Tidlegare UiT-rektor: Styret må gjera ei ny vurdering av tilsetjinga av Dag Rune Olsen

Dersom resultatet av rapporten frå den eksterne granskinga av Dag Rune Olsen endar me at han ikkje begynner i stillinga som rektor, bør styret for Universitetet i Tromsø tilby stillinga til den som var innstilt som nummer 2. Det meiner tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, Jarle Aarbakke.

Ein ståande mann tar ordet i ein debatt

PÅ NYTT: Tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø Jarle Aarbakke bed styret ved universitetet om å ta ei ny vurdering av tilsetjinga av Dag Rune Olsen (biletet) som rektor. (Arkivfoto) 

Foto: Cicilie Andersen, Universitetet i Bergen

Det var rett før jul Bergens Tidende (bak betalingsmur) kunne avsløra at dåverande rektor ved Universitetet i Bergen Dag Rune Olsen på eiga hand hadde starta forhandlingar med forretningsmannen Tom Knudsen om ein avtale som kunne ha kosta universitetet 20 millionar kroner. 

Ei årslønn på over 1 million kroner

Avtalen gjekk ut på at UiB skulle kjøpa einmannsselskapet til Tom Knudsen, Praktikk, som skulle brukast til å skaffa praksisplassar til studentar i næringslivet. Det planlagte kjøpet blei stansa først av universitetsadministrasjonen og deretter av Kunnskapsdepartementet. Likevel sat UiB igjen med ei rekning på over ein halv million kroner som er utgifter Tom Knudsen og advokatane hans skal ha hatt i samband med forhandlingane av den moglege avtalen. I tillegg kjem det faktum at forretningsmannen Tom Knudsen blei engasjert i ei ti månader lang stilling med ei årsløn på over ein million kroner. Den siste rekninga som dukka opp på bordet, var utlegg for representasjonsmiddagar på Bergens beste restaurantar. 

Ville setja i gang ekstern gransking av eigen rektor

Avsløringa kom den 16. desember like etter at styret for Universitetet i Tromsø hadde tilbydd jobben som universitetet sin første tilsette rektor til Dag Rune Olsen. Den 23. desember bestemte Universitetsstyret i Bergen på eit ekstraordinært møte at det ville setja i gang ei ekstern gransking av sin eigen rektor.

Den 3. januar gjorde Dag Rune Olsen det klart at han den 4. januar ville trekkja seg som rektor for Universitetet i Bergen eit halvt år før tida for å kunna unngå interessekonfliktar etter å ha blitt tilsett som rektor ved Universitetet i Tromsø. Han avviste at den framskunda avgangen hadde noko å gjera med millionavtalen han på eiga hand prøvde å inngå med forretningsmannen Tom Knudsen. Nokre dagar seinare vedtok Universitetet i Bergen å lysa ut oppdraget om ekstern gransking av Dag Rune Olsen. Rapporten frå granskinga skal leggjast fram offentleg den 1. mars.

Bør ikkje tilsetjast i 20 prosent stilling før 1. mars

I eit innlegg i Nordnorsk debatt 10. januar tar tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø Jarle Aarbakke til orde for at styret for Universitetet i Tromsø må sjå på rektortilsetjinga på nytt dersom rapporten viser at Dag Rune Olsen har gjort noko klanderverdig. I første omgang bør han heller ikkje tilsetjast i ei 20 prosent stilling ved UiT før rapporten frå granskinga er lagt fram den 1. mars, er rådet hans. Om resultatet blir at Dag Rune Olsen likevel ikkje begynner i jobben, må tilbodet om rektorjobben gå til vedkomande som var innstilt på andreplass av søkjarane, skriv han.  Aarbakke presiserer at føresetnaden er at styrevedtaket opnar opp for det. Etter hans meining vil det spara dyrebar tid for Universitetet i Tromsø.

NY VURDERING: Jarle Aarbakke var tidlegare rektor ved UiT.  No uttalar han seg om Dag Rune Olsen-saka. (Arkivfoto: Martin Toft)

"Ingen omkamp"

Han er heilt open på at han sjølv var ein av dei som var imot at styret vedtok at Universitetet i Tromsø skulle innføra ei ordning med tilsett rektor i staden for vald rektor.  Engasjementet hans i denne saka er likevel ingen omkamp, forsikrar han. Jarle Aarbakke gir dessutan honnør til styret og rektor Anne Husebekk i måten dei har gått fram på i tidlegare tilsetjingssaker og i denne saka:

“Det er min klare oppfatning at styreleder Husebekk og styret har gjort en god jobb i mange år med ansettelser og andre saker. Denne tilsettelsessaken er imidlertid den første i sitt slag i UiT sin historie og den viktigste. Jeg vet at alle har vært og er opptatt av ikke å trå feil.” Det understrekar han i innlegget sitt i Nordnorsk debatt.

"Men det skader også Universitetet i Bergen"

Både kommentator Jens Kihl i Bergens Tidende og Skjalg Fjellheim i avisa Nordlys har brukt harde ord når det gjeld veremåten til tidlegare rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen.  I fylgje Jens Kihl har denne saka ført til rifter i lakken både hos Dag Rune Olsen og dei to universiteta. “Saka skader sjølvsagt ettermælet hans, og lovar ikkje godt for starten som rektor i Tromsø. Men det skader også Universitetet i Bergen.”

Politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys var tidleg ute på bana med å kritisera Dag Rune Olsen for ikkje å ha nemnt saka til dei som bestemte at han skulle få tilbodet om rektorstillinga ved Universitetet i Tromsø.  Han meiner det tyder på sviktande dømmekraft hos Dag Rune Olsen. “Mange vil med rette spørre om UiT, den viktigste institusjonen i Nord-Norge, kan ledes av en person der det stilles så mange spørsmålet om dømmekraft og det etiske kompasset?, skriv Skjalg Fjellheim i ein kommentar 28. desember. 

No er det den eksterne granskinga av Dag Rune Olsens forhandlingar med forretningsmannen Tom Knudsen som står for tur. Når rapporten blir lagt fram den 1.mars, vil den avgjera framtida til mannen som har leidd Universitetet i Bergen i sju og eit halvt år.  I verste fall kan han risikera at avgjerda om å tilsetja han som rektor ved Universitetet i Tromsø frå 1. august blir omgjort. 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Etikk Av Martin Toft
Publisert 11. jan. 2021 14:07 - Sist endra 12. jan. 2021 08:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere