Det var stappfullt i dei sentralt plasserte lokala i første etasje i Frederikkebygningen, då viserektor Mette Halskov Hansen og student Torill Finnbråten klipte over snora og opna Grønt kontor.
Til stades var også direktør for UiO:Energi og miljø Vebjørn Bakken, viserektor for utdanning Bjørn Stensaker og leiar for Studentparlamentet Oline Sæther. Under opninga fekk rundt 40 personar plass i lokala som til dagleg skal driftast av åtte studentkoordinatorar frå UiO. Dei vil ha kontortid kvar dag mellom 10.00 og 14.00.
– Meir berekraftige
Torill Finnbråten er masterstudent ved Senter for utvikling og miljø og har praksis gjennom eit internship på Grønt kontor.
– Dette studentdrivne kontoret skal gjera både universitetet og studentane meir berekraftige, fortel ho. Men ho er klar over at det er mange frivillige studentorganisasjonar som gjer ein god jobb innanfor dette området.
– Me vil vera ein del av UiO, og me kan hjelpa dei med ting. Nyleg kom det eit forslag frå Framtiden i våre hender om at studentar kunne byta mat med kvarandre. Til dømes om nokon har fått for mykje mat, og vil dela den med andre studentar, seier ho.
– Skal leggja press på UiO og studentane
Ein av dei studenttilsette koordinatorane er Søren Magnussen.
– Jobben vår blir å få til tiltak saman med studentorganisasjonane, og så skal me leggja press både på UiO og på studentane. Me tar imot idear frå både studentar og tilsette på UiO, minner Søren Magnussen om.
Toril Finnbråten er glad for at dei har fått til å etablera eit grønt kontor på UiO.
– Andre universitetet i Europa har allereie gjort det. No håpar eg at dette kan bli ein pilot for andre universitet i Noreg også, seier ho entusiastisk.
– Det beste vårteiknet
Viserektor for klima, miljø og tverrfaglegheit Mette Halskov Hansen var svært begeistra over realiseringa av eit grønt kontor i Frederikkebygningen.
– Eg er veldig glad for å vera her. Og då eg vakna i dag tidleg fann eg ut at det beste vårteiknet var at Grønt kontor skulle opnast i dag, sa ho.
Mette Halskov Hansen gav honnør til dei som står bak prosjektet.
– Både til de hardtarbeidande studentar, til Senter for utivkling og miljø og til dei åtte studentane som skal jobba deltid som koordinatorar her. Eg ser at de kjem frå ulike fagområde, og eg er svært glad for at de også har rekruttert så mange internasjonale studentar. Det er flott å sjå at dette lokalet no er blitt ein arena for arbeidet me skal gjera for klima og berekraft på UiO, sa ho.
Også direktør for UiO:Energi og miljø, Vebjørn Bakken var nøgd med det nye grøne kontoret for klimamedvitne studentar.
– Eg ser fram til å samarbeida med dykk og sjå kva resultat som kjem ut frå dette kontoret,
sa han.
– Få ting engasjerer studentane på UiO meir
Og leiar for Studentparlamentet, Oline Sæther syntest også det var eit godt tidspunkt å opna eit grønt kontor for studentar på UiO like etter at FNs klimapanel presenterte sin synteserapport sist måndag.
– Det er få ting som engasjerer studentane på UiO meir enn å jobba for å betra klimaet og miljøet. Den beste måten å gjera det på er jo at dei samlar seg i dette lokalet for å jobba saman. At det er stor interesse, viser også det faktum at det var 70 søkjarar til dei åtte deltidsstlllingane som studentkoordinator på Grønt kontor, slo ho fast.
• Les meir om klima i Uniforum:
FNs klimapanel: Verden kan passere 1,5 graders-målet mellom 2030 og 2035
Jussprofessoren frå UiO passar på at landa etterlever Paris-avtalen
100 demonstrerte for at politikarane skal ta klimatrugsmålet meir alvorleg
Forskarar og studentar med klimaprotest mot politikarane på Blindern
Derfor passer ikkje hjemmekontor som klimatiltak på UiO
Professor: Nedgangen i klimautslippene må komme før 2025
Klimarapporten: – Et nytt søkelys på gjennomgripende samfunnsendringer
FNs klimapanel advarer mot dramatiske klimaendringer
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere