Dalai Lama: – Dagens studentar må skapa fred i dette hundreåret

– De som er generasjonen av det 21. hundreåret må jobba hardt for å skapa fred, var oppfordringa fredsprisvinnaren og menneskerettsaktivisten Dalai Lama kom med på eit møte for studentar og akademikarar på Chateau Neuf ved UiO i dag.

HJARTELEG MØTE: UiO-rektor Ole Petter Ottersen møtte Dalai Lama i Storsalen i Chateau Neuf i dag.

Foto: Ola Sæther

Det var kø frå Chateau Neuf og heilt ned til Politihøgskulen over ein time før Dalai Lama skulle delta på møtet i Arne Næss-symposiet. Storsalen i Chateau Neuf var difor stappfull då Tibets 79 år gamle fridomssymbol, den 14. Dalai Lama kom inn i rommet. Folk reiste seg, før han gjekk opp på scena og bad  UiO-rektor Ole Petter Ottersen setja seg i sofaen, medan han sjølv sette seg i stolen i midten. Der fekk Dalai Lama gode ord frå prosjektleiar ved Senter for utvikling og miljø Nina Witozsek og Håkon Søiland frå Kulturutvalet ved Studentersamfundet Chateau Neuf.

– Kom som ei rockestjerne

Det var UiO-rektor Ole Petter Ottersens oppgåve å helsa fredsprisvinnaren frå Tibet velkommen.

– Det  er ei stor ære for oss å ha med oss Dalai Lama i dag. Då du kom til Noreg i går, kom du som ei rockestjerne, ifylgje Aftenposten,  og i dag er du her som ein utsending for menneskeverdet  slo Ole Petter Ottersen fast.

– Arne Næss var ein filosof med stor påverknad på oss alle. Han sette spor etter seg i det norske samfunnet i så stor grad at me følte me vaks opp med han. Næss var internasjonalt kjent som miljøvernforkjempar, naturvernar og talte om naturen som ein verdi i seg sjølv. . Mange av desse karakteristikkane passar også for Dalai Lama. Og Arne Næss var påverka av Dalai Lama, og han skreiv artiklar om gestalttenking og buddhisme, trekte han fram.

– Å ta ansvar for morgondagens verd er viktig. Me utdannar morgondagens leiarar. Globale utfordringar står framfor oss, og dei må universiteta ta ansvar for. Me må ta ansvar for ei berekraftig utvikling både når det gjeld miljø og andre spørsmål på jorda, sa Ottersen.

Norske politikarar valde interesser

 UiO-rektoren kom også inn på haldninga til norske politikarar som nekta å møta Dalai Lama på grunn av press frå Kina.

– Mellom verdiar og interesser, valde demokratisk valde norske politikarar interesser. Avgjerda blei ikkje støtta av  det norske folk, og heller ikkje av Universitetet i Oslo. Det viser at dei set pris på ytringsfridom. Vitskap kjenner ingen grenser. Difor håpar me å halda oppe det gode samarbeidet med kinesiske universitet og halda fram med den gode akademiske dialogen med Kina. Dalai Lama set ikkje-vald framfor vald. Han er synonym med kampen for fred og menneskerettar. I kampen for fridom, har han tatt til orde for fredelege metodar i staden for boikott og vald. Slik er han eit godt døme for oss alle. Det er ei  stor ære for meg å ynskja Dalai Lama velkommen til Chateau Neuf og Universitetet i Oslo, sa han til stor applaus, og overlet plassen sin på podiet til Dalai Lama.

– Kjære rektor, brør og systre!  Eg ser det som ei stor ære å møta studentar ved dette berømte universitetet. Tusen takk skal de ha! , sa han.

–Eg føler meg svært lykkeleg, og prøver å  sjå framover. Fortid er fortid, me kan ikkje læra noko anna enn at me har får litt meir erfaring. Framtida er på ein måte i rommet, og det er avhengig av notida og ansvaret for å skapa ei lykkelegare framtid.  Om me arbeider hardt, kan dette hundreåret bli eit lykkeleg og fredeleg hundreår. Nyskaping og ny teknologi, vidare utvikling av vitskap. Det førre hundreåret var det mest valdelege hundreåret i historia til menneskeslekta,  heile 200 millionar personar  blei drepne på grunn av krig og vald, oppsummerte han.

– Det 21. hundreåret må bli fredeleg

–Me må hindra at dette hundreåret blir like valdeleg, og gjera det me kan for at det skal bli eit fredeleg hundreår. Me må difor ta vare på vår eiga framtid. Dei som er over 50 år, tilhøyrde det 20. hundreåret. Alle de andre tilhøyrer det 21. hundreåret.  De kan skapa ei meir fredeleg verd gjennom å ynskja det og be om det, meinte Dalai Lama.  Og for han begynner fred med kvart individ.

– Fred, både indre fred, fredfull familie og fredfullt samfunn.  Alle må ha indre fred, og deretter arbeida hardt for at mange personar, mange millionar personar saman kan skapa fred.  Fred må skapast innanfrå, frå kvart individ og ikkje av regjeringar.  Eg møter alltid folk, emosjonelt, fysisk, og mennesket er likt overalt.  De som er generasjonen av det 21. hundreåret må jobba hardt for å skapa fred, var appellen Dalai Lama kom med til studentane.

– Me er alle menneske

 Mannen som blir sett på som ein heilag mann av tilhengjarane sine, vil heller bli behandla som eit vanleg menneske.

Fakta om Dalai Lama:

Tenzin Gyatso (fødd 6. juli 1935 i Taktser i Amdo-provinsen i Tibet) er den fjortande og noverande Dalai Lama,

-blei innsett som Tibets statsoverhovud i 1950, då han var 15 år gammal, samtidig som Tibet var okkupert av Folkerepublikken Kina.

-flykta til India i 1959, der han har budd i fjellbyen Dharamsala i Nord-India fram til i dag.

-blei tildelt Nobels fredspris i 1989 for den ikkje-valdelege kampen han har ført for det tibetanske folket sitt krav om frigjering og auka sjølvstyre innanfor Kina.

-er hovudgjest på Arne Næss-symposiet i Chateau Neuf torsdag 8. mai.

-den norske regjeringa har fått beinhard kritikk for å ha avvist å møta Dalai Lama under Noregsbesøket.(Kjelder: Wikipedia, Det norske Nobelinstituttet, NRK, VG, Dagbladet, Aftenposten)

–Når eg snakkar med ein person, er me likeverdige, eg vil ikkje at folk skal oppføra seg annleis mot meg berre fordi eg er Dalai Lama. Dei skal ikkje bli nervøse av den grunn.  Det viktige er at me er menneske. Me må føla oss meir som menneske, syntest han.

Fortel vitsar til japanarane

Så lo han på nytt  og fortalde ei historie frå Japan.

–For ei stund sidan var eg i Japan. Når eg møter japanarane snakker eg med dei på vennskapleg vis, og dei ser alvorleg på meg. Eg fortel alltid nokre vitsar for at dei skal begynna å le. Det er alltid best, sa han og skratta godt, før han sette seg ned igjen.

Seansen i Chateau Neuf blei avslutta med ein dialog mellom den amerikanske filosofen David Abram og Dalai Lama saman med  studentane Andreas Færøvig Olsen, Jonathan Grevstad Lindholt, Jørn Kløvfjell Mjelva og Gabrielle Legrand Gjerdset.

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar, Kina Av Martin Toft /
Publisert 8. mai 2014 15:44 - Sist endra 9. mai 2014 00:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere