Nemko-bygningen kan måtta vika plass for nytt klinikkbygg for OD

I dag avgjer prosjektrådet for det nye klinikkbygget til odontologi på Gaustad om Nemko-bygningen skal rivast for å gi rom for eit nybygg eller om den skal rehabiliterast.

RIVING ELLER REHABILITERING? I dag avgjer prosjektrådet for nytt klinikkbygg for odontologi på Gaustad om Nemkobygningen skal rivast for å gi plass til nytt klinikkbygg, Alternativet er å rehabilitera bygningen.

Foto: Ola Sæther

Instituttleiar Jan Eirik Ellingsen på Institutt for klinisk odontologi er svært nøgd med alle fordelane eit nytt klinikkbygg i Gaustadalléen kan gi for aktivitetane

Fakta om Det odontologiske fakultetet:

OD er landets største fagmiljø for tannhelsefag med ca. 470 studentar og 450 tilsette. Fakultetet utdannar tannpleiarar, tannlegar, tannlege­spesialistar og forskarar.

Fakultetet gjennomfører 55 000 pasientkonsultasjonar kvart år som ein del av undervisning. OD står for størstedelen av norsk forsking på feltet.

Det nye bygget vil samla tannhelsefagmiljøa i Oslo. Tannteknikar­utdanninga skal overførast fra Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) til UiO. I tillegg vil Tannhelse­tjenestens kompetansesenter Øst (TKØ) samlokaliserast med OD. (Kjelder: Det odontologiske fakultetet, Uniforum)

på odontologi.

– Me er veldig glade for at me kan sjå fram til eit nytt klinikkbygg som vil ha mykje å seia for odontologiundervisninga, kompetanseoppbygginga og behandlinga av kompliserte pasientar i eit spesialistsenter, og for odontologisk forsking for langt tid framover, seier han.

Ellingsen legg heller ikkje skjul på kva alternativ han føretrekkjer.

– Eg håpar verkeleg dei landar på at det er behov for å byggja ein heilt ny klinikk frå grunnen av, seier Jan Eirik Ellingsen. Han peikar på fordelane ved å bestemma seg for eit nybygg i staden for rehabilitering av Nemko-bygningen.

– Når ein skal byggja ein bygning som skal vera designa for å fungera som eit funksjonelt klinikkbygg i fleire tiår, vil det vera ein stor fordel om arkitektane kan starta litt friare enn det ein kan, dersom rominndelinga allereie er sett, legg han til.

UiO kjøpte Nemko-bygningen for 305 mill. kr.

Det var i mars i fjor regjeringa tok ei endeleg avgjerd om at den framtidige klinikkbygningen til Det odontologiske fakultetet skal byggjast på tomta der Nemko-bygningen held til i dag. Ti månader tidlegare hadde Universitetet i Oslo kjøpt Nemko-bygningen frå Nemko for 305 millionar kroner, nettopp med tanke på ei vidare utbygging av forskings- og klinikkbygningar i området mellom Gaustad og Gaustadbekkdalen.

– Mest framtidsretta å byggja nytt

I juni 2016 fekk Statsbygg beskjed om å setja i gang med å laga eit skisseprosjekt av ein ny klinikkbygning langs Gaustadalléen i Oslo. – Det vil vera mest framtidsretta å byggja heilt nytt. Difor trur eg også prosjektrådet vil koma fram til den konklusjonen når dei avgjer spørsmålet seinare i dag, seier Jan Eirik Ellingsen til Uniforum.

Etter hans oppfatning vil flyttinga av dei odontologiske klinikkane frå Geitmyrsveien på Lindern til Gaustadalléen vera ein stor fordel for både dei tilsette, studentane og pasientane.

– Då vil odontologi koma midt mellom forskingsmiljøet på Rikshospitalet, det planlagde Livsvitskapssenteret og Forskingsparken. Samtidig vil me også vera i nærleiken til vårt eige Ferdighetssenter og Preklinisk odontologi på Gaustad, trekkjer han fram.

I ferd med å heildigitalisera profesjonen

Ellingsen viser også til at odontologi er inne i ei rivande utvikling både når det gjeld forsking og studium. – Me er i ferd med å gå frå å vera eit handverksfag med mykje manuelt arbeid til å bli ein heildigitalisert profesjon. Om kort tid håpar me også å få inn robotar, slik at tannlegestudentane kan få øva på tannbehandling hos robotar, som vil ha eit munnhol med tenner som kjennest akkurat ut som om dei hadde behandla levande personar, fortel Ellingsen.

Eldre har eigne tenner til dei døyr

Han peikar også på ei anna viktig utvikling innanfor tannhelsa:

– Dei aller fleste eldre personar har i dag tennene sine til dei døyr. Tidlegare brukte dei eldre nesten alltid gebiss, og kunne ta det ut og leggja dei i glas om natta. Då var gommane like fine og glatte heile tida. No har dei sine eigne tenner, men som gamle og sjuke kan dei ofte få problem med å produsera nok spytt. Det fører mange gonger til at dei får mange hol i tennene. Dette kan bli ei utfordring når dei gamle kjem på sjukeheim. Eit anna viktig poeng er at nesten ingen av dei unge har karies lenger. Dette er ei utvikling som me må ta høgd for når me utdannar framtidas tannlegar.

– Dette er eit resultat av dykkar eigen suksess?

– Ja, det kan du godt seia.

Kan halda fram med å vera leiande kompetansesenter i odontologi

I ein ny klinikk i Gaustadalleen ser han føre seg at alle delar av odontologien kan få ein større synergieffekt av kvarandre enn i dag. – Kvart år har me over 55 000 dagpasientar på klinikkane våre, og når me får flytta herifrå og dit, vil det også bli enklare å knyta saman, forsking, undervisning og pasientbehandling.

– Dessutan vil spesialistutdanninga av tannlegar gå føre seg på ein eigen spesialistklinikk der det blir høg kompetanse innanfor kompliserte behandlingar, og me vil ha kort veg til Rikshospitalet, og vonleg godt samarbeid med det odontologiske miljøet der som arbeider med kreftpasientar. Med ein heilt ny klinikkbygning kan me dessutan halda oppe posisjonen vår som det leiande kompetansesenteret innanfor odontologisk behandling, forsking og utdanning, slår han fast.

Ellingsen peikar også på ein ting som er lett å oversjå når det gjeld odontologisk forsking.

– Det er eit stort forskingsmiljø innanfor utvikling av biomateriale på OD. Mykje av utviklinga i ortopedi har skjedd innanfor odontologisk biomaterialforsking, fortel han.

Kan stå ferdig mellom 2022 og 2024

Når ein ny klinikkbygning står ferdig på tomta til Nemko-bygningen i Gaustadalléen i dag, vil den vera på 21 000 kvadratmeter. Førebels veit ikkje Jan Eirik Ellingsen når den kan stå ferdig.

– Forprosjektet kan vera ferdig i 2019. Det vil seia at innflyttinga i ein ny klinikkbygning kan skje ein gong mellom 2022 og 2024. For vår eigen del vil me håpa at bygginga av den odontologiske klinikken kan skje samtidig med utbygginga av livsvitskapssenteret, seier Jan Eirik Ellingsen.

SER FRAM TIL NYBYGG: Instituttleiar Jan Eirik Ellingsen ved Institutt for klinisk odontologi ser fram til å få flytta dei odontologiske klinikkane  frå Geitrmyrsveien på Lindern til nytt klinikkbygg i Gaustadalleen. (Foto: Martin Toft /Uniforum)

 

 

 

 

Emneord: Odontologi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2017 02:02 - Sist endra 24. jan. 2017 10:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere