UiO får ikkje grønt lys til å overta festetomter på Nedre Blindern gratis

UiO får ikkje gjennomslag for ynsket sitt om å få overta tomtene det festar hos Opplysningsvesenets fond på Nedre Blindern utan å betala for dei. Det går fram av eit svar Barne-  og familiedepartementet har sendt til Kunnskapsdepartementet.

SEKS BYGNINGAR: Størstedelen av Fysikkbygningen står på ei  tomt som UiO festar av Opplysningsvesenets fond. Til saman står seks av dei sju universitetsbygningane på Nedre Blindern delvis eller heilt på tomter som UiO betaler festeavgift til Opplysningsvesenets fond for. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var den 11. november Uniforum kunne melda at UiO hadde bede Kunnskapsdepartementet om å greia ut om staten vederlagsfritt kunne overta tomtene UiO festar av Opplysningsvesenets fond på Nedre Blindern.   Dermed skulle UiO kunne få ansvaret for dei på lik linje med tomtene dei fleste andre universitetsbygningane står på.

• Les i Uniforum: UiO vil ut av festekontrakt på Nedre Blindern - kan spara 162 millionar

Gjeld berre for eigedomar med kyrkjeleg verdi

I eit brev Barne- og familiedepartementet har sendt til Kunnskapsdepartementet og som Uniforum har fått ein kopi av, går det klart fram at det ikkje vil vera mogleg for UiO å overta desse tomtene vederlagsfritt frå Opplysningsvesenets fond.

Det gjeld berre for dei eigedomane fondet har som har kyrkjeleg verdi, medan andre delar av grunnkapitalen i fondet ikkje kan gjevast bort eller brukast opp, er vurderinga i brevet Forbrukar-, trus- og livssynssavdelinga i Barne- og familieavdelinga har sendt til Kunnskapsdepartementet etter at UiO bad om ein slik gjennomgang i juli i år.

Desse bygningane på Nedre Blindern står alle på tomter eigde av Opplysingsvesenets fond:

Farmasibygningen

Geologibygningen

ZEB- bygningen

Helga Engs hus

SiOs barnehage Bamsebo

Desse bygningane står delvis på tomtene til Opplysningvesenets fond:
Fysikkbygningen

Kjemibygningen

(Kjelde: UiO)

Ville ha spart 162 millionar kroner i festeavgift

I dag har UiO ein avtale som går ut på at dei må betala 9 millionar kroner i året for dei tomtene det festar av Opplysningsvesenet fond fram til 2040. Først då kan prisen for festekontrakten reforhandlast, men avtalen er evig og uoppseieleg.

Om UiO hadde kome seg ut av avtalen i 2023, ville det har spart 162 millionar kroner i festeavgift, går det fram av eit brev som universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen sende til Kunnskapsdepartementet i juli i år. Sidan dagens festekontrakt gjeld frå 2010, vil UiO ha betalt Opplysningsvesenets fond 270 millionar kroner på dei 30 åra fram til festeavgifta kan regulerast på nytt i 2040, er eitt av argumenta dei to toppdirektørane brukar.

Seks bygningar på Nedre Blindern står på festa tomter

Av dei sju bygningane som UiO har på Nedre Blindern, står seks heilt eller delvis på tomtene til Opplysningsvesenets fond. Farmasibygningen, Geologibygningen, ZEB-bygningen og Helga Engs hus står på tomtegrunnen til Opplysningsvesenets fond (Ovf)  Størstedelen av Fysikkbygningen og halvparten av Kjemibygningen gjer det same. Dessutan står SiOs barnehage Bamsebo på ei tomt som UiO festar av Opplysningsvesenets fond, går det fram av brevet. Der vert det vist til at skiljet mellom staten og Den norske kyrkja, også gjer det naturleg å sjå på avtalen med Opplysningsvesenets fond med nye auge.

Festeavtalen mellom UiO og Opplysningsvesenets fond:

- etter eit forlik i 2015 betalar UiO 9 millionar kroner i festeavgift årleg til Opplysningsvesentets fond

- avtalen er evigvarande, uoppseieleg og festeavgifta kan reforhandlast kvart trettiande år

- for den noverande festeperioden 2010-2040 vil UiO betala til saman 270 millionar kroner i festeavgift.

Aktuelt: UiO ber no Kunnskapsdepartementet om å løysa dei frå festekontrakten og overføra tomtene vederlagsfritt til staten v/Kunnskapsdepartementet slik at UiO kan forvalta dei på same måten som dei andre tomtene på universitetsområdet.

- ei fersk vurdering frå Barne- og familiedepartementet går imot UiOs argument for å overta festetomtene gratis.

(Kjelder: UiO, Uniforum, Kunnskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet) 

– Reglane for når Opplysningsvesenets fond sine kyrkjebygg og tomter skulle tilfalla Den norske kyrkja går ut på at det skal skje i 2023. Bygningane vil då bli overførte vederlagsfritt. Då vil desse eigedomane tilhøyra kyrkja og ikkje lenger staten, fortalde John Skogen til Uniforum den 11. november

Og Arne Benjaminsen viste til historia.

– Inntil  1963 tok universitetet imot økonomisk støtte frå Opplysningsvesenets fond for å driva opplysningsverksemd. Det var aller siste gongen det skjedde, peika han på.

Begge brukte også Grunnlovas paragraf 116 første ledd som argument for at eigedommar eigde av Opplysningsvesenets fond skal overførast vederlagsfritt til UiO som ledd i delinga av fondet.

UiO får ingen støtte frå Barne- og familiedepartementet

Den vurderinga deler ikkje avdelingsdirektør Ellen Ur i Forbrukar-, trus- og livssynsavdelinga hos Barne- og familiedepartementet.

For det vil ikkje vera mogleg å overføra eigedom vederlagsfritt frå Opplysningsvesenets fond til Universitetet i Oslo innanfor dagens reglar. Det går klart fram av svaret  Barne- og familiedepartementet har gitt på førespurnaden frå Kunnskapsdepartementet.

I grunngjevinga frå avdelingsdirektør Ellen Ur heiter det at det ifylgje lov om Opplysningsvesenets fond er vederlagsfri overføring av eigedom og andre eigneluter avgrensa til overføring til Den norske kyrkja.  « Det er kun eiendeler i Ovf som har kirkelig verdi som kan overføres (jf. §5).  I §4 heter det at andre deler av grunnkapitalen i fondet (dvs. fondets eiendommer) ikke kan gis bort eller brukes opp. Det vil derfor ikke være anledning til å overføre eiendom vederlagsfritt til UiO innenfor dagens regler» , står det i brevet fra Barne- og familiedepartementet.

Dette er Opplysningsvesenets fond (OVF): 

Ei stifting som eig og forvaltar eigedomane og finanskapitalen til Den norske kyrkja.

Den blei oppretta i 1821 og forvaltar verdiar som historisk har vore knytte til presteembetet i Noreg.  I 2021 blei desse verdiane rekna til 8,5 milliardar kroner.

Fram til 1955 var ikkje prestane statslønna og var avhengige av inntekter frå prestegardane, som blei forvalta av Opplysningsvesenets fond.

Dette inngår i eigarskapen:

600 eigedomar fordelte på 357 kommunar.

Samla areal: 1 million dekar: 860 000 dekar skog og utmark og 8000 festetomter.

300 preste- og bispebustader og 163 landbrukseigedomar, til saman 1000 bygningar.

Fondets finanskapital er plassert i norske og utanlandske verdipapir og utlån til kyrkjelege formål.

I 2019 kom det ei Stortingsmelding om fondet som viser at verdiane bør delast mellom kyrkja og staten, sidan Statskyrkja blei oppheva i 2017 og blei ei folkekyrkje. Den nye lova begynte å verka frå 1. januar i år. Der går det også fram at staten forpliktar seg til å bruka ein sum tilsvarande dei verdiane som blir verande hos staten til eit program for restaurering og vedlikehald av dei gamle kyrkjene i Noreg.

Fondet har også dotterselskapa Clemens Eigedom med mellom anna 11 næringseigedomar og Clemens Kraft som produserer grøn energi gjennom drift av 49 småkraftverk.

(Kjelde: Opplysningsvesenets fond)

 

Meiner vurdering frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet ikkje gjeld

Heller ikkje spørsmålet UiO reiser om festeavtalen med Opplysningsvesenets fond er gyldig, får medhald i svaret frå Barne- og familiedepartementet. UiO viser i brevet sitt til eit brev frå det dåverandre Kommunal- og moderniseringsdepartementet  6. oktober 2020 om festeavgift mellom Statsbygg og UiO. I det brevet vert det vist til at staten ikkje kan leiga av staten. Konklusjonen blei at Statsbygg ikkje kunne halda fram med å festa bort tomta Ole-Johan Dahls hus står på til UiO.

I førespurnaden frå UiO til Kunnskapsdepartementet vert det også peika på at Opplysningsvesenets fond blei eit eige rettssubjekt frå 1. januar 2021 og kjem til å bli eit statleg fond frå 1. januar 2023.

Barne- og familiedepartementet peikar på at § 1 i lov 18. juni 2021 nr. 89 om at Opplysningsvesenets fond er eit eige rettssubjekt var ei vidareføring av rettstilstanden til fondet i lov av 7. juni 1986 nr 33 § 3. 

At festekontakten kan vera ugyldig fordi fondet blir statleg frå 1. januar 2023, meiner Barne- og familiedepartementet er ei feil framstilling.  «Den relevante sammenhengen her er ikke om fondet er statlig, men hvilken rettsstilling fondet har. Ovf er et eget rettssubjekt (fra 2021) og med eget regelverk for forvaltning av fondet. Det er ikke tatt stilling til om Ovf i framtiden skal bli en del av rettssubjektet staten eller ikke», står det i brevet frå Barne- og familiedepartementet. 

Det trekkjer også fram at Kommunal- og moderniseringsdepartementets vurdering gjeld «avtalerettslig forhold mellom to virksomheter innenfor staten som rettssubjekt»  Her vert det vist til formuleringa frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet der det heiter at «Et tomtefesteforhold er en avtalerettslig disposisjon som etableres mellom to parter/ulike rettssubjekter».

Ifylgje Barne- og familiedepartementet er det tilfellet i denne saka, «og KMD’s vurdering av forhold innenfor rettssubjektet staten kan etter vår oppfatning ikkje gjøres gjeldende for festeavtalen mellom Ovf og UiO», står det i brevet.

Dei to konklusjonane som blir trekte, er at det ikkje er høve til å overføra eigedom frå Opplysningsvesenets fond til UiO vederlagsfritt og at det heller ikkje er grunnlag for å stilla spørsmål ved om festeavtalen med Ovf er gyldig med bakgrunn i brevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Skal drøfta vidare strategi for forvaltning av Opplysningsvesenets fond

Når det gjeld korleis denne saka skal handsamast vidare, viser Barne- og familiedepartementet til Stortinget og Innstilling 209 S (2019-2020). Der ber Stortinget regjeringa koma tilbake til Stortinget med sak om vidare forvaltning av fondseigedomane som staten overtar.  Barne- og familiedepartementet opplyser at dette arbeidet vil starta opp i haust «og vil omfatte en strategi for videre forvaltning av Opplysningsvesenets fond etter at staten er blitt eier»,  går det fram av brevet.

Uniforum har bede universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirekør John Skogen ved UiO om ein kommentar til konklusjonen i brevet frå Barne- og familiedepartementet.  Men dei vil ikkje uttala seg i denne saka, før dei får ei formell tilbakemelding frå Kunnskapsdepartementet. Det gjer eigedomsdirektør John Skogen klart i ein epost til Uniforum.

• Les meir om Opplysningsvesenets fond og UiO: 

UiO vil ut av festekontrakt - kan spara 162 millionar kroner

Eiendomsgigant vil bygge på UiO-områder: Dette vet vi om planene

UiO inngår festeforlik med kyrkjestifting

Korrigerende svar til Uniforum

Står fast på sjokkrekninga til UiO

UiO fekk sjokkrekning for festetomter

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Bygninger, eiendom, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 23. nov. 2022 11:55 - Sist endra 23. nov. 2022 11:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere