221 språkforskarar krev pengar til digital oppdatering av Svenska Akademiens ordbok

Svenska Akademiens ordbok står i fare for ikkje å kunna bli oppdatert digitalt etter at det siste bandet er ferdig i 2023. Grunnen er manglande finansiering.

Ein mann sit framfor eit skrivebord

HÅP: Svenska Akademiens faste sekretær Mats Malm har håp om at den svenske staten kan finansiera den digitale oppdateringa av Svenska Akademiens ordbok (SAOB). 

Foto: Svenska Akademien

221 språkforskarar i Norden har no  starta ein redningsaksjon for å be den svenske regjeringa om å skaffa pengar. Den 6. desember publiserte dei eit innlegg i Svenska Dagbladet der dei tok til orde for at det svenske kulturdepartementet sette av pengar til ei naudsynt digitalisert oppdatering av Svenska Akademiens ordbok (SAOB). Som førebilete viste dei til Kulturdepartementet i Noreg som hadde sørgja for finansiering av digitalisering både av Det Norske Akademis Ordbok (bokmål) og Norsk Ordbok (nynorsk og dialektar).

Svenska Akademiens ordbok: 

Svenska Akademiens ordbok (SAOB) er ei historisk ordbok som skildrar svensk skrift­språk frå 1521 til våre dagar og omfattar 38 band og omlag 500 000 oppslags­ord. Det første bandet kom ut i  år 1898, det siste i 2021. I dag er alle artiklar på bokstavane A til Å ferdige og publiserte.

Aktuelt: Svenska Akademien har ikkje råd til å finansiera vidare digital oppdatering av ordboka. Vil be om støtte frå den svenske staten. 221 språkforskarar i Norden har sett i gang redningsaksjon. 

(Kjelder: Svenska Akademien, Svenska Dagbladet og Dagens Nyheter)

Uniforum har tatt kontakt med fast sekretær Mats Malm i Svenska Akademien. I eit innlegg i Dagens Nyheter viser han til at Svenska Akademien så langt har brukt 1,2 milliardar svenske kroner på ordboka. Overfor Uniforum understrekar Mats Malm at dei har nok pengar til å få i hamn det siste bandet av papirutgåva av ordboka, men at pengesekken ikkje er stor nok til den storstilte digitaliseringa som det er behov for.

– Akademiet finansierer fullføringa av denne historiske ordboka. Spørsmålet gjeld ei oppdatering av ordboka etter publiseringa av det siste bandet. Det trengst verkeleg ettersom dei eldste delane av ordboka er over 100 år gamle, og det ville utan tvil ha gjort ordboka endå rikare. Det ville då ha kunne ha gitt ei vidareutvikling av den digitale versjonen, opplyser Mats Malm til Uniforum.

– Vil truga støtta til andre

Han peikar på at Svenska Akademien ikkje har økonomiske musklar til å finansiera dette på eiga hand.

– Ettersom ei viktig inntektskjelde for Akademiet nyleg er blitt avvikla, ser Akademiet ikkje noko høve til å halda fram med finansieringa av ordboka med ei slik oppdatering utan at det vil truga andre område som Akademiet støttar – prisar og støtte til forfattarar, omsetjarar, kritikarar, lærarar, bibliotekarar med fleire, slår han fast.

Mats Malm viser også til at Svenska Akademien utgjev to andre ordbøker: Svensk ordbok og Svenska Akademiens ordlista,som begge er tilgjengelege som appar.

– Svenska Akademiens ordbok er ei historisk ordbok av unikt omfang, og alle tre finst tilgjengelege på nettstaden svenska.se, understrekar han.  

500 000 ORD: Det finst 500 000 ord i Svenska Akademiens ordbok (SAOB). Dei første er frå 1521.  No trengst det meir pengar til digital oppdatering. (Foto: Björn Finnsdotter Minör/Svenska Akademien)

 

– Naturleg  med offentleg finansiering

No arbeider Svenska Akademien for å få finansieringa på plass.

 – Akademiet undersøkjer moglegheita for å skapa eit samarbeid mellom fleire finansiørar for å få til ei oppdatering av den historiske ordboka. Lykkast ikkje det, er spørsmålet om Kulturdepartementet kan ta kostnadene ved verksemda. Oppropet frå forskarane for ordboka stadfestar den store verdien til ordboka, og det er gledeleg at kunnskapen om denne unike ressursen blir spreidd. Som det blir peika på er det heilt naturleg at ein allmennyttig humanistisk infrastruktur av dette slaget vert offentleg finansiert, meiner Mats Malm.

I Sverige er dette ei sak som vekkjer stor interesse. Og den svenske storavisa Dagens Nyheter går på leiarplass inn for at den svenske staten gir nok pengar til ei digitalisert oppdatering av ordboka.

–  Ville vera ein skandale

Tidlegare hovudredaktør for Norsk Ordbok, Oddrun Grønvik, er ein av dei 221 språkforskarane som har skrive under på oppropet om ein økonomisk redningsaksjon for Svenska Akademiens ordbok (SAOB) for å få på plass ei digital oppdatering. For henne var det viktig å engasjera seg i denne saka.

– Eg skreiv under oppropet fordi det ville vera ein skandale om Svenska Akademiens ordbok ikkje er tilgjengeleg for ålmenta. Det er eit av Europas største ordboksverk. SAOB blir prenta i eit svært lite opplag, og blir nok det siste ordboksverket som blir fullført på papir. Takk vera to rundar med digitalisering når SAOB no ut til alle interesserte, og det syner seg at interessa for og engasjementet i dette ordboksverket finst både mellom svenskar og hos nordistar elles, konstaterer ho i ein epost til Uniforum.

HJARTEBARN:–  For Norsk Ordbok, som er mitt hjartebarn, har det vore til uvurderleg støtte å ha SAOB og dei andre nordiske vitskaplege ordboksverka som kontrollinstansar i redigeringsarbeidet, for notidsspråk som for informasjon frå dei første hundreåra etter reformasjonen, seier Oddrun Grønvik, tidlegare hovudredaktør for Norsk Ordbok.  (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)  

 

– Eineståande heldige

Oddrun Grønvik viser til at det i Norden finst store, vitskaplege morsmålsordbøker for alle nasjonalspråka.

– Vi er eineståande heldige i så måte. For Norsk Ordbok, som er mitt hjartebarn, har det vore til uvurderleg støtte å ha SAOB og dei andre nordiske vitskaplege ordboksverka som kontrollinstansar i redigeringsarbeidet, for notidsspråk som for informasjon frå dei første hundreåra etter reformasjonen. Det finst lite sjølvstendig dokumentasjon av norsk frå kolonitida, og det er fort gjort å bli usikker.

– Korleis meiner de at finansieringa kan koma i orden?

– Kva som finst av finansieringskjelder for humaniora i Sverige, veit eg lite om. Men det som er sikkert, er at finansieringa har vore statleg frå fyrste dag, ved at Svenska Akademien i 1791 fekk inntektene frå "Post- och Inrikes Tidningar" for å finansiera verksemda si, og då særskilt ordboksarbeidet. Alle dei store ordboksverka i Europa er i utgangspunktet infrastrukturtiltak - Det å ha store omgrepsregister i ordboksform er rett og slett eit kjennemerke på eit velfungerande utdanningssamfunn, tykkjer Oddrun Grønvik.

– Kan oppstå eit kontinuitetsbrot

– Kva fryktar de vil skje, dersom det svenske kulturdepartementet ikkje går inn med meir pengar?

– Eg er ikkje redd for total og varig nedlegging, for det vil ikkje det svenske folket tillata. Men det kan oppstå eit kontinuitetsbrot, der staben blir oppløyst og den samla fagkompetansen lagd daud, og det vil vera ei ulukke for svensk leksikografi og språkleg vedlikehald i Sverige. Oxford English Dictionary var ferdig i 1928 - hovudredaktørane vart adla og staben oppsagd. Då verket skulle reviderast i 1958 hadde ein ingen å stø seg til, og nyopprettinga av redaksjonen vart eit forferdeleg slit. Utgjevarane bestemte seg for at dette ville dei aldri utsetja seg for igjen, så då tilleggsband var ferdig, såg ein etter andre oppgåver og sytte for framhald. Og vi ser no at det tek tid å få vekst i Norsk Ordboks nye redaksjon ved Universitetet i Bergen, etter nedlegginga her ved UiO, har ho merka seg.

– Verd å kjempa for

No håpar ho at svenskane vil kjempa for å få ordna ei finansiering av ei naudsynt digitalisering av den historiske ordboka.
– I Noreg har vi ein tradisjon for å sjå det politiske i avgjerder som gjeld språk og språkleg dokumentasjon, kombinert med klår tale i det offentlege rommet. Svenskane har vore vane med å rekna språkstoda som stø og stabil og noko ekspertisen kan ta seg av. Men engasjementet er der, og vi ser no at SAOB blir rekna som verd å kjempa for. Så får vi nordmenn heia på dei så godt vi kan! oppfordrar Oddrun Grønvik.

 

• Les meir om ordbøker i Uniforum: 

Startar revisjon av ordbøkene etter 30 år lang pause

Lyser ut leksigografstillingar: No vert ordbøkene oppdaterte

Ordbok-millionar kan gi fleire bokmålsord

Universitetet i Bergen har teke over ordbok og samlingar

Språksamlingane er på veg til Bergen

Sette punktum for Norsk Ordbok

2014: Sa opp 23 ansatte i Norsk Ordbok Nå: UiO: - Ikke bemanning til å fullføre

Forlik mellom UiO og tilsette i Norsk Ordbok

NTL vil stansa oppseiingsvarseleg til dei tilsette i Norsk Ordbok

UiO vil ikkje ta ansvar for Norsk Ordbok etter 1. mars 2015

Emneord: Språk, Norsk Ordbok, Sverige, HF Av Martin Toft
Publisert 12. jan. 2022 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere