Tibetanar vald til studentleiar i Canada i 2019 - fekk 11 000 hatmeldingar

Tibetanske Chemi Lhamo fekk 11 000 hatmeldingar etter at ho var blitt vald til studentleiar ved Toronto University i Canada. – “Du skal bli skoten og kulene skal bli laga i Kina” var ei av meldingane ho fekk. No åtvarar ho UiO om å samarbeida med Kina.

Portrett av ei kvinne

STOLT: – Eg vaks opp med tibetanske foreldre i India, og fekk høve til å gå på det beste kanadiske universitetet, der eg blei valt til studentleiar. Alt dette har gjort meg endå meir stolt over bakgrunnen min, seier Chemi Lhamo.

Foto: Martin Toft

I førre veke var Chemi Lhamo ein av menneskerettsaktivistane som deltok på Oslo Freedom Forum i byen der Tibets mest berømte person, Dalai Lama tok imot Nobels fredspris i 1989, det same året som massakren av demonstrerande studentar på Den himmelske freds plass i Beijing fann stad. Det var 18 år før Chemi Lhamo blei fødd av tibetanske foreldre i Nord-India. Seinare kom ho til Canada der ho har studert psykologi. Heile tida har ho vore stolt over den tibetanske bakgrunnen sin og vist det ved alltid å gå i ein tibetansk folkedrakt.

University of Toronto's Scarborough campus (UTSC) blei ho også kjent som aktivist for Tibet og tibetansk kultur og var medlem i organisasjonen “Students for Free Tibet”. Det førte henne også inn i studentpolitikken.

Og Chemi Lhamo hugsar godt det som skjedde dagane før ho blei valt til studentleiar.  

 – Dei første dagane av nyåret 2019 kunne eg ikkje vera saman med familien min fordi eg måtte vera på universitetet for å driva valkamp. Overalt gjekk eg rundt og bad studentar om å stemma på meg. Ei av hovudsakene mine var å kjempa for rettane til dei internasjonale studentane på Toronto-universitetet, og mange av dei hadde kinesisk bakgrunn, fortel ho til Uniforum. 

Stor opphissing i sosiale media

Til vanleg blir det klart kven som vinn studentvalet dagen etter valet. Denne gongen skjedde det noko uvanleg.

– Rett før valresultatet skulle kunngjerast, var det ei stor opphissing i sosiale media. Då eg skulle sjekka dei sosiale media eg brukar, var dei fulle av kommentarar på kinesisk, trugsmål og kinesiske lygner. Telefonen min ringte og ga konstant frå seg meldingssignal. Då eg såg at mange av desse meldingane var hamna på Instagramkontoen min, spurte eg på spøk om dette var hat frå Kina, og då var det nokon som svarte meg at faktisk så var dei til stades i Toronto. Utanfor studentkontoret var det mange studentar som stod og forklarte at dei var imot at eg stilte til val som studentleiar. Ingen visste valresultatet då, og dei var berre akkurat kome i gang med å telja stemmene, fortel ho.

– Moder jord var på mi side

Førespurnaden om å fjerna henne som kandidat gjekk likevel virtuelt  på nettet.

– Den hadde allereie fått 10 000 underskrifter og gjennomgangsmelodien var at “ho ikkje fortente å stilla opp i valet.” Så lever me i ei fri verd, og så kjem det slike meldingar. Tryggingspersonalet ved universitetet sa til meg at me måtte halda igjen kunngjeringa av valresultatet, for dei kjem til å bli endå sintare når det er klart at du ikkje berre stiller opp i valet, men også har vunne det, sa dei til meg, minnest ho. 

Chemi Lhamo forklarar at dei vanlegvis heldt seg rundt kontoret til Studentparlamentet der det også er ein studentpub.

– Denne gongen var også Moder jord på mi side, for det kom ein svær snøstorm som gjorde at me ikkje berre måtte stengja kontoret vårt, men også heile universitetet blei stengt. Det skjer ikkje ofte,  Det førte derimot til at det rant inn fleire hatmeldingar og trugsmål i sosiale media, hugsar ho.

 –Trur du det hadde noko å gjera med den tibetanske bakgrunnen din?

– Det ville overraska meg om det ikkje hadde noko å gjera med det. For det at eg blei lansert som leiarkandidat for Studentparlamentet, var ikkje tilfeldig. Eg hadde fram til då vore nestleiar. Då hadde eg måtte takla tema som rasisme, islamofobi, hat mot skeive og trakassering på campus. Eg hadde derfor alltid vore i fokus og til stades på store møte der eg hadde snakka om studentrettar, konstaterer ho.

Chemi Lhamo trekkjer fram at ho dessutan hadde tatt opp spørsmålet om korleis høgare utdanning er uoppnåeleg for veldig mange fordi dei må betala så mange tusen dollar for utdanninga si, og mange av studentane endar opp med høg gjeld. Ho viser til at situasjonen i Canada er heilt annleis enn i Europa.

– Ganske kjent

– Og eg har heile tida kjempa for studentrettar, samtidig som eg også har drive med studentidrett. Derfor var eg ganske kjent, seier ho. 

Chemi Lhamo undrar seg på kvifor dei til saman 11 000 som til slutt skreiv under på protesten, gjorde det dagen før valresultatet skulle kunngjerast og ikkje før.

– Alle dei kunne ha stemt, og då ville eg i alle fall ikkje ha vunne valet, seier ho med galgenhumor. Og på heile campus Scarborough er det 14 000 studentar. Ho trur ikkje at 11 000 av dei deltok i protesten mot henne.

– Nei, det var heilt sikkert nokre andre som stod bak, sjølv om nokon hevda at dette var kinesiske studentar som var svært nasjonalistiske. Den personlege erfaringa mi, var at kinesiske studentar kom bort til meg og sa “Chemi, ikkje gå inn i trøbbel med dei”. Eg veit ikkje om dei ville koma for å gi meg ein betre avtale, eller om dei ville åtvara meg og seia at dette var mykje farlegare enn det eg trudde. Nokre viste meg meldingar på ulike sosiale media med instruksjonar om kva studentar skulle gjera. Kven som står bak alt dette, veit me ikkje. Men eg trur det mest sannsynlege er den kinesiske ambassaden, hevdar ho.   

“Ei spontan handling av kinesiske studentar”

Ein gjennomgang av kanadisk media og media i Hong Kong stadfestar historia hennar. “Du vil bli skoten og kulene skal bli laga i Kina”og “Tibet er ein del av Kina” var to av meldingane ho fekk, ifylgje Hong Kong Free Press. Den kinesiske ambassaden i Canada kom aldri med nokon kommentar til påstanden om at kinesiske styresmakter stod bak. Men ifylgje det nasjonale kanadiske kringkastingsselskapet (CBC) kom det kinesiske konsulatet i Toronto med ein kommentar om at det var grunn til å tru at meldingane er skrivne som eit resultat av ei spontan handling av kinesiske studentar med grunnlag i objektive fakta og ein patriotisk entusiasme” ()

Problema ho hadde med dei kinesiske styresmaktene då ho blei valt til studentleiar, har ikkje hindra henne i å halda fram som aktivist for Tibet og tibetansk kultur. I tillegg har ho protestert mot at Vinter-OL blei lagt til Beijing i 2022.

– Gjort meg meir stolt over bakgrunnen min

– Familien min og slektningane mine i Tibet må heile tida gå gjennom slike ting. Dei blir trakasserte og fysisk mishandla både innanfor og utanfor landet mitt. Det skal ikkje stansa meg. Og eg veit kva dei vil; dei vil skremma oss og få oss til å teia stilt både innanfor og utanfor Tibet og skremma oss frå å krevja fridom. Eg vaks opp med tibetanske foreldre i India, og eg fekk høve til å gå på det beste kanadiske universitetet der eg blei valt til studentleiar. Alt dette har gjort meg endå meir stolt over bakgrunnen min. Det er dei kinesiske styresmaktene som har grunn til å bli skremde, meiner ho. Vervet som studentleiar varte i eitt år, altså fram til 2020.  No er ho vanleg student.

– Men eg vil alltid vera ein aktivist, garanterer ho.

 

DELTOK PÅ OSLO FREEDOM FORUM: Chemi Lhamo fortalte historia si om hatmeldingane ho fekk då ho blei valt til studentleiar for Toronto University's Scarborough campus i 2019 på Oslo Freedom Forum i førre veke. (Foto: Martin Toft) 

– Ver forsiktig

Då ho får vita at Universitetet i Oslo har etablert eit Fudan-europeisk senter for kinastudiar (FECCS) som dei overtok etter Københavns Universitet i 2021, blir Chemi Lhamo skeptisk og kjem med ei åtvaring.

– Ver forsiktig med det som de ynskjer dykk, når de gjer avtalar med den kinesiske regjeringa. Endåtil dei mektigaste av dei mektige som til dømes USA, har hatt problem med Kina.  Mange vanlege personar trur at USA er sterkt, men USA klarer ikkje å takla Kina. Kina har fått alt det har vilja, frå Sommarolympiaden i 2008 til Vinterolympiaden i 2022. Hamner over heile Sri Lanka er eigde av Kina. Delar av Afrika stemmer i FN for eit diktatur, sjølv om dei har opplevd kolonivelde, og går imot sitt eige folk. Kvifor? Fordi dei er kjøpte av Kina. Dei er blitt påverka av Kina. Først inviterer dei landa til ein partnarskap, så investerer dei i infrastrukturen og i høgare utdanning. Etter kvart vil dei diktera dei høgare utdanningsinstitusjonane i kva dei skal og ikkje skal undervisa i. No vil eg ikkje bruka Noreg eller Europa som eit godt døme, for de har inngått ein partnarskap med Kina, slår ho fast.

Chemi Llamo føler seg også svikta av sitt eige universitet.

– Toronto University kom ikkje med ei støtteerklæring til meg då eg melde trakasseringa på sosiale media til politiet. Saka blei behandla av dei kanadiske domstolane, og eg har vitna om det i det kanadiske utanriksdepartementet, men universitetet sa ikkje eit ord. Grunnen er at det er avhengig av inntektene dei får frå dei kinesiske studentane, konkluderer ho med. Toronto University svarer i Hong Kong Free Press via kommunikasjonsrådgjevar Don Campbell at vakttenesta på universitetet hadde vore i kontakt med Chemi Lhamo, og at dei overlet denne saka til politiet.

– Her kjem me ikkje utanom Kina

Uniforum tar Chemi Lhamos kritikk av at det er etablert eit kinesisk senter ved UiO opp med rektor Svein Stølen. Han meiner det er vanskeleg å koma unna Kina.

ER OPNE OM DETTE:  – Men me skal sjølvsagt ha eit kritisk blikk på typen samarbeid me inngår i, og me er opne om dette i dialogen med våre kinesiske partnarar, seier UiO-rektor Svein Stølen. (Arkivfoto: Martin Toft)

– Dei store globale utfordringane – klima, miljø, helse, ulikskap – krev medviten og gjennomtenkt samarbeid om forsking og utdanning på tvers av landegrenser. Her kjem me ikkje utanom Kina. Vårt syn er at akademisk samarbeid med kinesiske forskarmiljø er viktig, og for å få det til, må me ha avtalar med forskingsinstitusjonar, understrekar han.

– Skal sjølvsagt ha eit kritisk blikk

– Fryktar de at Kina vil krevja auka påverknad, slik Chemi Lhamo seier? 

– Me kan ikkje stoppa viktig forskingssamarbeid eller utveksling av studentar fordi me fryktar kva som eventuelt kan skje. Men me skal sjølvsagt ha eit kritisk blikk på typen samarbeid me inngår i, og me er opne om dette i dialogen med våre kinesiske partnarar.

– Så svaret er ja

– UiO arrangerer no fleire møte om protestane mot dei kinesiske styresmaktene i Hongkong og har reist Skamstøtta til minne om massakren på Tiananmen-plassen i tillegg til at de vil ha eit møte med augevitne til den tragedien. Vil det vera mogleg for UiO også å arrangera liknande møte om situasjonen i Tibet? 

– For ordens skyld: Det er Amnesty International som har sett opp skulpturen, mens UiO har gitt løyve til at den står på campus. Me har opp gjennom åra hatt mange arrangement om Tibet, organiserte av fagmiljøa – blant anna i samanheng med Tibet-nettverket, som fleire frå universitetet har vore involverte i. Me har hatt mange tibetanske PhD-studentar, samt forskarar som kan mykje om Tibet og situasjonen der, så svaret er ja. UiO tok også imot Dalai Lama i 2014, peikar Svein Stølen på.

• Les meir om Kina, Tibet og UiO i Uniforum:

Markerte "Skamstøtta" med lovord til alle som kjempar for menneskerettane

LEIAR: Uavhengige universitet må verna truga kunstverk

Universitet sender Kina-støtte tilbake etter at forskingssenter avviste overgrep i Xinjiang

Leiar for Kina-senteret: – Me må vera opne for kritikk

UiO sparkar no i gang Kina-senter i samarbeid med Fudan University

Fudan-European Centre for China Studies er klar til å flytta inn på UiO

No overtar UiO ansvaret for europeisk Kina-senter

Dalai Lama: – Dagens studentar må skapa fred i dette hundreåret

UiO-rektor møter Dalai Lama

Fransk Tibet-ekspert: – Den norske regjeringa bør møta Dalai Lama 

 

Emneord: Kina, Tibet, Menneskerettar, Akademisk fridom Av Martin Toft
Publisert 31. mai 2022 04:30 - Sist endra 31. mai 2022 15:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere