Skuffa over for dårleg informasjon om dekanvalet til stipendiatar

Mellom 600 og 1000 eksternfinansierte stipendiatar med stemmerett har ikkje fått god nok informasjon om dekanvalet på Det medisinske fakultetet. Det meiner stipendiat Lise Mørkved Helsingen. Leiar for valstyret Kåre Birkeland lovar no å senda ut informasjon til alle stipendiatar.

Portrett av ei kvinne

KREV BETRE VALINFORMASJON: – Det medisinske fakultetet har også ein eigen administrasjon for doktorgradsprogramma, så det bør ikkje vera vanskeleg å få ut den informasjonen, synest stipendiat Lise Mørkved Helsingen ved UiO. Ho peikar på at eksternfinansierte sitpendiatar utan tilsetjing ved UiO ikkje har fått informasjon om valet via epost. 

Foto: Martin Toft

Onsdag 7. september starta dekanvalet på Det medisinske fakultetet. Det skal halda på fram til 14. september klokka 12.00. Då blir det endeleg avgjort om fakultetets neste dekan vil bli Hanne Flinstad Harbo eller Jens Petter Berg. Alle tilsette i minst 50 prosent stilling, alle i professor II-stilling, postdoktorar, stipendiatar og studentar har stemmerett under valet.

Fekk stemmerett på lik linje med andre studentar i 2018

Sidan 2018 har også alle eksternfinansierte stipendiatar utan tilsetjing på Universitetet i Oslo, stemmerett.  Etter forslag frå stipendiat Lise Mørkved Helsingen blei det vedtatt av det sentrale valstyret ved Universitetet i Oslo. Men no fire år etter er utvidinga av stemmeretten til den gruppa ikkje tatt med i valreglementet.

Dei mellom 600 og 1000 eksternfinansierte stipendiatane dette gjeld for, er som regel tilsette ved eitt av sjukehusa til Helse Søraust, men har altså ikkje tilsetjing ved Universitetet i Oslo. Ingen av dei har fått informasjon om dekanvalet på epost, slik dei andre veljargruppene har fått. Den einaste staden det blir nemnt at også dei kan stemma, er ei setning i den faste leiarspalta til dekan Ivar P. Gladhaug som er publisert på nettsida til Det medisinske fakultetet.  

– Skuffande

– Det er skuffande og eit problem for universitetsdemokratiet at det ikkje er sendt ut meir informasjon til stipendiatar utan tilsetjing ved UiO om at dei også har stemmerett ved dekanvalet, synest stipendiat Lise Mørkved Helsingen.

 Etter hennar meining burde det ikkje vera vanskeleg å nå ut til denne gruppa. 

– Når me er tatt opp på doktorgradsprogrammet ved UiO, har me alle registrert både epostadresse og anna kontaktinformasjon. Det medisinske fakultetet har også ein eigen administrasjon for doktorgradsprogramma, så det bør ikkje vera vanskeleg å få ut den informasjonen, synest ho.

 Det samla talet på stipendiatar ved Det medisinske fakultetet i 2021 var på 1329.  Berre rundt 13 prosent av dei var finansierte av Universitetet i Oslo. Dei andre var eksternfinansierte av til dømes Helse Søraust, Kreftforeininga eller EU. 

– Det vil seia at mellom 600 og 1000 eksternfinansierte stipendiatar utan tilsetjing ved UiO   ikkje har fått god nok informasjon om at dei har stemmerett under val på Universitetet i Oslo, konkluderer ho med.

For henne er det ikkje godt nok at dekan Ivar P. Gladhaug nemner det i leiarspalta si sist fredag.

 – Ein kan ikkje rekna med at mange av dei det gjeld går inn på hovudsida til Det medisinske fakultetet og les denne leiarspalta, konstaterer ho.

Tok kontakt med leiaren for valstyret

Det var fredag morgon ho først blei klar over at dei eksternfinansierte stipendiatane utan tilsetjing på UiO, framleis ikkje hadde fått melding om at dei kunne stemma under dekanvalet på Det medisinske fakultetet.  Derfor tok ho sporenstreks kontakt med leiaren for valstyret ved Det medisinske fakultetet, medisinprofessor Kåre Birkeland for å finna ut kvifor informasjonen ikkje var komen ut til den veljargruppa. 

– Då svarte han at valstyret ved Det medisinske fakultetet meiner at informasjonen som har gått ut er god nok og at dei som verkeleg  var engasjerte i valet, uansett ville skaffa seg den informasjonen dei hadde behov for, fortel ho.

– Me tar det alvorleg

Nokre timar seinare tar Uniforum kontakt med leiaren for valstyret, medisinprofessor Kåre Birkeland. Han stadfestar at han har vore i samtale med Lise Mørkved Helsingen.

Kåre Birkeland (Foto: UiO)

 – Me har hatt ein diskusjon i valstyret, og me meinte at informasjonen til den veljargruppa har vore god nok, fortel han.   Overfor Uniforum er han likevel positiv til tanken om at dei skal vurdera det på nytt.  – Det er knapp tid igjen, men me tar det alvorleg, og derfor tar me ein ny runde på det i valstyret. Dette gjer me ei løpande vurdering av. For mange av dei eksternt finaniserte stipendiatane dette gjeld for, føler ikkje alltid like stor nærleik til UiO. Men alle som vil stemma, skal sjølvsagt få gjera det, slår han fast. 

Skal senda ut informasjon til alle stipendiatar

Seinare fortel  han at valstyret hatt eit nytt møte.

– Me har  behandla saka på nytt i valstyret i dag og avgjort å informera ytterlegare slik: 1) Saka ligg no øvst på fakultetets heimesider og 2) Den same e-posten som blei sendt ordinære studentar ved fakultetet, vert no også sendt  til alle PhD –studentar, lovar Kåre Birkeland overfor Uniforum.

– Fint

Uniforum tar igjen kontakt med stipendiat Lise Mørkved Helsingen for å få ein kommentar til lovnaden frå Kåre Birkeland. 

 – Det er fint at valstyret ved Det medisinske fakultet vil sjå på dette på nytt, og har vald å senda ut meir informasjon. Det er beklageleg at det ikkje er gjort før, for no er det berre få dagar igjen av det pågande valet. Og så håpar eg valstyret, både på Det medisnske fakultetet og sentralt på UiO ryddar opp i dette før neste val, synest ho. 

– Det er behov for ei presisering i valreglementet, slik at det er tydeleg at også eksternt tilsette stipendiatar har stemmerett på lik linje med andre studentar, og det er behov for betre  informasjonskanalar for å nå ut til denne gruppa stemmeføre., understrekar Lise Mørkved Helsingen.

 

• Les meir om dekanvalet på Det medisinske fakultetet i Uniforum: 

Dekanduell utan store smell på Det medisinske fakultetet

Dekankandidatane på medisin er ueinige om UIO Campus Sør er etablert på eige initiativ eller på oppdrag utanfrå

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo  skal få fart på Det medisinske fakultet

Jens Petter Berg ønsker på bli dekan på Det medisinske fakultet

 

Emneord: Dekanvalg Av Martin Toft
Publisert 12. sep. 2022 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere