UiO vil ut av festekontrakt på Nedre Blindern - kan spara 162 millionar

UiO ber om at tomtene det festar av Opplysningsvesenets fond  på Nedre Blindern blir gitt vederlagsfritt til staten ved Kunnskapsdepartementet slik at UiO får ansvaret for dei. Direktøren for fondet er gjort kjent med at Barne- og familiedepartementet slår fast at festeavtalen med UiO er gyldig. 

SLUTT PÅ FESTINGA: UiO ynskjer ein slutt på festinga av tomtene til Opplysningsvesenets fond på Nedre Blindern. No ber UiO om at tomtene blir overførte vederlagsfritt til universitetet.  ZEB-bygningen (t.v.) og SiOs barnehage Bamsebo er to av bygningane som står på tomter UiO festar av Opplysningsvesenets fond. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I 2015 inngjekk UiO eit forlik med Opplysningsvesenets fond (OVF) om at UiO skulle betala ni millionar kroner i årleg avgift for dei tomtene dei festar på Nedre Blindern. Det skjedde etter at Opplysningsvesenets fond i 2011 først kravde ei leige på 16.64 millionar kroner. Då medan UiO fram til då hadde betalt 371 250 kroner årleg. UiO sende eit motkrav der det gjorde det klart at det ville kunna betala rundt 7. millionar kroner i året for tomtene. Då saka kom opp for retten kom  Opplysningsvesenets fond med eit krav om ei festeavgift på 54,375 millionar kroner. Forliket enda først i 2015 med at UiO måtte betala to millionar kroner meir enn det det opphaveleg gav melding om at det kunne betala. Kontrakten går til evig tid, og er uoppseieleg, men det er mogleg å reforhandla festeavgifta i 2040.

Desse bygningane på Nedre Blindern står alle på tomter eigde av Opplysingsvesenets fond:

Farmasibygningen

Geologibygningen

ZEB- bygningen

Helga Engs hus

SiOs barnehage Bamsebo

Desse bygningane står delvis på tomtene til Opplysningvesenets fond:
Fysikkbygningen

Kjemibygningen

(Kjelde: UiO)

 

• Les også i Uniforum: UiO fekk sjokkrekning for festetomter

UiO vil råda over tomtene sjølv

I eit brev universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen har sendt til Kunnskapsdepartementet, ber dei om at desse tomtene blir tatt ut av Opplysningsvesenets fond og vert overførte til staten ved Kunnskapsdepartementet slik at dei kan leggjast inn under sjølvforvaltinga til Universitetet i Oslo til liks med resten av eigedomane på universitetsområda.

- etter eit forlik i 2015 betalar UiO 9 millionar kroner i festeavgift årleg til Opplysningsvesentets fond

- avtalen er evigvarande, uoppseieleg og festeavgifta kan reforhandlast kvart trettiande år

- for den noverande festeperioden 2010-2040 vil UiO betala til saman 270 millionar kroner i festeavgift.

Aktuelt: UiO ber no Kunnskapsdepartementet om å løysa dei frå festekontrakten og overføra tomtene vederlagsfritt til staten v/Kunnskapsdepartementet slik at UiO kan forvalta dei på same måten som dei andre tomtene på universitetsområdet.

(Kjelde: UiO) 

Av brevet går det fram at av dei sju bygningane som UiO har på Nedre Blindern, står seks heilt eller delvis på tomtene til Opplysningsvesenets fond. Farmasibygningen, Geologibygningen, ZEB-bygningen og Helga Engs hus står på tomtegrunnen til OVF. Størstedelen av Fysikkbygningen og halvparten av Kjemibygningen gjer det same. Samla er det 70 000 kvadratmeter av heile bygningsmassen til universitetet. Dessutan står SiOs barnehage Bamsebo på ei tomt som UiO festar av Opplysningsvesenets fond, går det fram av brevet frå dei to toppdirektørane på UiO.

Vil ha overføring av tomter utan betaling av vederlag

Avtalen som UiO har med OVF i dag, begynte å virka frå 2010, og først i 2040, etter 30 år, er det mogleg å reforhandla festeavgifta. Universitetsadministrasjonen har rekna ut at fram til det året vil UiO ha betalt 270 millionar kroner i festeavgift til Opplysningsvesenets fond.

Dei to UiO-direktørane Arne Benjaminsen og John Skogen har også laga ei skisse over korleis ei overføring av festetomter til UiO kan gå føre seg. Dei viser til at det kan skje på dei same vilkåra som vert brukte når Den norske kyrkja i 2023 får overført kyrkjer og tomter, det vil seia utan betaling av vederlag. Dei viser til at dette kan skje på tilsvarande vilkår og trekkjer fram Grunnlovas paragraf 116 første punktum. Den inneber at Opplysningsvesenets fonds inntekter skal fordelast mellom kyrkja og opplysninga. – og ifylgje brevet frå UiO, var «opplysningen derav navnet Opplysningsvesenets fond – på sekulær side først og fremst Universitetet i Oslo», som altså blei grunnlagt i 1811.

Dei to toppleiarane på UiO meiner at dette er endå klarare når den grunnlovsparagrafen blir sett opp mot Lov om Opplysningsvesenets fond av 18. juni 2021 paragraf 7 andre punktum. Der går det fram at ein tredel av inntektene skulle gå «Til det norske Universitet». Det gjaldt fram til 1963. Men regelen i Grunnlovas paragraf 116 om at fondets inntekter skulle fordelast mellom kyrkja og opplysninga, blant anna universitetet, blei ikkje oppheva eller endra, går det fram av brevet frå UiO til Kunnskapsdepartementet.

Et bilde av Fysikkbygningen på Nedre Bliindern
DELVIS FESTA: Fysikkbygningen på Nedre Blindern er ein av universitetsbygningane som står på ei tomt som  Opplysningsvesenets fond eig over 80 prosent av og som UiO betalar festeavgift for. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Ikkje formålstenleg å betala pengar til eit offentleg fond

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen meiner dei har ein rimeleg grunn til å be Kunnskapsdepartementet om å få overta desse tomtene vederlagsfritt eller slutta å betala leige for dei.

– Det er for å løysa ut festet for tomtene til Opplysningsvesenets fond. Det er ikkje formålstenleg å betala pengar til eit offentleg fond, understrekar Arne Benjaminsen overfor Uniforum.

UiO har rekna ut at universitetet fram til 2040 vil spara 162 millionar kroner på å slutta å betala festeavgift for desse tomtene. Til og med i år har UiO til saman betalt 108 millionar kroner i festeavgift til Opplysningsvesenets fond rekna frå  då avtalen begynte å gjelda i 2010. 

Det er også ein spesiell grunn til at dei to UiO-direktørane skreiv brevet med oppfordring om å bli løyst frå festet i år.

– Reglane for når Opplysningsvesenets fond sine kyrkjebygg og tomter skulle tilfalla Den norske kyrkja går ut på at det skal skje i  2023. Bygningane vil då bli overførte vederlagsfritt. Då vil desse eigedomane tilhøyra kyrkja og ikkje lenger staten, fortel John Skogen.

 

PÅ NEDRE BLINDERN: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen (t.v.) og eigedomsdirektør John Skogen ber om at tomtene som UiO festar av Opplysningsvesenets fond blir overførte vederlagsfritt til staten v/Kunnskapsdepartementet, slik at UiO kan forvalta tomtene på same vilkår som anna tomtegrunn på universitetsområdet. Her står dei framfor Svein Rosselands hus, ein av bygningane som står på ei tomt som er eigd av UiO og staten. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– UiO betalar inn mest pengar til dette fondet

Og Arne Benjaminsen viser til historia.

– Inntil  1963 tok universitetet i mot økonomisk støtte frå Opplysningsvesenets fond for å driva opplysningsverksemd. Det var aller siste gongen det skjedde, peikar han på.

Og det tykkjer eigedomsdirektøren er eit paradoks.

– I dag er det UiO som bidrar til å finansiera Opplysningsvesenets fond. No er det altså snudd på hovudet. Og UiO er den institusjonen som betalar inn mest pengar til dette fondet, slår han fast.

UiO og Opplysningsvesenets fond møttest i retten i 2015 då dei inngjekk eit forlik om kor høg festeavgifta skulle vera. Då enda det altså med at UiO måtte betala ni millionar kroner i året i festeavgift for tomter som til saman utgjorde 46 dekar. 

John Skogen synest det er viktig at usemja vert avgjort juridisk.

– Er det rett at me som statsorgan skal bruka domstolane for å avklara dette? Om ikkje me avklarar dette no, kan det skje på nytt i 2040, understrekar han.

Dette er Opplysningsvesenets fond (OVF): 

Ei stifting som eig og forvaltar eigedomane og finanskapitalen til Den norske kyrkja.

Den blei oppretta i 1821 og forvaltar verdiar som historisk har vore knytte til presteembetet i Noreg.  I 2021 blei desse verdiane rekna til 8,5 milliardar kroner.

Fram til 1955 var ikkje prestane statslønna og var avhengige av inntekter frå prestegardane, som blei forvalta av Opplysningsvesenets fond.

Dette inngår i eigarskapen:

600 eigedomar fordelte på 357 kommunar.

Samla areal: 1 million dekar: 860 000 dekar skog og utmark og 8000 festetomter.

300 preste- og bispebustader og 163 landbrukseigedomar, til saman 1000 bygningar.

Fondets finanskapital er plassert i norske og utanlandske verdipapir og utlån til kyrkjelege formål.

I 2019 kom det ei Stortingsmelding om fondet som viser at verdiane bør delast mellom kyrkja og staten, sidan Statskyrkja blei oppheva i 2017 og blei ei folkekyrkje. Den nye lova begynte å verka frå 1. januar i år. Der går det også fram at staten forpliktar seg til å bruka ein sum tilsvarande dei verdiane som blir verande hos staten til eit program for restaurering og vedlikehald av dei gamle kyrkjene i Noreg.

Fondet har også dotterselskapa Clemens Eigedom med mellom anna 11 næringseigedomar og Clemens Kraft som produserer grøn energi gjennom drift av 49 småkraftverk.

(Kjelde: Opplysningsvesenets fond)

Har løyst seg tidlegare

Universitetet i Oslo har også festeavtalar med Statsbygg.

– Dei vil at me framleis skal festa tomta som Ole -Johan Dahls hus (Informatikkbygningen) står på. Det er ei separat sak, slår han fast.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen trekkjer fram at det har vore liknande tilfelle tidlegare.

 –Det har vore andre kontraktar om tomtefeste der det har løyst seg, slår han fast.

John Skogen kjem med eit døme.

– Då Nemkobygningen blei selt til UiO, stod den på ei tomt som Forskingsrådet eigde. Då UiO kjøpte bygningen, blei også tomta med eit pennestrøk overført til UiO, opplyser han.

– Når trur de at de får endeleg svar på brevet de har sendt til Kunnskapsdepartementet?

– Me håpar svaret kjem om ikkje så altfor lenge, svarar  Arne Benjaminsen.

Statsbygg vil festa tomt til UiO

Det er altså ei liknande sak på gang ein annan stad på universitetsområdet.

For i Gaustadbekkdalen står Ole-Johan Dahls hus (Informatikkbygninen) som er bygt på ei tomt som Statsbygg ynskjer å  halda fram med å festa til UiO. Akkurat no er UiO og Statsbygg i dialog om dette festeforholdet. UiO ynskjer å kutta ut også denne festekontrakten.  Kommunal- og distriktsdepartementet med støtte frå Kunnskapsdepartementet vurderte hausten 2020 festekontrakten som ikkje gyldig fordi det ikkje med bindande verknad kan inngåast avtale internt i staten om tomtefeste. Det viser UiO til i brevet til Kunnskapsdepartementet.

Heilt til slutt i brevet peikar universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen på at deira erfaring er at festekontraktar, også internt i staten, gjer langsiktig planlegging vanskeleg, skapar økonomisk uvisse og dessutan kan føra til ressurskrevjande tvistar. Dei avsluttar brevet med ei oppfordring om at tomtene på Nedre Blindern vert overførte til Universitetet i Oslo eller at festeavgift ikkje blir kravd for desse tomtene.

Brevet frå Universitetet i Oslo blei sendt til Kunnskapsdepartementet i juli. Der kom det på seniorrådgjevar Øyvind Johnsons bord. Sidan Opplysningsvesenets fond ligg under kyrkjesaker, blei brevet sendt vidare til Barne- og familiedepartementets forbrukar- trus- og livssynsavdeling. Det skjedde først den 13. september. Dit kom brevet frå UiO til vidare handsaming hos avdelingsdirektør Ellen Ur. Då Uniforum var i kontakt med henne 8. november, var vurderinga deira sendt vidare til Kunnskapsdepartementet. Men den 10.november var brevet enno ikkje kome på seniorrådgjevar Øyvind Johnsons bord i Kunnskapsdepartementet. 

Ikkje mogleg

Men administerande direktør Ole-Wilhelm Meyer i Opplysningsvesenets fond har derimot fått vita innhaldet i brevet frå Barne- og familiedepartementet. I fylgje Meyer meiner departementet at det ikkje er mogleg å overføra eigedom vederlagsfritt frå Opplysningsvesenets fond til Universitetet i Oslo. Det gjer han klart i ein epost til Uniforum: 

"Denne saken behandles av Barne- og Familiedepartementet (BFD). Opplysningsvesenets fond (OVF) er ikke involvert i saken med Kunnskapsdepartementet. Vi er imidlertid gjort kjent med at BFD har svart Kunnskapsdepartementet, og at BFDs konklusjon er at det ikke er anledning til å overføre eiendom fra OVF til UiO vederlagsfritt. Ifølge lov om Opplysningsvesenets fond er vederlagsfri overføring av eiendom og andre eiendeler begrenset til overføring til Den norske kirke. Videre er det kun eiendeler som har kirkelig verdi som kan overføres. BFD slår ellers fast at det ikke er grunnlag for å stille spørsmål ved gyldigheten av UiOs festeavtale med OVF", skriver Ole-Wilhelm Meyer i en epost til Uniforum. 

Uniforum har så  langt ikkje fått høve til å lesa det omtalte brevet frå Barne- og familiedepartementet. 

 

 

• Les meir om Opplysningsvesenets fond og UiO: 

Eiendomsgigant vil bygge på UiO-områder: Dette vet vi om planene

UiO inngår festeforlik med kyrkjestifting

Korrigerende svar til Uniforum

Står fast på sjokkrekninga til UiO

UiO fekk sjokkrekning for festetomter

 

 

 

Emneord: eiendom, Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. nov. 2022 04:30 - Sist endra 11. nov. 2022 13:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere