Sette punktum for Norsk Ordbok

Onsdag 9. mars blei det sett punktum for ei 80 år lang ordbokhistorie. Då blei det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok lansert i Universitetets aula.

AVSLUTTA MED STIL: No er Norsk Ordbok historie. Det blei markert med lansering av det tolvte og siste bandet i Universitetets aula den 9. mars. Frå venstre konferansier Linda Eide saman med Kristin Bakken, Oddrun Grønvik, Dagfinn Worren og Åse Wetås.

Foto: Ola Sæther

Kronprinsesse Mette-Marit var blant gjestene då Universitetet i Oslo og redaksjonen i Norsk Ordbok markerte avslutninga på ei lang ordbokhistorie i Universitetets aula onsdag 9. mars.  UiO-rektor Ole Petter Ottersen heldt opningstalen, medan rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen kom med ein helsingstale.

I løpet av året vil den dokumentasjonen som Norsk Ordbok byggjer på, bli flytta til Universitetet i Bergen og andre lærestader på Vestlandet. Det gjeld språksamlingar som i dag er ved UiO, men også Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Difor passa det godt at Bergens mest kjende rappar, Lars Vaular stod bak det musikalske innslaget i Universitetet i Oslos storstove under lanseringa.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Språkpolitikk, Språk Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2016 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere