UiO-studenten Rahwa Tilahun Yohaness demonstrerer mot rasisme i Noreg og i USA

I dag protesterer African Student Association framfor Stortinget mot rasisme i politiet i USA og Noreg. UiO-studenten Rahwa Tilahun Yohaness  står i fremste rekkje.  – Dette er ei viktig sak, synest ho.

Ei kvinne står ved sida av måleriet av ei anna kvinne

IKKJE GREITT:  – Ja, alle som er litt medmenneskelege tykkjer at det ikkje er greitt at nokon skal knela på nokon i 8 minutt og 45 sekund slik at det einaste George Floyd får fram er “I can’t breathe” eller “Eg får ikkje pusta”, seier Rahwa Tilahun Yohaness. I dag deltar ho i demonstrasjonen mot rasisme framfor Stortinget.  Måleriet er av ei kvinne som blei drepen av politiet. (Foto: Martin Toft)

Foto: Martin Toft

Afroamerikanaren George Floyd blei drepen av ein politimann  i  Minneapolis i førre veke. Han døydde av oksygenmangel etter at ein kvit politimann hadde pressa kneet sitt mot halsen hans i nærare ni minutt. Dei siste orda hans “I can’t  breathe”, er no blitt eit  felles slagord for demonstrasjonar mot rasisme i politiet både i USA, Frankrike, Sverige og i Noreg.  

Klokka 17.00 i ettermiddag samla 50 demonstrantar seg framfor Stortinget for å protestera mot rasisme i politiet både i USA og i Noreg. Det er maksimumstalet på kor mange som kan samla seg på grunna av smittefaren frå koronaviruset.  Andre personar dannar ein ring med minst ein meter avstand mellom kvar for å protestera mot rasismen.

Eit par timar før demonstrasjonen skulle begynna, tok Uniforum ein prat med Rahwa Tilahun  Yohaness som er student i internasjonale studiar ved UiO og styremedlem i African Student Association ved UiO. Det er den organisasjonen som har tatt initiativet til dagens demonstrasjon.  Då me kom, var ho i gang med å få på plass dei siste brikkene i logistikken før demonstrasjonen skulle haldast.  

– Politiet treng ikkje kvittera for stans og kontroll

Rahwa  Tilahun Yohaness viser til at også i Noreg har folk som er brune eller svarte opplevd dårleg behandling frå politiet.

- Det er mykje svart profilering og stopp og kontroll av politiet utan at dei treng å kvittera for det. Det skjer oftare med brune og svarte folk enn med andre. Dei blir automatisk sett på som farlege eller kriminelle.  På den måten opplever mange unge med annan etnisk bakgrunn politiet som ein reiskap for å skapa frykt og ikkje som eit symbol på vern. Dei blir kroppsvisiterte og trakasserte. Det er ikkje greitt, så dei har levert inn masse klagar til politiet.  Sidan det blir politiets ord mot den personens ord, så er det ikkje så mykje me kan gjera, konstaterer ho.  

Rawha Tilahun Yohaness  fortel at African Student Assosication derfor støttar kampanjen Organisasjonen mot offentleg diskriminering (OMOD)  har sett i verk for å få innført eit system der politiet må gi ei kvittering kvar gong dei har stansa nokon eller kontrollert nokon på gata.

Sjølv om drapet på George Floyd skjedde i USA, meiner ho det også finst ting å gripa tak i i Noreg.  

-Me har ein masse problem både her i Noreg og i USA. Det er forskjellige kontekstar, men det er også naudsynt med dialog her, seier ho.

– Universiteta gjer om rasismeprat til identitetspolitikk

Og universiteta går heller ikkje fri for skuldingar om ikkje å vilja diskutera rasisme.  

– Alt av rasismeprat og kvoteringsprat vert gjort om til identitetspolitikk. Folk ser på det som eit åtak i staden for som ein konstruktiv samtale, som er det me vil ha. Me vil byggja ein konstruktiv dialog mellom dei som ikkje nødvendigvis er klare for det og styresmaktene for å få vist fram dette problemet, fortel ho.

– Bør høyra etter kva folk seier

– Har situasjonen i Noreg blitt betre eller verre dei siste åra?

– Det kjem an på kven du spør. Om du tenkjer på arbeidsforhold, så er det framleis mykje diskriminering og fordommar og masse mindre aggresjonar.  Både den svarte befolkninga i Noreg og majoritetsbefolkninga i Noreg har vore på sosiale media og uttrykt så mykje dei siste dagane om korleis rasisme blir opplevd her i landet, så det finst mange former for det. Eg kan koma med mange historier om det. Det skjer også blant afrikanske studentar som tar høgare utdanning i Noreg. Så lenge ingen opplever det som eit trugsmål mot deira posisjon i samfunnet eller som eit personleg åtak fordi dei ikkje ser at det eksisterer, så bør dei høyra etter kva folk seier, er oppfordringa ho kjem med. 

– Covid-19-situasjonen har fått folk ut på gatene

No er det politiet sitt drap på afroamerikanaren George Floyd i Minneapolis som har fått både USA og resten av verda til å protestera. Liknande drap har skjedd tidlegare i USA.

Rahwa  Tilahun Yohaness trur at Covid-19-situaruasjonen er ein av dei tinga som har fått akkurat det drapet til å få folk til å gå ut i gatene for å protestera. 

– Det som gjer dette litt unikt i USA er at Covid-19-situasjonen gjer det svært ille. Så folk er leie av den og går ut og demonstrerer, trass i at det er ein reell fare for at dei kan bli smitta. Og om du ser på videoen, er den svært dramatisk og påverkar veldig mange.  Ja, alle som er litt medmenneskelege tykkjer at det ikkje er greitt at nokon skal knela på nokon i 8 minutt og 45 sekund slik at det einaste George Floyd får fram er “I can’t breathe” eller “Eg får ikkje pusta”, trekkjer ho fram.

– Videopptaket av drapet på skapte merksemda

Etter hennar meining er det heilt idiotisk at politiet i USA gong etter gong drep svarte personar.

– Dette kan ikkje halda fram. Og i løpet av dei siste vekene er det mange andre som er drepne, også kvinner, konstaterer ho.

– Dei andre sakene får ikkje så stor merksemd for dei blei ikkje filma og publisert i  media. Det viser at svarte liv ikkje har nokon verdi. Derfor vil folk demonstrera.  Og når det gjeld kvifor drapet på Georg Floyd har vekt så stor merksemd, er det nettopp fordi nokon tok det opp på video, dokumenterte det og spreidde det på sosiale media. Mange er også frustrerte over korleis dei har blitt behandla av helsetenesta i USA og dei har sett at mange fleire svarte får og døyr av Covid-19 enn det som er tilfellet for andre, seier ho.

– Korleis har responsen vore på dagens demonstrasjon framfor Stortinget?

– Me er overvelda av all den støtta med har fått. Det er me takksame for. Folk må likevel hugsa på at ein demonstrasjon ein dag ikkje hjelper saka.  Dei må halda fram med å engasjera seg i samtalen og dialogen og vurdera kva det er ved systemet som produserer slike strukturar.

– Folk er sinte og svært engasjerte

Demonstrasjonen får berre ha 50 personar til stades på grunn av smittefaren frå Covid-19-viruset. Det har dei likevel løyst.

– Me har prøvd å tilpassa oss så godt som me kan. Folk er sinte og svært engasjerte og vil koma dit uansett kva me seier. Men me har gjort det mogleg for folk å strøyma demonstrasjonen på Facebook live. Me har alt klart det, så dei kan fylgja med heimanfrå.  Dei kan delta i den internasjonale kampanjen. Og me kjem til å posta det slik at det kan sjåast over alt.  Så alle kan eigentleg delta, sjølv  om dei ikkje er i Oslo, slår   Rahwa  Tilahun Yohaness fast.

– Nettopp på grunn av Covid-19, oppfordrar me folk til å halda seg heime for å sjå på det via internett, gjerne i grupper på opptil 20 personar, slik at dei held seg til råda frå styresmaktene, legg ho til.   

DEMONSTRERER MOT RASIME: Ein skjermdump frå strøyminga av demonstrasjonen mot rasisme i politiet i USA og Noreg framfor Stortinget i ettermiddag. (Skjermdump) 

 

Emneord: USA, diskriminering, trakassering Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2020 17:41 - Sist endra 5. juni 2020 19:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere