SV-dekanen møtte motbør i fakultetsstyret for handteringa av ARENA

– Å kasta seg inn i ei styrt avvikling basert på nokre millionar medan fakultetet har eit stor underforbruk, er i alle fall prematurt. Det sa eksternt styremedlem Ann-Helén Bay, då fakultetsstyret på SV diskuterte den økonomiske situasjonen til ARENA. Saka kjem opp på nytt i mars.

Portrett av ei kvinne

IKKJE MEDHALD: Dekan Anne Julie Semb fekk ikkje medhald i fakultetsstyret til SV i  den kritiske omtalen av den økonomiske situasjonen for ARENA.  (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var onsdag ettermiddag Uniforum først kunne fortelja at ARENA-direktør Daniel Naurin frykta at SV-dekan Anne Julie Semb ville styra mot nedlegging av senteret han leier. 

Bakgrunnen var eit notat frå dekan Anne Julie Semb til fakultetsstyret før det skulle ta opp ARENAs økonomiske situasjon i ei diskusjonssak.  Der gjekk det fram at avvikling av ARENA Senter for europaforsking som eit frittståande senter ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet er ei av løysingane dekanen ville presentera for fakultetsstyret før møtet torsdag formiddag. 

Dette er ARENA: 

Eit politisk forskingssenter på Universitetet i Oslo. 

Forskinga ved senteret tar føre seg dei politiske integrasjonsprosessane i Europa.

Direktør: Daniel Naurin 

Aktuelt: Den økonomiske situasjonen ved senteret var oppe som diskusjonssak i fakultetsstyret ved SV.

(Kjelder: ARENA, SV-fakultetet)

Ikkje spart inn nok til å få ned meirforbruket

I notatet peikar dekanen på at senteret har eit meirforbruk på 8,5 millionar kroner og at dei eksterne inntektene til senteret ikkje er nok til å dekkja andre kostnader ved senteret. Ho trekkjer også fram at senteret har sett i verk så mange sparetiltak på drift som det er mogleg å gjennomføra. Semb viser til at dette likevel ikkje har vore nok til å få ned meirforbruket, som i stor grad, er eit resultat av økonomiske disposisjonar som blei gjorde før 2014. Eit forslag frå ARENA-leiinga om å etablera eit tverrfagleg masterprogram på senteret, fekk også tommelen ned frå SV-dekanen.

–Tøffe dagar

Det fekk direktør Daniel Naurin til å gå hardt ut mot dekan Anne Julie Semb i Uniforum.

– Det ser ut som om ho vil styra fakultetsstyret i ei retning som inneber avvikling av ARENA. Derfor har det vore tøffe dagar for oss sidan me fekk notatet måndag kveld denne veka. Eg skulle gjerne ha hatt ein tettare dialog med fakultetet om dette, sa han til avisa på onsdag.

Då gav han også uttrykk for at han håpa fakultetsstyret ville syna ei anna haldning.

– Ja, det håpar og trur eg naturlegvis. Sidan eg kom til senteret i oktober, ser eg at det er eit stort potensial på ARENA. Håpet er at fakultetsstyret også ser det. Det er jo eit varemerke som fakultetet burde vera stolt over, sa Daniel Naurin.

Inntekter frå studiepoeng tidlegast i 2025

Den økonomiske situasjonen til ARENA Senter for europaforsking kom opp som diskusjonssak i fakultetsstyret rett før klokka 12.00 torsdag 17. desember.

Først gjekk dekan Anne Julie Semb på nytt gjennom dei punkta ho hadde tatt med i notatet for å argumentera for ei mogleg innsparing som i ytste konsekvens ville føra til nedlegging av senteret.

Samtidig presenterte ho også argumenta sine mot ei oppretting av eit masterprogram som kan gi inntekter frå studiepoeng til senteret. Etter hennar utrekningar ville det, om det blei realisert, ikkje gi senteret inntekter før i 2025. Ho la også fram oppdaterte tal som viste at senteret no har 7,1 millionar kroner i meirforbruk, ein nedgang på 1,4, millionar samanlikna med tidlegare. Og så gratulerte ho ARENA med den siste tildelinga på 12 millionar kroner frå Forskingsrådet. 

– Prematurt

Den første som bad om ordet i fakultetsstyremøtet var eksternt styremedlem Ann-Helén Bay.  – Å kasta seg inn i ei styrt avvikling basert på nokre millionar medan fakultetet har eit stor underforbruk, er i alle fall prematurt. Den nye senterleiaren må få rom til å sjå om det er mogleg å samarbeida med andre fakultet, som til dømes juss, eller med UiO sentralt. Eg saknar ei fagleg-strategisk vurdering, sa Bay.

– Overraska

Dekan Anne Julie Semb fekk heller ikkje støtte frå representant for dei teknisk-administrative tilsette Caroline Hals om at det var naudsynt å avvikla ARENA av økonomiske grunnar. 

– Eg blei overraska over framlegget om å leggja ned ARENA. Det var noko som blei behandla i 2019, og som me ikkje ynskte då, og som me heller ikkje ynskjer no. Den nye senterleiaren må få visa kva han kan. Dette er ikkje eit senter som berre tar pengar frå fakultetet, slik som det blir framstilt her. Dei kan tilby etter- og vidareutdanning på senteret, og NAV-skandalen viser at det er  behov for å vita meir om EU, slo ho fast.

Studentrepresentant Marte Næss Thoresen slutta seg til synspunktet til Ann-Helén Bay. 

– Det skaper frustrasjon om det blir tatt pengar frå undervisning som fungerer bra og til noko som ikkje er grundig nok analysert, tykte ho. 

– Gjeldssanering

Utanom løysinga til dekan Anne Julie Semb om i verste fall å avvikla Arena som eit senter under SV-fakultetet, kom ekstern representant Troels Østergaard Sørensen med det mest radikale forslaget. 

– Eg føreslår at me går inn for gjeldssanering for ARENA og lagar ein plan for det. Dette styret er nytt, og me kan gjera nye vedtak om senteret, understreka han.

Også vitskapleg representant Knut Inge Fostervold var kritisk til innhaldet i notatet frå dekanen.

– Meirforbruket ligg langt tilbake i tid. Og etter 2015 har meirforbruket gått i 0. Me må derfor få ein plan for nedbetaling av det akkumulerte underskotet. Og så må me få ein plan for ARENAs økonomiske verksemd. Å få inn eit studieprogram på ARENA, som vil bli tatt av det faste talet på studentar på fakultetet, må me ha ein grundigare diskusjon om. Det verkar ikkje som det har vore ein tovegsdialog med ARENA. Skal senteret vera knytt til fakultetet eller ikkje? Det må diskuterast med ARENA, meinte han. 

Hadde ikkje samtalt nok

Vitskapleg representant Helene Sjursen hadde inntrykk av at fakultetsleiinga ikkje hadde samtalt nok med leiinga for senteret.

– Kommunikasjonen mellom ARENA-leiinga, fakultetsadministrasjonen og dekan har vore dårleg. Det viser notatet frå ARENA som ikkje kjenner seg igjen.

Etter hennar meining var det årlege eksterne bidraget frå ARENA til fakultetet dobbelt så høgt som den summen fakultetet kan auka basistildelinga med.

– Alle dei eksterne inntektene senteret får, må det betala 15 prosent skatt av til fakultetet. For 2020 utgjer det 4 millionar kroner. Derfor vil fakultetet vinna på å auka basisløyvinga med 2 millionar kroner, hadde ho rekna ut.

Også dei andre som tok ordet i fakultetstyremøtet, gav støtte til senteret og meinte det var liv laga.

Dekanen avslutta diskusjonen etter rundt ein time og eit kvarter.

– Me tar med oss desse innspela i den vidare behandlinga og held fram med diskusjonen i møtet i mars, varsla dekan Anne Julie Semb.

– Eit spørsmål om utvikling og ikkje avvikling

Etter møtet i fakultetsstyret var ARENA-direktør Daniel Naurin strålande nøgd.

– Dekanen var heilt åleine om å oppfatta ARENA som ein økonomisk risiko for fakultetet. Veldig tydeleg at styret tolkar si eiga avgjerd i juni om å finna “en holdbar og varig løsning for ARENA” som eit spørsmål om utvikling og ikkje avvikling, skriv han til Uniforum i ei tekstmelding.

Emneord: ARENA, SV-fakultetet, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2020 00:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere