Odontologi ventar framleis på nytt klinikkbygg på Gaustad

Odontologidekan Tiril Willumsen lengtar til den dagen då fagmiljøet kan flytta inn i nytt klinikkbygg der dagens Nemko-bygning ligg på Gaustad. – Førebels veit me ingenting om når, men eg tvilar på at det blir i denne dekanperioden.

Portrett av ei kvinne som står framfor ein universitetsbygning

MED FRAMTIDA I BAKGRUNNEN: Odontologidekan Tiril Willumsen ser fram til ei framtid der eit nytt klinikkbygg for odontologi har fått plass på tomta til Nemko-bygningen i bakgrunnen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I 2017 skreiv Uniforum om planane for bygging av nytt klinikkbygg for odontologi på tomta der Nemko-bygningen ligg i dag. Først uttalte dåverande instituttleiar Jan Eirik Ellingsen på Institutt for klinisk odontologi seg om kor viktig det var å få realisert desse planane og få lokalisert odontologimiljøa nærmare kvarandre samtidig som dei ville koma nærmare dei medisinske fagmiljøa og det planlagde livsvitskapsbygget på Gaustad.

• Les i Uniforum: Nemko-bygningen kan måtta vika plass for nytt klinikkbygg for OD

Eigedomsdirektør John Skogen varsla seinare det same året at dei samla kostnadane for bygget på 27 000 kvadratmeter ville koma på mellom 1 milliard og 1,5 milliardar kroner.

I framlegget til statsbudsjett for 2018 kom regjeringa med ei løyving på 10 millionar kroner til å laga eit forprosjekt for eit planlagt nybygg for klinikkane til Det odontologiske fakultetet. Pengane går til Statsbygg som skal bruka dei til mellom anna å organisera ein plan- og designkonkurranse.

– Dette er den aller første løyvinga til dette byggjeprosjektet. Slik har også andre store byggjeprosjekt ved UiO kome i gang, først med pengar til eit forprosjekt før dei etter kvart får ei startløyving som inneber at det blir gitt klarsignal for å setja i gang med å byggja. Det gjeld både for Vikingtidsmuseet på Bygdøy, Utstillingsveksthuset på Tøyen og for Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen, fortalde eigedomsdirektør John Skogen til Uniforum 31. oktober 2017.

• Les i Uniforum: Nemko-bygningen må jamnast med jorda for å gi plass til nytt klinikkbygg

Då rekna han med at bygginga ville kunne ta til i 2021 og ein ny klinikkbygning kunne stå ferdig i 2025.

– Var med i byggjekomiteen

Over fire år seinare er arbeidet med å byggja nytt klinikkbygg for odontologi enno ikkje kome i gang. Derimot er arbeidet med livsvitskapsbygg godt i gang, sjølv om dei etter to år framleis er bokstavleg talt berre i startgropa.

Uniforum tar med dekan Tiril Willumsen til Nemkobygningen, der ho også har vore tidlegare. – Ja, eg hugsar me var her og hadde møte i byggjekomiteen her for rundt 15 år sidan, då eg var representant for dei tilsette, fortel ho til Uniforum.

– Optimistiske

Sidan den gongen er det blitt laga eit konsept for det framtidige klinikkbygget, og det er bestemt at det skal byggjast der Nemkobygningen ligg i dag.

– Det er no opp til regjeringa kva som skjer, men det er i alle fall øvst på UiOs liste over prioriterte byggjeprosjekt. Derfor er me optimistiske og trur det skal bli til noko ein gong, seier Tiril Willumsen.

Ho trekkjer også fram arbeidet til Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Oslo.

– Dei har vore flinke til å hjelpa oss med å lata dei lokala me er i i dag vera heilt ok, samtidig som me har levd i mange år med tanken om at me snart skal flytta. Det påverkar oss, peikar ho på.

2022: – Eg sat som tilsettrepresentant i byggjeutvalet i 2006. Og då hadde eg trudd at me ville ha sete i nytt bygg i 2022, seier odontologidekan Tiril Willumsen. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Alle dei tilsette på Det odontologiske fakultetet tar det førebels ganske roleg.

– Me er opne, og om det skjer fort, blir me veldig glade. Men eg reknar ikkje me at det skjer i denne dekanperioden, for å seia det sånn, slår ho fast.

– Kanskje ein gong før 2030?

– Ja, det håpar me. Me er optimistiske og håpar det skal bli noko ein gong. Og me føler at Eigedomsavdelinga er veldig på og gjer det den kan. Det som blir fint for oss ved å koma hit, er at me vil koma tettare på både livsvitskap, preklinikk og Ferdigheitssenteret, og studentane våre kjem tettare på sjukehuset. Dessutan skal Tannhelsetjenestens kompetansensenter Øst leggjast hit, noko som gjer at me kjem tettare på tannhelsetenesta, understrekar ho.

Tiril Willumsen ser også fleire andre fordelar.

– Det som me ser enormt fram til, er å få vera tettare på alt, både når det gjeld undervisning og forsking. Det er ingen tvil om at det å liggja så langt utanfor campus som me gjer, det har ein del avgrensingar. Det er viktig å lett kunna vera fysisk saman, og framtida er tverrfagleg. Det er mykje me gler oss til, seier ho.

Når det gjeld spørsmålet om når fagmiljøet til odontologi kan koma seg ut av lokala i Geitmyrsveien og flytta inn i nytt klinikkbygg på Gaustad, overlet ho svaret på det til Eigedomsavdelinga på UiO.

– No er grunnarbeida på Livsvitskapsbygget godt i gang. Og vil det ikkje vera ein fordel for odontologi om bygginga av nytt klinikkbygg tar til før Livsvitskapsbygget er heilt ferdig?

– Det ville sjølvsagt ha vore ein fordel. Det er meininga at kantineområde og slike ting, også skal brukast av oss. Så derfor ville det ha vore ein fordel både for forskarane våre og studentane våre å ha kome inn i det miljøet, medan det er i ferd med å bli bygt opp, synest ho.

– Ei fantastisk tomt

Sjølv er ho svært nøgd med plasseringa av det framtidige klinikkbygget.

 –Tomta kan vel ikkje bli meir ideell. Eg reknar med at det blir fleire fagmiljø enn oss som skal inn på tomta. Det blir spennande å sjå, for det er ei fantastisk tomt, konstaterer ho.

Og kva som skal skje med bygningane i Geitmyrsveien når odontologi har flytta ut, er det førebels ingen som veit, heller ikkje dekan Tiril Willumsen.

– Nei, men me har jo naboar som Lovisenberg sykehus og Folkehelseinstituttet vegg i vegg. Så eg vil tru det vil bli ei ganske attraktiv bygningsmasse. Det ligg mellom Geitmyrsveien og Lovisenberggata, så det ligg ganske ideelt til for fleire andre funksjonar. Det blir ikkje noko stort problem å finna noko nyttig å gjera med dei bygningane, trur ho.

Helsefakultet fristar ikkje

– Og du er ikkje redd for at når odontologi kjem så nært Det medisinske fakultetet at det vil enda opp som eit helsefakultet?

– Ingen veit kva framtida vil bringa. Nei, me tenkjer at det som er viktig, er at me samarbeider godt alle me fire profesjonsstudia som er tenkt inn i noko sånt, noko me er einige om, understrekar ho.

– Ingen av dei som sit i leiinga ved desse fire profesjonsstudia er frista til å gå inn i det no, legg ho til.

Så langt finst det enno ikkje teikningar av korleis det ferdige klinikkbygget skal sjå ut. Så dei som held til i Nemkobygningen i dag treng heller ikkje førebu seg på å flytta ut av bygningen med det første.

– Førebels har me berre klar ein romfordelingsplan, fortel Tiril Willumsen.

– Det som er viktig for oss å få fram, er at me ynskjer oss eit nytt bygg, me ynskjer at det kjem. Det vil bli lettare og kunne gi god drift og få gode synergieffektar til fagmiljøa rundt oss, noko me ikkje har i dag i Geitmyrsveien, der me er heilt åleine. Me ynskjer i det heile tatt eit betre samarbeid med andre, peikar ho på.

– Har noko å sjå fram til

Tidlegare var ho meir optimistisk med tanke på kva år dei kunne flytta inn i nytt bygg.

– Eg sat som tilsettrepresentant i byggjeutvalet i 2006. Og då hadde eg trudd at me ville ha sete i nytt bygg i 2022. Det som er det fine med dette, er at me har noko å sjå fram til. Men me fiksar det nok, trur ho.

–  Gamle bygningar som der me er no, har liten fleksibilitet, me har nokre område som er for tronge, men også nokre med god plass, som til dømes store kontor, noko me truleg ikkje får i eit nytt bygg, trekkjer ho fram.

– No ventar me med roleg tolmod, slår OD-dekan Tiril Willumsen fast.

– Me har ikkje fått nokre signal

Uniforum har også vore i kontakt med eigedomsdirektør John Skogen for å høyra kor langt byggjeplanane har kome.

– Det må du nesten forhøyra deg om i politiske miljø. Me har ikkje fått nokre signal sidan me sende inn OFP-rapport (Oppstart forprosjekt) i 2020. Og det kom ikkje noko om prosjektet i statsbudsjettet for 2022, svarar John Skogen i ein epost til Uniforum.

KOM INGENTING: - Det kom ikkje noko om prosjektet i statsbudsjettet for 2022, konstaterer eigedomsdirektør John Skogen på Universitetet i Oslo.(Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Etter ei startløyving kor lang tid vil det ta før bygginga kan ta til?

– Frå Oppstart/forprosjekt vil det kunne ta minimum 5 – 6 år til bygget er ferdig, dersom det er eit saumlaust prosjektløp. Frå oppstartsløyving (etter ferdig forprosjekt) og KS  (Kvalitetssikring av konseptvalet) vil sjølve bygginga ta nærmare 3 år, opplyser han.

Håpar bygget er ferdig før 2030

– Trur du at bygget vil stå ferdig før 2030? 

– Me håpar på det.

– Og dei som jobbar i Nemkobygningen i dag, når må dei finna seg nye lokale? 

– Me ynskjer ikkje å spekulera i dette, men leigetakarane i Gaustadalleen 30 vil få beskjed om endringar i god tid, lovar han.

Men prisen på dei ferdige klinikkbygningane veit han førebels ikkje kva blir.

– Dette vil bli avklart/kalkulert i forprosjektet som enno ikkje har starta opp, presiserer han.

 – Kva vil skje med bygningane i Geitmyrsveien når odontologi har flytta ut? 

– Bygningane er eigde av staten ved KD og det vil vera ei samla vurdering når oppstartstidspunktet for OD-prosjektet er avklart, forklarar han.

 

• Les meir om byggjeplanane til odontologi i Uniforum:

Nemko-bygningen må jamnast med jorda for å gi plass til nytt klinikkbygg

Nemko-bygningen kan måtta vika plass for nytt klinikkbygg for OD

Odontologi kan få nybygg i Gaustadalleen

Emneord: Odontologi, byggeprosjekter, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. jan. 2022 14:57 - Sist endra 13. jan. 2022 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere