UiO er ein plass frå topp 100-lista blant verdas beste universitet

Universitetet i Oslo går opp ein plass på verdsrangeringa til QS World University Rankings for 2023. 101-plassen i verda gir UiO førsteplassen i Noreg og fjerdeplassen i Norden. – Det er hyggeleg, synest rektor Svein Stølen.

Portrett av ein mann på Universitetsplassen

HYGGELEG:  UiO plasserer seg som nummer 101 på QS-rangeringa over verdas beste universitet. - Hyggeleg, seier rektor Svein Stølen. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

I fjor plasserte Universitetet i Oslo seg som nummer 102 på verdsrangeringa til Quacquarelli Symonds (QS) for 2022. I dag lanserer selskapet rangeringa for 2023. Den viser at UiO har gått opp ein plass, og er no nummer 101 blant verdas beste universitet, melder QS i pressemeldinga selskapet har sendt ut.

Universitetsrangeringa 2023 frå QS:

Dei beste i verda:

1. Massachusetts Institute of Technology (MiT)

2. Stanford University

3. University of Cambridge

4. University of Oxford

5. Harvard University

Dei beste i Europa:

1. University of Cambridge

2. University of Oxford

3. Imperial College London

4. University College London

5. ETH Zürich

 

Dei beste i Norden:

1. Københavns Universitet

2. Kungliga Tekniska Høgskolan (KTH)

3. Lunds universitet

4. Universitetet i Oslo

 

Dei beste i Noreg: 

1. Universitetet i Oslo

2. Universitetet i Bergen

3. NTNU

4. Universitetet i Tromsø 

(Kjelde: QS World University Rankings 2023)

MiT best i verda

På toppen av den lista finn me Massachusetts Institute of Technology (MiT), tett fylgd av University of Cambridge, Stanford  University, University of Oxford og Harvard Universty.  Det einaste universitetet utanfor den angloamerikanske verda mellom dei ti beste, er ETH Zürich frå Sveits på niandeplass.

Dei beste asiatiske universiteta er National University of Singapore og Peking University på høvesvis 11.  og 12. plass. Allereie på 14 plass kjem det endå eit kinesisk universitet. Der kiler Tsinghua University seg inn, eit universitet som også har ein samarbeidsavtale med UiO.

Tre universitet frå tre land på topp i Norden

I Norden er det Københavns Universitet som toppar, medan Kungliga Tekniska Högskolan og Lunds universitet frå Sverige tar dei to siste pallplassane medan UiO kjem på fjerdeplass.  Det beste finske universitetet er framleis Helsingfors universitet, som på denne rangeringa endar opp på sjetteplass i Norden.  Karolinska Institutet er ikkje ein gong med på lista over dei  seks beste svenske universiteta.

UiB ramlar åtte plassar, medan NTNU byksar 17 plassar opp

I Noreg plasserer Universitetet i Oslo seg langt føre Universitetet i Bergen som kjem inn som nummer to  i heile landet, men som nummer 207 på verdsrangeringa. Det har dermed ramla ned åtte plassar.  NTNU er på tredjeplass i Noreg, men blir berre nummer 352 i verda. Likevel vil det seia at NTNU har klatra 17 plassar sidan 2022-rangeringa frå i fjor. Universitetet i Tromsø plasserer seg som nummer 454, og det er 14 plassar dårlegare enn i den førre rangeringa.  Medan Universitetet i Oslo skårar høgast på forsking, gjer Universitetet i Bergen det best på graden av internasjonalisering av dei vitskaplege tilsette, medan NTNU får høgast skår når det gjeld omdømme blant arbeidsgjevarane.

I 2010 kom Universitetet i Oslo inn blant dei 100 beste universiteta i verda på denne rangeringa medan det oppnådde den same plasseringa som dagens måling fire år seinare, altså i 2014. To år etterpå, i 2016 hadde UiO ramla ein plass ned, altså plassert seg som nummer 102.  Og i 2018 hadde det falle ned til plass nummer 142. Derifrå har UiO klatra oppover igjen til 135 i 2019,  119 i 2020, 113 i 2021, 102 for 2022 og til nummer 101 for 2023. 

Stor styrke i medisinsk forsking på norske universitet

QS som står bak rangeringa, skriv at generelt viser norske universitet ein stor grad av stabilitet.  Dei viser stor styrke i medisinsk forsking, samtidig som det er god undervisningskapasitet om me ser på forholdet mellom talet på kor mange studentar det er i høve til talet på  vitskaplege tilsette. I ei pressemelding kjem assisterande administrerande direktør Ben Sowter med rosande ord om standarden på dei norske universiteta.

– Universiteta i Noreg har ein høg grad av stabilitet, og dei vert absolutt rekna som i  verdsklasse. Først og fremst toppuniversitetet til landet, Universitetet i Oslo, som held fram med å klatra oppover år etter år, seier han.

– Me held oss stabile

Rektor Svein Stølen er svært nøgd med at Universitetet I Oslo har gått opp ein plass på universitetsrangeringa til QS.

– Me held oss stabile og det har me gjort I lang tid, etter at me låg eit stykke bak for ganske mange år sidan. Så det er hyggeleg, seier Svein Stølen til Uniforum på telefon frå Brussel.  Og han synest fjerdeplassen til UiO i Norden viser at det markerer seg også i denne regionen.

– Det er eit høgt nivå på universiteta i Norden, så det er eit bra resultat for UiO, konstaterer han.

– Har eit godt omdøme

 Svein Stølen trur UiO internasjonalt også har eit godt ord på seg. 

– Ja, det vert omtalt som eit godt forskingsuniversitet som har eit godt omdømme både på forsking og andre delar av verksemda. Jamt over har det høgt akademisk truverde, understrekar Svein Stølen. 

 Og det vil han rosa alle for.

–Takk til alle tilsette som står på for både utdanning og forsking, avsluttar Svein Stølen.

Her kan du lesa heile rangeringa QS World University Rankings 2023

 

• Les meir om rangeringar i Uniforum: 

UiO er på tredjeplass i Norden i fersk rangering

UiO når nye høyder på prestisjefylt universitetsrangering
UiO ramlar tre plassar ned i Europas meisterliga

Universitetet i Oslo går oppover på ny universetsrangering 

UiO er i Europas meisterliga for å vera mest synleg på nett

UiO er mellom dei fire mest internasjonale universiteta i Norden

UiO er på sjuendeplass i Norden på rangeringen til Times Higher Education

UiO skårer høyt på Shanghai-rangeringen

UiO er på bronseplass mellom Nordens mest synlege universitet på nett

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 8. juni 2022 22:49 - Sist endret 8. juni 2022 22:49

Logg inn for å kommentere