No er Velferdsprisen lagt ned

Om kort tid blir det kunngjort kven som får UiO-historias aller siste velferdspris.  

TIDLIGARE PRISMOTTAKAR: I 2015 fekk Unikor velferdsprisen. (arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

I dag skulle fagforeiningane, UiO-leiinga og hovudverneombodet drøfta eit forslag om å endra retningslinjene til Kultur- og velferdsutvalet på det såkalla IDF-møtet (informasjon, drøfting og forhandling).

Formålet var å finna ut korleis dei kunne leggja ned Velferdsprisen i dagens form. Då måtte retningslinjene bli endra, sidan ei av dei viktigaste oppgåvene til Kultur- og velferdsutvalet har vore å administrera denne prisen. 

– Me enda opp med å leggja ned heile Velferdsprisen, Dermed blir den aller siste prisen delt ut i 2025, fortel styreleiar Monica Lihus Ambrosen i Kultur- og velferdsutvalet til Uniforum. Ho opplyser at det var full oppslutnad om dette både frå fagforeinings-  og arbeidsgjevarsida. 

Vil ha lokale prisar

Det var i går Uniforum først kunne fortelja at Kultur- og velferdsutvalet gjekk med planar om å leggja ned Velferdsprisen. I staden ville dei oppfordra lokale avdelingar på UiO til å gjera ære på medarbeidarar som fortener ekstra honnør, med å gi dei blomar eller noko anna som synlege bevis på innsatsen. Desse påskjønningane må einingane finanisera frå eige budsjett, understreka Lihus Ambrosen til Uniforum.

Etter hennar meining vil dette bli meir rettferdig og koma fleire til nytte enn å dela ut eit kunstgåvekort på 10 000 kroner til ein enkeltperson eller organisasjon. 

• Les meir: Den store velferdsprisen på ti tusen kroner til ein, kan bli bytta ut med blomar til fleire

Kultur- og velferdsutvalet klarte å overtyda deltakarane på dagens IDF-møte om at dette var rett. Derfor vedtok dei å leggja ned UiOs velferdspris. 

Det var i juni 2002 det dåverande Velferdsutvalet ved UiO saman med universitetsdirektøren vedtok å oppretta velferdsprisen. Det skulle vera ein pris som skulle spreia glede, sa Grete Starheim og Hanne Skjølås Nygaard i utvalet då Velferdsprisen blei lansert. Seinare på året blei den aller første velferdsprisen delt ut til Driftsområde Nedre Blindern i Eigedomsavdelinga.

Kven som får æra av å bli UiO-historias siste mottakaren av den store velferdsprisen, blir kunngjort i løpet av kort tid.

 

 

Les meir i Uniforum:

* Mat.nat.-fakultetets gledesspreder 2023

* To doktorgradsstipendiater deler UiOs velferdspris for 2021

* Renholderne er tildelt UiOs velferdspris for 2020

* Velferdsprisvinneren Unikor. En flerstemt gledespreder 2015

* Trond Harr fekk UiOs velferdspris 2010

* Rolig i stressende situasjoner 2009

* Utagerende idrettsglede 2004

* Pris for god service 2002

• Pris for å spre glede

(Korrigert kl 21:42 med endring av tidspunkt for kunngjering frå i morgon fredag til om kort tid)

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Prisar Av Martin Toft
Publisert 13. nov. 2025 16:21 - Sist endra 21. nov. 2025 10:13

Logg inn for å kommentere