Forlik mellom UiO og tilsette i Norsk Ordbok

Universitetet i Oslo har inngått eit forlik med fem tilsette i Norsk Ordbok som hadde varsla søksmål mot universitetet for usakleg oppseiing.

FORLIK: Seks av dei tilsette i Norsk Ordbok saksøkte UiO for usakleg oppseiing. No har fem av dei inngått forlik med Universitetet i Oslo. Biletet er frå det ellevte bandet. Det tolvte og siste bandet kjem ut 31. desember 2015.

Foto: Ola Sæther

I forliket frå Oslo tingrett seier Universitetet i Oslo seg lei for at oppseiingsprosessen i Norsk Ordbok har vore belastande for saksøkjarane. Mellom saksøkjarane er prosjektdirektør for Norsk

Fakta om Norsk Ordbok:

Arbeidet med Norsk Ordbok blei starta allereie i 1930. Det siste av dei tolv banda skulle etter planen vera ferdig 1. mars 2015. Sluttdatoen er no utsett til 31. desember 2015.

Verket gir ei uttømmande og vitskapleg framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og nynorsk skriftspråk, med grammatikk, tydingar, ordhistorie og døme på bruk både i litteratur og talemål. Verket har over 300 000 oppslagsord.

I 2002 blei det sett fortgang i arbeidet med å fullføra Norsk Ordbok, då prosjektet Norsk Ordbok 2014 blei sett i verk. Planen var at alle banda skulle vera fullførte i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014.

I juni 2014 fekk 23 tilsette varsel om at dei ville bli formelt oppsagde frå 31. desember 2014.

I januar 2015 varslar NTL søksmål mot UiO for usakleg oppseiing på vegner av seks av dei tilsette i Norsk Ordbok.

Den 19. juni 2015 inngår UiO og fem av dei tilsette i Norsk Ordbok eit rettsforlik. Prosjektdirektør Åse Wetås og redaktør Knut Karlsen skal jobba i fulle mellombelse stillingar fram til 31.12. 2015. Oppdraget er å hjelpa til med arbeidet med å fullføra det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok. Dei får samtidig eit sluttvederlag som tilsvarar 12 månader lønn. Tre andre medarbeidar deler ein samla sum på 80 000 kroner.

UiO seier seg lei for at oppseiiingsprosessen har vore belastande for saksøkjarane.

(Kjelder: Norsk Ordbok 2014, Uniforum og Oslo tingrett)

Ordbok, Åse Wetås, som nyleg blei utnemnt til ny direktør for Språkrådet.

I forliket understrekar UiO at Åse Wetås som prosjektleiar har tatt ansvar og hatt god prosjektstyring.  Både Åse Wetås og redaktør Knut Karlsen blir i forliket tilbydd nye og sjølvstendige mellombelse heile stillingar som prosjektleiar og redaktør ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium fram til 31. desember 2015.

Oppdraget deira blir å hjelpa til med fullføringa av den tolvte papirbaserte bandet av Norsk Ordbok, som etter reviderte planar skal vera ferdig 31.12. 2015.

Etter denne datoen blir arbeidsforholdet til UiO avslutta, og dei to har plikt på seg til å slutta utan oppseiing, også om arbeidet blir fullført før den datoen. Wetås og Karlsen får begge utbetalt eit sluttvederlag som tilsvarar tolv månader lønn. Om dei to sluttar tidlegare, skal sluttvederlaget reduserast til ni månader med lønn.

Dei tre andre medarbeidarane som hadde gått til sak mot UiO får ei samla erstatning på 80 000 kroner, som dei må dela seg i mellom.

Skulda UiO for usakleg oppseiing

Det var den 22. januar i år Norsk Tenestemannslag varsla at organisasjonen på vegner av seks av medarbeidarane i Norsk Ordbok, ville gå til sak mot UiO for usakleg oppseiing.

Alle dei 23 tilsette i Norsk Ordbok fekk i juni i fjor varsel om at dei ville mista jobben frå 31. desember 2014. Grunngjevinga var at det var så langt fram det var pengar på budsjettet til Norsk Ordbok, sjølv om prosjektet etter planen skulle avsluttast 1. mars 2015.

Frå nyttår blei oppseiinga av 23 tilsette i Norsk Ordbok gjort gjeldande. Nokre av dei har fått jobbar andre stader, medan seks av medlemane i NTL altså ville gå til søksmål mot UiO fordi dei meinte at oppseiingane ikkje hadde gått rett føre seg. Fem av desse medarbeidarane har no altså inngått eit forlik med UiO. Dermed blir det ingen arbeidsrettssak mellom UiO og dei tidlegare tilsette i Norsk Ordbok.

Kan ikkje kommentera avtalen

Rettsforliket inneber også at ingen av partane kan kommentera innhaldet i avtalen. Samtidig vil alle partane framover gjera det dei kan for å skapa ro rundt prosjektet, slik at dette kan bli ferdig innan 31. desember 2015.

Under rettsforkliket representerte personaldirektør Irene Sandlie Universitetet i Oslo.  Seniorrådgjevar Greta Holm stilte opp på vegner av Det humanistiske fakultetet, medan instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen møtte for Institutt for lingvistiske og nordiske studium. UiO stilte opp med advokat Siri Kristiansen som prosessfullmektig.

Alle dei fem saksøkjarane var også til stades under forhandlingane om rettsforliket.  Dei hadde alle LO-advokat Imran Haider som prosessfullmektig.  I tillegg deltok også forbundssekretær Siv Anita Hagen frå Norsk Tenestemannslag under møtet i Oslo tingrett den 19. juni i år.

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Språk Av Martin Toft
Publisert 28. juli 2015 11:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere