Universitetet i Bergen har teke over ordbok og samlingar

15. juni tok Universitetet i Bergen formelt over ansvaret for å drifta bokmål- og nynorskordboka på nett. Samstundes ventar ein på dei siste trailerlassa med språksamlingsmateriale.

TAR IMOT SPRÅKSAMLINGANE: Førstebibliotekar Rune Kyrkjebø har ansvar for å få språksamlingane på plass i Autogården. Det er UB som vert samlingane sin nye heim, og Kyrkjebø skal jobba med dei i alle fall ut året

Foto: Hilde Kristin Strand /På Høyden

Ein pallejekk som kan løfta to tonn er kjøpt inn for å få på plass alt språksamlingsmaterialet som kjem frå UiO til UiB. Førstebibliotekar Rune Kyrkjebø tek i mot i Autogården. Språksamlingane flyttar førebels hit, men bygget er selt, og om eitt år vert det ny flytting. Kvar ferda går då, er førebels uvisst.

– Det er eit team i Oslo som pakkar og merkar materialet. Deretter er det eit flyttebyrå som gjer sjølve flyttejobben, fortel Kyrkjebø til På Høyden.

300 000 brukarar

UiO har som kjent sagt frå seg ansvaret frå språksamlingane, Norsk Ordbok og dei digitale nynorsk- og bokmålsordbøka. Dette flyttar til UiB, som har Høgskulen i Volda med på laget.

15. juni var siste dagen Universitetet i Oslo  formelt hadde ansvar for dei digitale bokmåls- og nynorskordbøkene. Dei er med på flyttelasset til Bergen, men tek ikkje så stor fysisk plass.

– Førebels vert ordbøkene framleis drifta ved UiO. Me har ein avtale med IT-avdelinga der om at systema skal flyttast over til UiB så snart det er forsvarleg, det vil seia i løpet av hausten, seier IT-direktør Tore Burheim.

Det er no lyst ut to stillingar knytte til drift av språksamlingane. Burheim seier at drift av dei opne ordbøkene kjem til å gå inn i IT-avdelinga si ordinære drift.

– Det er høgare krav til oppetid enn for dei andre systema våre. Det er òg slik at ein kan skalera for ulik bruk – bruken er høg til dømes i eksamensperiodar, seier Burheim.

eigne nettsider står det at ordbøkene under ein av eksamensdagane i mai hadde over 300 000 brukarar.

– Eg må framleis googla for å finna ordbøkene. Kva gjer de med domenenamnet?

– Det er i utgangspunktet ei sak for Språkrådet. Men me ønskjer oss eit enklare domenenamn, seier Burheim.

Søkjer Forskingsrådet

Det er ikkje berre den tekniske delen av ordbøkene som skal driftast. Oppdateringar, normendringar og anna fagleg innhald må følgjast opp av fagleg personale. Førebels vert dette gjort av UiO-forskarar som har jobba med ordbøkene tidlegare òg. Det seier Johan Myking, som er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

– I løpet av hausten er planen å ha på plass ein meir permanent struktur, seier Myking.

– Me søkjer òg pengar frå Forskingsrådet sitt infrastrukturprogram. Det vil bety mykje om me får pengar derifrå.

Det humanistiske fakultetet har lyst ut ei stipendiatstilling som er knytt til språksamlingane. Oppstart er i 2017. Høgskulen i Volda har tidlegare varsla at dei òg vil bidra med ein doktorgradsstipendiat.

Mykje er digitalisert

Kva materiale stipendiatane og andre har til rådvelde, får Rune Kyrkjebø stadig meir oversikt over. På dørene i Autogården har han hengt opp lappar som skildrar kva materiale som er på plass. Noko tek meir plass enn anna; det litterære ordbokarkivet rommar mellom 3,5 og fire millionar papirsetlar. Det vil seia at ein treng skap som er tre meter høge og tjue meter lange for å få plass til alt på ein plass.

– Namnearkivet må ein ha tilgang til heile tida, det treng stadnamnkonsulentane. Men det me har fått på plass er tilgjengeleg, alle skap kan opnast. No skal me bruka dette året på å verta kjent med materialet. Mykje av det er allereie digitalisert, seier Kyrkjebø.

Han jobbar saman med postdoktor Aleksandros Tsakos, som har jobba med flytting og organisering av ulike arkiv ved UiB.

– Må ein ta vare på alt?

– Det viktigaste no er å få oversikt og å strukturera og sortera, seier Kyrkjebø.

Han set stor pris på engasjementet frå seniorane ved UiO. Dei har jobba med samlingane i mange år.

– Det er godt å ha dei med, dei viser eit flott engasjement.

Emneord: Nynorsk, Språk, Språkpolitikk Av Hilde Kristin Strand /På Høyden
Publisert 23. juni 2016 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere