile fakultetet. Det er brot på alminnelege demokratiske spelereglar. Det burde jo medlemane i valkomiteen, som har bakgrunn frå både sosiologi, sosialantropologi og samfunnsøkonomi, vita.

- Kjem de til å foreslå Fanny Duckert som kandidat?

- Me kjem ikkje til å foreslå henne, dersom ho ikkje ynskjer det sjølv. Men heile Psykologisk institutt står bak henne. Grunnen til at me går ut med kritikken vår er først og fremst for å setja søkjelyset på nominasjonsprosessen. Den har vore svært umusikalsk. Me kan sjølvsagt også spørja om valkomiteen ikkje ynskjer å ha ein dekankandidat frå det største instituttet, sjølv om det er lenge sidan det har vore ein dekan frå Psykologisk institutt.

Dekanvalet på SV-fakultetet vil etter planen gå føre seg 2. oktober. Ved dekanvala på Det teologiske fakultetet og Det humanistiske fakultetet i fjor haust var det begge stader to kandidatar.

Emneord: Dekanvalg Av Martin Toft
Publisert 23. mai 2007 16:26 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere