Trond Harr fekk UiOs velferdspris

Danselæraren, dansedommaren og den pensjonerte økonomimedarbeidaren Trond Harr ved MN-fakultetet er tildelt velferdsprisen for 2010. Han har også vore leiar for Feriestiftelsen sidan den blei oppretta i 1980. Universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe overrekte han prisen på haustfesten i går kveld.

MILJØSKAPANDE DANSELÆRAR: Post doc.- stipendiat Inga Koszalka lærer å dansa av Trond Harr, som i går blei tildelt velferdsprisen for 2010.

Foto: Ola Sæther

Danseidretten har heile tida vore den store lidenskapen til Trond Harr. Mottoet hanser: "Dansen er mitt liv"! Dansekarrieren starta han som barnedansar i 1950. Og heilt fram til 1975 var han konkurransedansar.

Danseengasjementet hans er også ei av grunngjevingane for at han fekk velferdsprisen for 2010.  I langt over 30 år har mange tilsette og studentar ved UiO deltatt på tallause dansekurs i regi av årets prisvinnar. I regi av Bedriftsidrettslaget tilbyr han danskekurs i arbeidstida for dei som vil bruka halvannan time i veka på det.

Skaffa hytter

Men det er fleire viktige grunnar til at han blei vinnar av velferdsprisen for 2010. 67-åringen Trond Harr har vore leiar for Feriestiftelsen sidan den blei oppretta i 1980. Han får æra for at UiO kunne kjøpa Furufjell på Hvaler der hyttene til Feriestiftelsen står. I 17 år var han også leiar for Velferdsutvalet ved UiO. Det blir dessutan vist til at han spreier glede, er glad i andre menneske og har eit svært godt nettverk på heile universitetet. Dei siste åra er han også blitt kjent utanfor universitetet som dommar i TV 2-programmet ”Skal vi danse?”

Etter over 40 år som økonomimedarbeidar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, pensjonerte han seg i september 2008. No er han ein aktiv styremedlem i Universitetets seniorforening.

Reiste seg for prisvinnaren

Dei 350 festdeltakarane reiste seg for å hylla prisvinnaren då han gjekk fram for å ta imot prisen frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Ho overrekte han eit kunstmåleri. Trond Harr takka for den store æra ved å visa til at også oldefaren hans hadde gitt sitt bidrag til universitetet.

– Han rissa inn dei greske inskripsjonane på søylene til Domus Media. Sjølv har eg det ikkje i hendene, men eg kan trygt seia at eg har det i beina, sa prisvinnaren.

Seinare på kvelden tok Trond Harr med seg universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og leidde an i den tradisjonelle polonesen før dansen for alvor tok skikkeleg av utover kvelden.

 

Emneord: Velferdsutvalget, Velferd på UiO Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2010 11:14 - Sist endra 1. okt. 2010 11:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere