Miljø kan bli mogleg å inkludera i studia på UiO

Det skal bli mogleg å få inn studietilbod i miljø på ulike disiplinprogram.  På Utdanningskonferansen 2021 vil førsteamanuensis Ursula Münster forklara korleis. – Det gler eg meg til, seier viserektor for utdanning, Bjørn Stensaker.

Portrett av ein mann

UTFORDRING: – Heilt sikkert vert dette ei pedagogisk utfordring. For dei må undervisa studentar frå forskjellige fag i eit felles tema, fortel Bjørn Stensaker, viserektor for utdanning på Universitetet i Oslo. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 30. november organiserer UiO Utdanningskonferansen 2021 for alle tilsette som arbeider med utdanning. Den første delen av konferansen er virtuell, medan den siste delen går føre seg fysisk i Helga Engs hus på Blindern. 

Viserektor Bjørn Stensaker ved UiO står i brodden for konferansen, og er veldig nøgd med at dei i år har knytt den tett opp til utkastet til ny klima- og miljøstrategi for UiO. 

– Me skal fanga opp den dimensjonen. Derfor blir det fint å høyra korleis førsteamanuensis Ursula Münster ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk har klart å utvikla noko ho kallar for Honours Certificate in Environmental Studies, fortel Bjørn Stensaker til Uniforum.  

Han peikar på at det kan vera vanskeleg å finna fram til eit felles tverrfagleg studium på miljøfeltet som treffer alle studentane anten dei går på humaniora og samfunnsfag eller på medisin og matematisk-naturvitskaplege fag.  

– Kan få tilbod om ekstra studiepoeng

– Ursula Münster vil visa korleis studentane frå ulike disiplinar, kan få felles nytte av eit tilbod om studiar i miljø og klima. Ho vil fortelja korleis det går an å få gjennomført dette, samtidig som studentane også får tilbod om ekstra studiepoeng, avslører han. 

– Eg trur det kan vera interessant fordi det då lettare kan vera mogleg å få oppretta studietilbod på miljøfeltet. Kanskje løysisnga er å leggja til eit honours-tilbod i miljø, legg han til. 

– Ei pedagogisk utfordring

Bjørn Stensaker ser også fram til to miljødebattar i tilknyting til innlegget til Ursula Münster på Utdanningskonferansen.

Det som han er heilt sikker på, er at dette ikkje blir lett. 

– Heilt sikkert vert dette ei pedagogisk utfordring. For dei må undervisa studentar frå forskjellige fag i eit felles tema.  Samtidig blir det ein fin måte for studentane å treffa kvarandre på tvers av fag og fakultet, trur han.

Bjørn Stensaker trekkjer også fram seks ulike webinar på formiddagstid under konferansen. Deretter blir det panelsamtale med utgangspunkt i hovudinnlegget frå Ursula Münster.   Viserektoren peikar både på Marte Blikstad Balas og David Jordhus-Lier  om korleis det er mogleg å fornya metodeundervisninga og medisinprofessor Jan Magnus Aronsen som skal snakka om bruk av digitale verktøy til utvikling av ferdigheiter. Dessutan vil representantar for tre senter for framifrå utdanning presentera arbeid som dei held på med. 

Studenterfaringar med å studera under pandemien

Bjørn Stensaker ser også fram til ei ny undersøking som skal leggjast fram av tidlegare UV-dekan Sten Ludvigsen og pedagogikkprofessor Helge Strømsø. 

– Dei har undersøkt korleis studentane opplevde studietida under pandemien. Korleis klarte dei å jobba medan dei sat åleine framfor skjermen sin?, er eit av spørsmåla dei har stilt, fortel Bjørn Stensaker. 

Utdanningskonferansen skal også ha eit webinar om eit evalueringssystem som kan gi meir lokal støtte til undervisning. Det skal også finna ut fordelar ved korleis utdanninga blir lagt opp.

– Det er ein intern konferanse for UiO-tilsette, men me seier ikkje nei til nokon. Men alle som skal vera til stades fysisk må melda seg på på grunn av servering av lunsj, forklarar Bjørn Stensaker. 

Les heile programmet til Utdanningskonferansen 2021.

• Les meir om utdanning i Uniforum: 

Utdanningskvalitet i Norden: Hvorfor er det mer diskusjon i danske klasserom

UiO anbefales om ikke å gå inn i prosjekter som ikke er bærekraftige

Medisinstudenter kan gå på virtuelt besøk i en åre

UiO-studentane takla koronakrisa bra

 

Emneord: Undervisning, Utdanning, Det utdanningsvitenskapelige fakultet Av Martin Toft
Publisert 29. nov. 2021 04:30 - Sist endra 29. nov. 2021 08:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere