Ho sa ifrå om rasisme -jusstudentane gav henne inkluderingsprisen

Då nokre av dei tilsette på ein asiatisk restaurant i Oslo  opplevde å bli utsette for rasistiske tilrop i fjor, greip jusstudenten Celine Song Mee Nilsen inn. Handlekrafta hennar er no blitt belønna med ein pris.

FEKK INKLUDERINGSPRIS: –Eg håpar det kan inspirera andre til å tora å seia ifrå og stå opp mot rasisme, seier Celine Song Mee Nilsen som er tildelt ein inkluderingspris av jusstudentane. 

Foto: Martin Toft

Det er fullt i auditorium 2 i Domus Juridica då representantar frå Juridisk studentutval, Foreininga for minoritetsjuristar på Det juridiske fakultetet og Antirasistisk senter kunngjer namnet på personen som er tildelt Studentane sin inkluderingspris for 2023. Den

Namnet som blir ropt opp er Celine Song Mee Nilsen. Ho går opp til podiet og rørt tar ho imot pris og blomar frå medstudentane sine, Nicholas Bertheau Solem, leiar for Juridisk studentutval og Bartlomiej Mioskowski, som er leiar for Minoritetsjuristane på Det juridiske fakultetet.

Studentane sin inkluderingspris:

- blir tildelt ein jusstudent  som har tatt initiativ til å motverka rasisme, rasediskriminering og intoleranse.

- den vert utdelt 21. mars som er Den internasjonale dagen for avskaffing av rasediskrimering. På denne datoen i 1966, blei 69 personar drepne i ein fredeleg demonstrasjon i Sør-Afrika. Dei protesterte mot passlovene i landet. 

(Kjelder:Studentenes inkluderingspris  og Det juridiske fakultetet)

– Blei utsett for grov rasisme

Etter utdelinga fortel Celine Song Mee Nilsen Uniforum meir om historia som ligg bak at ho blei nominert til denne prisen.

– Det var ei hending i  fjor sommar, då eg var på ein restaurant der personalet blei utsett for rasisme. Eg stod imot vedkomande og bad personen om å slutta. Då blei eg utsett for grov rasisme sjølv, i tillegg til at eg blei angripen fysisk. Så eg valde å melda det forholdet. Det er tatt ut tiltale for hatefulle ytringar, omsynslaus åtferd og kroppskrenking, fortel ho.

Og du angrar ikkje på at du melde denne personen til politiet for rasisme?

– Nei, eg er veldig glad for at eg gjorde det, og eg meiner at det var det einaste rette.

– Håpar det kan inspirera andre til å tora å seia ifrå

– Korleis var det for deg å få denne prisen frå dine medstudentar?

– Det var verkeleg ei stor ære. Eg er både takknemleg, overvelda, stolt og audmjuk. Eg synest det er så mange, fantastiske, hardtarbeidande jusstudentar på dette fakultetet som jobbar mot det same og som også fortener ein slik pris. Derfor er det ei stor ære å få den.

– Kva trur du den vil ha å seia for andre studentar og personar som opplever liknande ting?

–Eg håpar det kan inspirera andre til å tora å seia ifrå og stå opp mot rasisme. Dei vil sjå at det er det rette å gjera, sjølv om det er skummelt. Dei vil sjå at det blir tatt alvorleg av politiet og at det får konsekvensar, seier Celine Song Mee Nilsen til Uniforum.

Den tiltalte vil ikkje diskutera sak i media

Historia til Celine Song Mee Nilsen blei først kjent gjennom VG i november i fjor.

Kvinna som Nilsen melde til politiet er no  tiltalt for hatefulle ytringar, omsynslaus åtferd og kroppskrenking.

Advokaten hennar, Kim Ellertsen hos Elden Advokatfirma opplyser i ein epost til Uniforum at klienten hans ikkje vil gå ut i media.     

 – Saka skal opp i retten og min klient har fortsatt ikkje ønske om å meine noko om saka i media, uttalar Kim Ellertsen i eposten han har sendt til oss.

Han viser til at prisvinnaren også har brukt sosiale media til å framstilla klienten hans som dømt. Ellertsen peikar også på som eit faktum at delar  av prisvinnaren sine postar i sosiale media er tatt ned. Ellertsen viser til at det skjedde etter at det blei tatt kontakt med Facebook og fekk forklart at eit innlegg på deira plattform krenka personvernet til klienten hans. Då viser han til ein video av hendinga. som blei lagt ut  på sosialie media. Det meiner advokaten  er eit døme på brot på personvernet og i tillegg meiner han at det var eit brot på uskyldspresumpsjonen. 

– Dette er grunnen til at min klient ikkje ønsker å diskutera saka i media, gjer Kim Ellertsen klart overfor Uniforum

Den 14.og 15. juni kjem saka opp for Oslo tingrett.
 
(Oppdatering 11.04. 23 klokka 13:42:  Setninga "Ellertsen viser til at det skjedde etter at advokatkontoret hans tok kontakt og forklarte at dei krenka personvernet til klienten hans" er i samråd med Kim Ellertsen endra til  "Ellertsen viser til at det skjedde etter at det blei tatt kontakt med Facebook og fekk forklart at eit innlegg på deira plattform krenka personvernet til klienten hans". Korreksjonen blei gjort etter at Celine Song Mee Nilsens advokat påpeika at den første setninga kunne gi eit feil inntrykk av hendinga)

• Les meir om inkludering og rasisme: 

UiO-ansatt opplever seg fryst ut etter varsling

Forsker på hudfarge: Mener rasismeproblemet underdrives i Norge

NRK Super er tildelt Jonasprisen

Tibetanar vald til studentleiar i Canada i 2019  - fekk 11 000 hatmeldingar

 Mangfoldsrapport: – Ansatte nekter å snakke engelsk i møter

Paneldiskusjon om raseteori: – Norge er veldig hvitt

UiO-studenten Rawa Tilahun Yohannes demonstrerer mot rasisme i Noreg og i USA

"Black Lives Matter" : – Det er relevant overalt

Einige om at UiO kan grep for å få meir mangfald

Holberg-prisen til ledende rasimeforsker

 

 

 

Emneord: rasisme, diskriminering, Det juridiske fakultet, Priser Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2023 15:00 - Sist endra 11. apr. 2023 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere