Ordbok-millionar kan gi fleire bokmålsord

I forslaget til statsbudsjett for 2018 ligg det inne seks millionar kroner til ei revidering av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Det kan gi fleire ord på bokmål. 

SEKS MILLIONAR: Nynorskordboka og Bokmålsordboka får ei løyving på seks millionar kroner over statsbudsjettet - dersom regjeringa sitt framlegg vert vedteke.

Foto: Ida Bergstrøm / På Høyden

– Eit ord som «skrantesjuke» finst berre i nynorskordboka. Ikkje fordi ordet ikkje er godkjent på bokmål, men fordi løyvingane til ordbøkene har vore haltande.

Det seier Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium (LLE) til På Høyden. Sidan i fjor haust har språksamlingane og Nynorskordboka og Bokmålsordboka har hatt ein heim ved instituttet, og før helga kom meldinga om at regjeringa legg inn seks millionar kroner til revisjon av dei to ordbøkene.

– Ei gladmelding, seier Myking, og legg til:

– Formelt er det Språkrådet som har fått pengane, men ein stor del av det faglege arbeidet kjem til å gå føre seg ved UiB.

Flest nynorskord
Instituttleiaren og språkvitskap-professoren seier at ein no kan få gjennomført ein lenge akkumulert revisjon av innhaldet i ordbøkene. I dag er det slik at Nynorskordboka har mellom 20 000 og 30 000 fleire oppslagsord enn Bokmålsordboka. Dette skuldast skilnader i redaksjonell handtering over tid, ikkje skilnader mellom målformene.

– No kan ein òg få oppdatert dei ordartiklane som finst på begge målformer, og ein må få gjennomført språknormeringa frå 2012, seier Myking.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, seier i ei pressemelding at ordbøkene er sentrale kjelder til godt og korrekt skriftspråk. Dei har svært mange brukarar.

– Det er svært gledeleg at det kjem midlar til ein fullstendig innhaldsrevisjon, seier Wetås.

Dagleg leiar snart på plass
Dei seks millionane som følgde med då ansvaret for språksamlingane og ordbøkene vart flytta til UiB har mellom anna vorte brukt til å tilsetja ein dagleg leiar, ein ordbokredaktør som er leksikograf og til to IT-stillingar. I tillegg har det vore nokre mellombelse tilsetjingar knytt til arkivarfunksjonen. Dagleg leiar vert danske Peder Gammeltoft. Han er på plass frå byrjinga av november.

No ser Myking føre seg at det kan verta fleire stillingar. Samstundes er han tydeleg på at det òg må gjerast noko med dei teknologiske løysingane. Det stadfestar IT-direktør Tore Burheim.

– Det er eit tydeleg behov for ei modernisering av den digitale plattforma for ordbøkene. Eg skal innrømma at eg førebels er usikker på kva konkret som ligg inne i denne løyvinga i den samanhengen. Uansett vil det i hovudsak vera snakk om personalressursar på IT-sida òg, me treng ingen store utstyrsinvesteringar knytt til dette.

– Ikkje veganlegg
Søknaden Språkrådet sendte inneheld spørsmål om midlar over fleire år. Myking er tydeleg på at ein ikkje vil rekka å få gjort alt arbeidet som trengs i 2018.

– Me får berre håpa at ordbøkene ikkje vert handsama som eit veganlegg og stoppa på halvvegen.

Dei siste åra har løyvingane til norske ordbøker vore om lag 16 millionar kroner over statsbudsjettet. I år er det berre dette eine prosjektet som har fått pengar.

– Det er skåret i gleda; løyvingane til ordbøker er kutta kraftig totalt sett, seier Myking.

Emneord: Norsk Ordbok, Språk, Språkpolitikk Av Hilde Kristin Strand/ På Høyden
Publisert 17. okt. 2017 09:54 - Sist endra 17. okt. 2017 09:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere