UiO kjem altså med nytt krav om sjølvforvaltning av tomtegrunnen på Nedre Blindern, som det i dag festar frå Opplysningsvesenets fond. I eit brev til Kunnskapsdepartementet ber toppleiinga på UiO om at desse festetomtene blir tatt ut av eigedomsporteføljen til fondet og overførte utan vilkår til Kunnskapsdepartementet og UiO.
Desse bygningane på Nedre Blindern står alle på tomter eigde av Opplysingsvesenets fond:
Farmasibygningen
Geologibygningen
ZEB- bygningen
Helga Engs hus
SiOs barnehage Bamsebo
Desse bygningane står delvis på tomtene til Opplysningvesenets fond:
Fysikkbygningen
Kjemibygningen
(Kjelde: UiO)
Denne gongen har UiO slått seg saman med både NTNU, Universitetet i Tromsø og Noregs miljø-og biovitskaplege universitetet som også ber om at dei tomtene som dei festar av Opplysningsvesenets fond, blir overførte utan vilkår til desse sjølvforvaltande universiteta og Kunnskapsdepartementet.
Krev sjølvforvaltning av festa tomter
Det var den 12. juni UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen sende eit brev til Kunnskapsdepartementet med ei formell oppmoding om å få driva sjølvforvaltning av tomtegrunnen på Nedre Blindern som UiO i dag festar av Opplysningsvesenets fond. Årleg betalar UiO 9 millionar kroner i leige til fondet for den tomtegrunnen som alle bygningane på Nedre Blindern med unntak av Svein Rosselands hus, står på.
Kjemibygningen, Fysikkbygningen, ZEB-bygningen, Geologibygningen og Helga Engs hus, er dei bygningane som står heilt eller delvis på denne tomtegrunnen.
Festeavtalen mellom UiO og Opplysningsvesenets fond:
- etter eit forlik i 2015 betalar UiO 9 millionar kroner i festeavgift årleg til Opplysningsvesentets fond
- avtalen er evigvarande, uoppseieleg og festeavgifta kan reforhandlast kvart trettiande år
- for den noverande festeperioden 2010-2040 vil UiO betala til saman 270 millionar kroner i festeavgift.
Aktuelt: UiO ber no Kunnskapsdepartementet om å løysa dei frå festekontrakten og overføra tomtene vederlagsfritt til staten v/Kunnskapsdepartementet slik at UiO kan forvalta dei på same måten som dei andre tomtene på universitetsområdet.
- ei vurdering frå Barne- og familiedepartementet går imot UiOs argument for å overta festetomtene gratis.
- UiO ber KD om å involvera alle dei sjølvforvaltande universitet og deira syn på modellen.
- KD ber UiO om å få med seg tre andre universitet på ein felles uttale om Opplysningsvesenets fond.
- no er også NMBU, NTNU og Universitetet i Tromsø med på oppmodinga om å overføra desse festa tomtene til dei aktuelle universiteta utan vilkår.
(Kjelder: UiO, Uniforum, Kunnskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet)
Også i fjor haust kom UiO med ein framstøyt til Barne- og familiedepartementet om å få overta desse tomtene vederlagsfritt eller i alle fall få sleppa å betala leige. Den gongen blei kravet avvist, og det blei vist til Grunnlovas paragraf 116 første punktum om Opplysningsvesenets fond. Der står det fylgjande: «Så vel kjøpesummer som inntekter av det gods som er benefisert geistligheten, skal anvendes til geistlighetens beste og til opplysningens fremme». Denne delen av Grunnlovas paragraf 116, blei oppheva samrøystes av Stortinget den 12. januar 2023. Også innstillinga frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen var samrøystes.
Meiner grunnlovsendring må få konsekvensar
Konsekvensen er at Stortinget også må endra lov om Opplysningsvesenets fond av 2021, fordi den byggjer på Grunnlovsparagraf 116 første punktum som no er oppheva, går det fram av brevet frå universitetsleiinga på UO.
Etter UiOs tolking står dermed Stortinget fritt til å gjera større endringar av lova som mellom anna å vedta ei ny organisering eller å avvikla Opplysningsvesenets fond.
Den 9. mars i år bad Kunnskapsdepartementet UiO om å senda inn eit brev på vegner av UiO, NMBU, NTNU og UiO for å fremja sine synspunkt på avtalen mellom dei og Opplysningsvesenets fond, før saka blir overført til Stortinget. Brevet frå rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen er svaret på det. Samtidig har kvart av desse universiteta også skrive eigne brev om saka til Kunnskapsdepartementet.
UiO-toppane viser i brevet til at ordninga med å festa tomter av fondet til bruk for universitetsformål er ein tradisjon som går langt tilbake. Festeavtalen blei opphavleg inngått i 1920, og den var evigvarande og kunne ikkje seiast opp av nokon av partane.
Eigde kyrkjelege eigedomar
Fram til skiljet mellom Staten og Den norske kyrkja var det Opplysningsvesenets fond som eigde og kontrollerte ein stor del av dei kyrkjelege eigedomane i Noreg.
Dette er Opplysningsvesenets fond (OVF):
Ei stifting som eig og forvaltar eigedomane og finanskapitalen til Den norske kyrkja.
Den blei oppretta i 1821 og forvaltar verdiar som historisk har vore knytte til presteembetet i Noreg. I 2021 blei desse verdiane rekna til 8,5 milliardar kroner.
I 2019 kom det ei Stortingsmelding om fondet som viser at verdiane bør delast mellom kyrkja og staten, sidan Statskyrkja blei oppheva i 2017 og blei ei folkekyrkje. Den nye lova begynte å verka frå 1. januar i år. Der går det også fram at staten forpliktar seg til å bruka ein sum tilsvarande dei verdiane som blir verande hos staten, til eit program for restaurering og vedlikehald av dei gamle kyrkjene i Noreg.
(Kjelde: Opplysningsvesenets fond)
Etter skilsmissen blei kyrkjer og andre bygningar som blei brukte til kyrkjelege formål, skilde ut og overførte vederlagsfritt til Den norske kyrkja. Det meiner UiO også bør skje med dei tomtene som fondet i dag festar bort til Universitetet i Oslo. I brevet peikar UiO-leiinga på at UiO i dag er den største inntektskjelda til Opplysningsvesenets fond på grunn av den årlege festeavgifta på ni millionar kroner.
Ni millionar til kjerneoppgåvene
For UiOs del vil ei overføring av tomtegrunnen føra til at dei blir underlagde dei same rettslege og forvaltningsmessige vilkår som gjeld for heile tomtegrunnen på UiOs campus. Unntaket gjeld dei tomtene som i dag blir leigde av Statsbygg. UiO meiner at dagens årlege festeavgift på ni millionar kroner heller bør gå til kjerneoppgåvene forsking, utdanning, innovasjon og formidling.
NTNU, NMBU og UiT festar viktige tomter av Ovf
NTNU festar i dag ei tomt på 22 dekar på Gløshaugen frå Opplysningsvesenets fond.
Der ligg Driftssentralen, Grønnbygget, Verkstedtekniske laboratorier og Materialtekniske laboratorier. I tillegg ligg Gløshaugen legesenter, som vert disponert av Studentsamskipnaden SiT, på tomta, går det fram av brevet NTNU har skrive til KD.
NMBU på Ås festar i dag Høyland prestegård i Sandnes frå Opplysningsvesenets fond.
Det utgjer 7 700 m2 bygningsareal og 565 dekar uteareal hvor det er avtale med Ovf. Uterealet har sidan 1961 blitt redusert fra 650 til 535 dekar.
Det siste universitetet som deltar i brevskrivinga til Kunnskapsdepartementet om festetomtene til Opplysningsvesenets fond, er Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet. Noregs nordlegaste universitet festar ca.23 372,8 m2 tomteareal frå Opplysningsvesenets fond fordelt på to ulike bruksnummer. Dei festa tomtegrunnane med Ovf knyter seg til Museets botaniske fagenhet (MBF) og Noregs arktiske universitetsmuseum. Tomtegrunnane vert brukte til museumsverksemd, forsking og formål knytte til dette, går det fram av brevet UiT har sendt til Kunnskapsdepartementet.
Nektar UiO innsyn i avtale
Eit anna viktig punkt som UiO-leiinga skarpt kritiserer, er det faktum at Opplysningsvesenets fond har selt ein del av den festa tomtegrunnen på Nedre Blindern til Marienlyst Utvkling AS, eit selskap eigd av Ferd Eiendom.
• Les også i Uniforum: Eiendomsgigant vil bygge på UiO-områder: Dette vet vi om planene
Opplysningsvesenets fond har stadfesta at avtalen finst, men sjølv om både UiO og Opplysningsvesenets fond er statlege og ligg under offentleglova, nektar Opplysningsvesenets fond å visa fram avtalen med Marienlyst Utvikling til Universitetet i Oslo.
Samtidig irriterer UiO-toppane seg over at Opplysningsvesenets fonds internadvokatar heller fører tvistar inn for domstolane i staden for å løysa dei gjennom forhandlingar, slik som er vanleg om UiO er ueinig med Oslo universitetssykehus, vert det trekt fram. UiO meiner haldninga til Opplysningvesenets fond på dette området er konfliktskapande.
I brevet avsluttar UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen med at dei ber Kunnskapsdepartementet senda brevet vidare til Barne- og familiedepartementet, slik at sistnemnde departement kan gi det vidare til den interdepartementale gruppa som ser på den framtidige organiseringa av Opplysningsvesenets fond.
• Les meir om UiO og Opplysningsvesenets fond:
Kunnskapsdepartementet ber fire universitet om felles syn på festeavtalar med statleg kyrkjefond
UiO får ikkje grønt lys til å overta festetomter på Nedre Blindern gratis
UiO vil ut av festekontrakt - kan spara 162 millionar kroner
Eiendomsgigant vil bygge på UiO-områder: Dette vet vi om planene
Staten vil gi Nedre Blindern til kirken
UiO inngår festeforlik med kyrkjestifting
Korrigerende svar til Uniforum
Logg inn for å kommentere