Oslo Science City har fått eit norsk namn: Kunnskapsbyen i Oslo

Kunnskapsbyen i Oslo blir det nye namnet på innovasjonsdistriktet Oslo Science City. Det avslører direktør Christine Wergeland. Språkdirektør Åse Wetås er svært nøgd.

Portrett av ei kvinne

EIT PASSANDE NAMN: – Det er jo kunnskap som er sjølve gullet vårt og som er heile substansen i alt det me gjer, understrekar administrerande direktør i Kunnskapsbyen i Oslo Christine Wergeland Sørbye.

Foto: Martin Toft

Det var i august 2020 Oslo Science City opna offisielt som eit innovasjonsdistrikt for det området i Oslo som har tettast førekomst av kunnskapsinstitusjonar. Dåverande statsminister Erna Solberg var den mest celebre gjesten.

• Les meir: Erna Solberg håpar Oslo Science City kan gi grensesprengjande innovasjon

Frå første stund fekk innovasjonsdistriktet kritikk for det engelske namnet. Ein av dei sterkaste kritikarane var Åse Wetås, administrerande direktør for Språkrådet. «Oslo Science City bør skaffa seg eit norsk namn», gjekk ho ut og kravde i Uniforum i 2021.

• Les meirSpråkrådet ber Oslo Science City om å skaffa seg eit norsk namn

No er ho endeleg bønnhøyrt. For i dag kan administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye fortelja Uniforums lesarar kva det blir.

– Det nye norske namnet blir Kunnskapsbyen i Oslo, fortel ho til Uniforum.  

– Eg trur det er eit namn som alle vil synast er fint. For det er jo kunnskap som er sjølve gullet vårt, og som er heile substansen i alt det me gjer. Eg trur det vil fungera godt, fortel Christine Wergeland Sørbye.

Ho viser til at dei også har fått gode tilbakemeldingar på det nye norske namnet frå Språkrådet.

– Dette må bli bruksnavnet

– Det er eg svært godt nøgd med, for det er eit veldig godt norsk namn, kan språkdirektør Åse Wetås stadfesta. 

– Dette var eit klokt val, tykkjer ho. No håpar ho at Kunnskapsbyen i Oslo blir godt kjent.

– Eg er opptatt at at dette blir bruksnamnet i all norsk samanheng, både i dokument på norskspråklege nettsider og i sosiale media.

GODT NORSK: – Det er eit veldig godt norsk namn, er  språkdirektør Åse Wetås' dom over namnet Kunnskapsbyen i Oslo. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

Åse Wetås fortel at Språkrådet har vore godt orientert om arbeidet med eit nytt norsk namn.

– Språkrådet har vore inne og gitt ei fagleg vurdering av namnet Kunnskapsbyen i Oslo og gitt tommelen i veret for det, seier Åse Wetås til Uniforum.

Noregs mest kunnskapstette område

Tilbake i Oslo stiller administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye for første gong opp i eit intervju i Unforum for å fortelja om visjonane for Oslo Science City og for å avsløra det nye norske namnet.  

Me møter henne på på Blindern. Tidleg kjem me inn på kor viktig ho meiner Kunnskapsbyen i Oslo er for utviklinga av innovasjonsdistriktet det omfattar, altså distrtiktet frå Campus Radiumhospitalet til Majorstua og vidare til Blindern, Gaustad og Ullevål.

– Dette er jo Noregs mest kunnskapstette område med 40000 studentar og 8000 forskarar og 300 oppstartsbedrifter. Det er eit viktig område, ikkje berre for Oslo, men for heile landet. Det innovasjonsdistriktet er etablert for, er å stimulera til samarbeid mellom dei ulike aktørane i området, og leggja til rette for auka samspel mellom offentleg sektor, næringsliv og sivilsamfunnet, fortel ho.

No vil dei også inkludera skulesektoren i dette arbeidet.

– Poenget er at løysingane på dei store samfunnsutfordringane me står overfor, må vera kunnskapsbaserte. Det er det ingen tvil om, understrekar ho.

Der meiner ho Kunnskapsbyen i Oslo kan spela ei viktig rolle.

– Me har Oslo kommune som medlem og har ei inviterande og inkluderande plattform for samarbeid, noko innovasjonsdistriktet er i sin natur, peikar ho på.

For henne er det viktig at medlemane i foreininga treffer kvarandre.

– Det er i møtet mellom dei, denne magien skjer, seier ho med stor innleving.

Kunnskapsbyen i Oslo  – Noregs første innovasjonsdistrikt: * UiO-rektor Svein Stølen er styreleiar og Christine Wergeland Sørbye er adm.dir.
* Etablert som medlemsforeining i mars 2019 og offisielt opna i august 2020. I november 2021 blei en moglegheitsstudie presentert.
* OSC strekkjer seg fra Majorstua via Marienlyst og Blindern til Gaustad og Ullevål stadion, og Campus Radiumhospitalet.
* Innovasjonsdistrikt er ifølge satsingens nettside «geografiske byområder der kunnskapsinstitusjonar og kunnskapstunge verksemder samlar seg og samarbeider med gründere, inkubatorar, investorar og det offentliege for å fremja innovasjon, kreativitet og kommersialisering av idéar og kunnskap».
* Dei 16 medlemane er: UiO, Oslo kommune, investeringsselskapet Ferd, Oslo Cancer Cluster, SINTEF, Forskningsparken i Oslo, Oslo universitetssykehus HF, Helse Sør-Øst RHF, Norges Geotekniske Institutt (NGI), Studentsamskipnaden SiO, Oslo Pensjonsforsikring, Opplysningsvesenets fond, Bertel O. Steen, Transportøkonomisk institutt, Norsk regnesentral og Handelshøyskolen BI. (Kjelde: Oslo Science City/Kunnskapsbyen i Oslo)

Med rom og plass til å veksa

Uniforum ber henne også om å tenkja ti til femten år fram i tid og spå kva innovasjonsdistriktet er blitt då.

– Me skal ha klart å trekkja til oss kunnskapsintensivt næringsliv som har nytte av å liggja tett på kunnskapsmiljøa og offentleg sektor, som NAV og Skatteetaten, slik at det blir til gjensidig nytte med relevante forskingsmiljø, fortel ho.

Wergeland Sørbye legg vekt på at det allereie er etablert ein god del oppstartsbedrifter i området.

– Det er viktig at dei får rom og plass til å veksa. Samtidig skal plattforma leggja til rette for ulike former for samarbeid mellom forsking og innovasjon og få henta ut endå meir pengar frå EU, håpar ho.

Vil invitera heile byen inn

Visjonane går også ut på at det skal bli ein stad der studentinnovasjonen skal blomstra. Det må likevel gjerast noko med heile området for å gjera det endå meir attraktivt.

– Etter klokka 16.00 er det eit ganske dødt område. Det er meg, og så nokre hundar som blir lufta. Me må gjera området til eit levande byområde også etter arbeidstid, synest ho.

Det er viktig å ha aktivitetar som inviterer heile byen, meiner ho. Ein samtale for to dagar sidan har inspirert henne. 

– Då snakka eg me nokon i utlandet der dei hadde ein robotikklab. Kvar laurdag hadde dei eit program på robotikklaben for å invitera ungdommar frå delar av byen som kanskje ikkje hadde slike moglegheiter og slike lokale. Dei opna opp desse labbane og laga program og kurs for heile bydelen og byen. 

– UiO bestemmer

På Universitetet i Oslo planlegg Det odontologiske fakultetet å byggja eit nytt klinikkbygg på Gaustad der Nemkobygningen står i dag. Christine Wergeland Sørbye understrekar at Oslo Science City ikkje har noka bestemt haldning til desse planane.

 – Det er Universitetet i Oslo som bestemmer korleis dei disponerer sine tomter og bygg, er det korte svaret ho gir.

Både Universitetet i Oslo, Opplysningsvesenets fond og eigedomsselskapet Ferd er medlemar i Oslo Science Cty, Samtidig kranglar UiO med Opplysningsvesenets fond om UiO skal halda fram med å festa tomtene på Nedre Blindern frå fondet eller overta dei vederlagsfritt. Situasjonen er heller ikkje blitt betre av at Opplysningsvesenets fond har inngått ein intensjonsavtale om å selja ei tomt på Nedre Blindern til Ferd.

• Les meir: Eiendomsgigant vil bygge på UiO-områder: Dette vet vi om planene

Alle desse tre er medlemar i Oslo Science City, men direktøren trur ikkje desse ulike interessene verkar inn på samarbeidsviljen mellom dei.

 – Det eg opplever, er at me har eit veldig godt samarbeid i styret. Og dei tema som me jobbar med, er på område der dei er interesserte i å samarbeida. Det handlar om å utvikla Oslo Science City til å bli eit leiande internasjonalt innovasjonsdistrikt, minner ho om.

–  Me må også få med oss menneska

I Uniforum er det også blitt uttrykt frykt for at innovasjondistriktet skal leggja for stor vekt på innovasjon innanfor naturvitskaplege og medisinske fag, og bli mindre opptatt av humaniorafaga på universitetet.

• Les meir: Slik skal humsam unngå å bli "hjelpevitenskap" i Oslo Science City

Ifylgje Christine Wergeland Sørbye er det ingen grunn til å tru det.

– Me har fire gravitasjonsfelt som er helse og livsvitskap, grøn energi og miljø, digitalisering og beregningsvitskap og ikkje minst demokrati og inkludering. Det har vore eit aktivt og medvite val.

Wergeland Sørbye peikar på at det er enormt gode fagmiljø både på Det humanistiske fakultetet, på SV, på UV-fakultetet og på jus. Ho viser til korleis nettopp demokrati og inkludering spelar ei viktig rolle i den omstillinga heile samfunnet er inne i akkurat no.

– Då nyttar det ikkje berre å få dei gode tekniske løysingane på plass. Me må også få med oss menneska. Der kjem demokrati og inkludering inn som eit viktig område.

Vil få internasjonale selskap til Skandinavia

Christine Wergeland Sørbye har blitt invitert til å fortelja om innovasjonsdistriktet både i Spania, Sverige og i Danmark. Det er i Norden utsiktene for eit nært samarbeid er størst.

– Noreg er eit land med masse kunnskap og store ressursar. Samtidig er me eit lite land i verda. Saman med dei andre skandinaviske landa kan me få endå meir slagkraft og moglegheiter til å hevda oss internasjonalt. Me kan også samarbeida om næringsutvikling. Og kanskje om me står saman, klarer me å overtyda fleire store internasjonale selskap til å flytta forskings- og innovasjonsaktiviteten sin til Skandinavia, håpar Christine Wergeland Sørbye.

• Les meir om Oslo Science City i Uniforum: 

Universitetsstyret bør ta en mer aktiv rolle i Oslo Science City

Hvem bestemmer i Oslo Science City? – Det er jo ikke noe å lure på

Språkrådet ber Oslo Science City om å skaffa seg eit norsk namn

Erna Solberg håpar Oslo Science City kan gi grensesprengjande innovasjon

 

Emneord: Oslo Science City, Kunnskapsbyen i Oslo, Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 5. okt. 2023 04:30 - Sist endra 5. okt. 2023 11:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere