DEBATT: «Idiberug» på Svingerudsteinen kan ikkje vera eit kvinnenamn

Det viktigaste argumentet for å avvisa at det kan dreia seg om eit kvinnenamn, er at det ikkje finst andre nordiske personnamn med føreleden idi-, norrønt ið- , skriv språkprofessor. 

IKKJE KVINNENAMN: Idiberug på Svingerund-steinen kan ikkje vera eit kvinnenamn, skriv professor Klaus Johan Myrvoll ved Universitetet i Stavanger. Biletet er av Svingerud-steinen som no blir rekna som verdas eldste. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er sjølvsagt eit storhende når det dukkar opp nye runeinnskrifter i det eldre runealfabetet. Kulturhistorisk museum (KHM) sleppte 17. januar nyhendet om at ein runestein er komen for dagen i eit gravfelt ved Svingerud i Hole på Ringerike. Steinen er datert arkeologisk til mellom år 0 og 250 e.Kr., og det gjer han til den eldste runesteinen som hittil er funnen.

Runolog Kristel Zilmer ved KHM presenterer nyfunnet i eit intervju med Uniforum og gjer greie for den tydelegaste innskrifta på steinen, som ein òg på bileta i saka lett kan lesa som idiberug med eldre runer. Zilmer slær utan vidare fast at det må vera ei «namneinnskrift», og at innskrifta på steinen er «på eit urgammalt språk, forløparen til urnordisk». Ho tolkar innskrifta som eit kvinnenamn, «Idibera», og at teksta kan tyda «for Idibera» eller «til Idibera», men nemner òg andre framlegg til tolkingar: «namna Idibergu/Idiberga eller slektsnamnet Idiberung». I alle desse framlegga skal det altso vera eit namn.

Den skrivemåten som står på steinen, idiberug, gjev diverre ikkje meining som nominalform på urnordisk

Det er ein del å seia til dette:

1) Det er ingen ting med sjølve innskrifta eller funnet som tilseier at dette må vera ei «namneinnskrift». Det kunne til dømes dreia seg om eit vanleg substantiv (appellativ) eller jamvel ei verbform.

2) I mange framstellingar vert den urnordiske språkperioden rekna frå ca. 150 e.Kr., men denne dateringa er einast basert på at den eldste innskrifta som til no er funnen i urnordisk språkform, på kammen frå Vimose på Fyn, er datert til ca. 160 e.Kr. Det er soleis ikkje noko språkleg i vegen for å rekna med at den urnordiske perioden strekkjer seg lenger attende i tida – om ein som no finn eldre innskrifter. Ein bør difor ikkje gå ut frå at innskriftene på den nyfunne runesteinen er i «eit urgammalt språk, forløparen til urnordisk», men freista å tolka dei som urnordiske i samsvar med det me veit om urnordisk språk frå andre runeinnskrifter og ikkje minst frå historisk-komparativ språkvitskap.

3) Den skrivemåten som står på steinen, idiberug, gjev diverre ikkje meining som nominalform på urnordisk – ja, ikkje som urnordisk ord i det heile –, av di han vantar ei av dei vokaliske endingane som er so karakteristiske for urnordisk, men endar på ein g. Jamfør t.d. med den velkjende innskrifta på gullhornet frå Gallehus: ek hlewagastiR holtijaR horna tawido (‘Eg HlewagastiR frå Holt/holtet gjorde hornet’), der alle orda utanom pronomenet ek endar på ei trykklett staving som inneheld vokal, pluss eventuell -R; eit urnordisk ord kan derimot ikkje enda på trykklett vokal + -g. Sekvensen berug, som ein kunne freista å knyta til verbet bera, gjev heller ikkje isolert meining innanfor det urnordiske nominalsystemet, med ein uventande u føre suffikset -g- som på dette tidlege tidspunktet ville krevja ein u-stomn som base (som i norrønt siðugr ‘sedeleg’ av u-stomnen siðr ‘sed’). Det synest difor naudsynt å rekna med ein ristefeil, om ein vil lesa noko språkleg meiningsfylt ut av innskrifta i det heile. Eg vil her leggja fram ei språkleg tolking som tek utgangspunkt i ei retting til idibergu, som òg Zilmer nemner som mogeleg tolking i intervjuet med Uniforum. Det finst parallellar til slike feilristingar i runeinnskrifter.

Men trass i etterleden kjem ei namneform likevel ikkje på tale i innskrifta på Svingerudsteinen

4) Det er rimeleg å rekna eit urnordisk idibergu som ei samansetning med to leder, føreleden idi- og etterleden -bergu. Føreleden idi- kan snautt vera noko anna enn den me finn att i m.a. norrønt iðgjǫld ‘attergjeld, vederlag’ og som reint forsterkande i iðgnógr ‘sers rikeleg’, og som det finst parallellar til på andre germanske språk, m.a. gamalengelsk og gamalhøgtysk (sjå vidare i Harald Bjorvands og Fredrik Otto Lindemans etymologiske ordbok Våre arveord, siste utgåve frå 2019). Føreleden - ser opphavleg ut til å tyda ‘atter, (i)gjen’, og eit spor etter denne opphavlege tydinga har me i hokjønnsordet ide ‘bakevje, straumkvervel’, òg kjent i forma uddu frå trøndsk. Etterleden kan på si side vera nominativ eintal av ein feminin ō-stomn bergu, ein av dei vanlegaste typane hokjønnsord i urnordisk. Dette hokjønnsordet har eit direkte kognat i norrønt bjǫrg ‘berging’, som heng saman med verbet berga, og som me lenge har visst lyt rekonstruerast *bergu på urnordisk. Dette er elles det same ordet som ligg til grunn for den moderne namneforma Bjørg og som me finn som etterled i namn som Ingebjørg og Arnbjørg. Men trass i etterleden kjem ei namneform likevel ikkje på tale i innskrifta på Svingerudsteinen.

Det er ikkje urimeleg å tenkja seg at innskrifta kan ha eit religiøst innhald

5) Det viktigaste argumentet for å avvisa at det kan dreia seg om eit kvinnenamn, er at det ikkje finst andre nordiske personnamn med føreleden idi-, norrønt ið- (eit mogeleg unnatak er gudinnenamnet Iðunn, men det er omstridt). Det kjem sjølvsagt av semantikken, ‘atter, (i)gjen’, som vanskeleg lèt seg sameina med eit namn. Derimot kan det tenkjast at denne samansetninga idi-bergu – om det er soleis innskrifta skal lesast – tyder noko slikt som ‘atterberging’ eller jamvel ‘atterføding’. Det er ikkje urimeleg å tenkja seg at innskrifta kan ha eit religiøst innhald, og at det dreiar seg om eit ynske om ei «berging» over til det andre livet. Her er det relevant å peika på at runesteinen vart funnen i eit gravfelt.

For å oppsummera: Innskrifta idiberug på Svingerudsteinen krev ei lita retting for i det heile å kunna lesast som eit urnordisk ord, men kan i forma idibergu tolkast som ei samansetning med tydinga ‘atterberging’ eller atterføding’Ut frå den serskilde semantikken åt føreleden idi-/- i nordisk og skort på parallellar i namnetilfanget kan ikkje dette vera eit kvinnenamn, men må i staden vera eit vanleg appellativ.

 

 

 

Emneord: Norrønt, Nordisk, Kulturhistorisk museum, Arkeologi Av Klaus Johan Myrvoll, professor i nordisk språkvitskap, Universitetet i Stavanger
Publisert 18. jan. 2023 12:48 - Sist endra 18. jan. 2023 14:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere