Geir Ellingsrud: - Ei dødssynd for ein forskar

- Det er ei svært alvorleg sak. For ein forskar er det ei dødssynd å gjera det som denne kreftforskaren har gjort,om det stemmer det som pressa skildrar. Det seier rektor Geir Ellingsrud i ein kommentar til avsløringa av at kreftforskar Jon Sudbø ved Radiumhospitalet hadde fabrikkert alle forskingsresultata i ein vitskapleg artikkel som blei publisert i The Lancet i oktober 2005. Sudbø har også ei andrestilling som førsteamanuensis ved UiO.

UROA: - Eg er uroa over kva påverknad dette ha for medisinsk forsking og andre nære forskingsfelt, seier rektor Geir Ellingsrud ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Det var fredag 13. januar det blei avslørt at kreftforskar og overlege Jon Sudbø hadde fabrikkert alle vitskaplege data han hadde brukt i ein artikkel han publiserte i det prestisjetunge forskingstidsskriftet The Lancet i oktober 2005.

I artikkelen ville han dokumentera at bruk av spesielle medikament kunne hindra utvikling av kreft i munnhola hos røykarar. Forskingsresultata var så lovande at han fekk tildelt 70 millionar kroner til forskinga si av den amerikanske kreftforeininga i 2004.

Sudbø har også fått økonomisk støtte frå Den norske kreftforeininga, frå Noregs forskingsråd og frå Helse og rehabilitering, som deler ut pengar frå Extra-trekninga til Norsk Tipping. I fylgje VG var det avdelingsdirektør Camilla Stoltenberg hos Folkehelsa som avslørte at opplysningar som Sudbø hevda å ha fått frå CONOR, som er ei samling av helsedata frå norske helseundersøkingar, ikkje kunne stemma.

Dermed byrja snøballen å rulla, og Jon Sudbø tilsto ganske raskt at han hadde fabrikkert dei vitskaplege data i artikkelen. Sudbø er tilsett i andrestilling som førsteamanuensis ved Det medisinske fakultetet, og skulle etter planen ha undervist medisin- og tannlegestudenter dette semesteret.

Fryktar skadeverknadane

UiO-rektor Geir Ellingsrud fryktar skadeverknadane av denne saka.

- Eg er uroa over kva påverknad dette kan ha for medisinsk forsking og andre nære forskingsfelt. Universitetet i Oslo er no i ein prosess der me vurderer situasjonen og det vidare samarbeidet med forskar Jon Sudbø, seier Ellingsrud.

- Det er for tidleg å konkludera med kva me skal gjera no. Truleg blir det også ei nasjonal sak å hindra at slike ting skal skje igjen. Samtidig er det viktig å understreka at dei fabrikkerte vitskaplege data blei avslørte fordi dei blei fanga opp av andre i forskingssystemet, konstaterer han.

- Viser denne saka at kontrollrutinane i forskingsverda er for dårlege?

- Det er forskjellige kontrollrutinar frå fag til fag, så det er det vanskeleg å seia noko konkret om. Men det som er sikkert, er at denne saka kan få skadeverknader både for medisinsk forsking og anna forsking.

- Kunne denne forskingsskandalen også ha skjedd på Universitetet i Oslo?

- Eg trur denne saka er uavhengig av staden der det skjedde.

- Kunne det etiske regelverket for forsking ha vore betre?

- Dette er jo opplagt uetisk, så svikt i det etiske regelverket har ikkje noko å gjera med dette.

- Mange medisinske forskarar er sette opp som medforfattarar. Kan det gjerast noko med den utstrekte bruken av medforfattarar som ikkje deltar i forskingsarbeidet?

- Det er også ei problemstilling som me vil ta med i vurderinga, fortel han.

Det blir no sett i gang ei gransking av heile forskingsskandalen ved Radiumhospitalet. Granskinga skal leiast av den svenske epidemiologen, professor Anders Ekbom ved Karolinska sjukhuset i Stockholm. Kommunikasjonsdirektør Trine Lind ved Rikshospitalet, opplyser til ntb at UiO vil vera ein sjølvskriven instans i granskinga saman med Noregs forskingsråd og Nasjonalt folkehelseinstitutt.

- Verre enn forskingsskandalen i Sør-Korea

Professor i medisinsk etikk ved UiO, Jan Helge Solbakk synest forskingsskandalen på Radiumhospitalet saknar sidestykke både i Noreg og internasjonalt.

- Den aktuelle forskaren har fabrikkert både dei vitskaplege data og forskingssresultata. Difor er dette ei endå meir alvorleg sak enn det som var tilfellet med den sørkoreanske stamcelleforskaren Hwang Woo-Suk. Han hadde trass alt ein del korrekte vitskaplege data å presentera. I saka frå Radiumhospitalet eksisterer det ikkje eit einaste forskingsresultat som han har vitskapleg grunnlag for, slår Solbakk fast. Han tykkjer det er farleg å redusera denne saka til berre å gjelda ein uærleg forskar.

- Det er ein ukultur, spesielt innanfor medisinsk forsking, at forskarar som ikkje har deltatt i arbeidet med å få fram eit forskingsresultat likevel går med på å vera medforfattarar for vitskaplege artiklar. Det gjer dei utan å oppfylla plikta til å sikra innhaldet i artikkelen. Viss dei hadde gjort det, ville ikkje denne saka ha dukka opp, understrekar Solbakk.

- Naivt

Han gir forskingsfinansieringa til Forskingsrådet og universiteta skulda for at det er blitt slik.

- Forskarar som kan dokumentera publisering av artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift og som får finansiert delar av forskinga med pengar frå eksterne kjelder, får ei ekstra stjerne i boka, i høve til dei som ikkje får det til. Det er naivt å tru at eit slikt system ikkje vil få ein slik ukultur til å blomstra, slår han fast.

- Kva bør no gjerast?

- Styresmaktene bør gjera noko med måten forskinga blir finansiert på. Den er ein viktig faktor for at denne ukulturen blir oppretthalden, meiner han. Solbakk synest det også bør stillast spørsmål ved den vitskaplege produksjonen til mange medisinske forskarar.

- Mange medisinske forskarar publiserer enormt mykje samanlikna med forskarar på samfunnsfag eller humaniora. Nokre av dei er reelle hovudforfattarar på dei vitskaplege artiklane dei står bak, men i hovudsak er årsaka at dei opererer som medforfattarar til vitskaplege artiklar som er skrivne på grunnlag av forskinga til andre medisinske forskarar, konstaterer han. Som døme viser han til den vel omtykte medisinske forskaren, Gerald Schatten frå University of Pittsburgh, som var medforfattar på artikkelen til den sørkoreanske forskaren Hwang Woo-Suk.

- Når dei vitskaplege resultata i ein slik artikkel kan gi forskarane ein nobelpris i medisin, dersom dei stemmer, er det ikkje vanskeleg å forstå at han takka ja til eit tilbod om medforfattarskap, trur han.

- Kvalitetssikringa fungerer

Stortingsrepresentant Rolv Reikvam, som er forskingspolitisk talsmann for SV i Utdannings- og forskingskomiteen, er ikkje like kategorisk som Jan Helge Solbakk.

- Eg trur ikkje denne forskingsskandalen er eit resultat av forskingsfinansieringa til Forskingsrådet eller universiteta. Det er heller ikkje behov for nye reglar for publisering av forskingsresultat etter denne saka. Kreftforskaren blei jo avslørt og det viser jo at det interne systemet for kvalitetssikring fungerer, seier Reikvam til Uniforum. Derimot undrar han seg svært over eit anna faktum.

- Det overraskar meg at denne personen har klart å lura så mange medforfattarar. Eller visste dei heile tida kva som gjekk føre seg? I det siste tilfellet burde dei i alle fall ha sagt ifrå. Det er tankevekkjande at forskarar samtykkjer i å vera medforfattarar når det einaste dei har gjort er å lesa gjennom ein vitskapleg artikkel. Det kan det setjast eit spørjeteikn ved, synest han. Reikvam meiner likevel at dette ikkje er ei sak for Stortinget.

- Denne saka er blitt avdekka, og det er ikkje behov for nye reglar. Dei aller fleste forskarar er seriøse og jobbar med det som dei har dekning for på grunnlag av empirisk verksemd. Difor er eg sikker på at dette ikkje er toppen av eit isfjell, men noko heilt marginalt, seier Reikvam.

Dette er medforfattarane til Jon Sudbø:
Jack Lee og Scott M. Lippman, Anderson Cancer Center, Houston, Texas, Jon Mork, Rikshospitalet, Simone Sagen, Albrecht Reith og Wanja Kildal og Nina Flatner,Radiumhospitalet, Ari Ristimäki, Helsingfors universitet, Asle Sudbø, NTNU , L. Mao og X Zhou, Anderson Cancer Center, Houston, J. Evensen, Radiumhospitalet og Andrew J.Dannenberg, Weill Medical College of Cornell University.

(Oppdatert tysdag 17. januar kl. 11.42)

Emneord: Etikk, Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2006 17:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere