Svein Stølen: – Me har stått på for dei grunnleggjande verdiane til akademia

– Eg trur faktisk me skal tora å opna dekanmøta meir og opna sakspapira. Det kan gjera interninformasjonen betre, trur rektor Svein Stølen. No står han og resten av rektoratet ved UiO på for å bli valde til ein ny periode.

Ein mann står midt i ein allé på Blindern

PÅ AGENDAEN: – Eg er overtydd om at me har sett utdanning på agendaen på ein heilt annan måte enn ein har gjort på Universitetet i Oslo før, seier rektor Svein Stølen. No ser han fram til å bli valt til rektor for ein ny periode. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er måndag formiddag Uniforum møter UiO-rektor Svein Stølen på kontoret i 9. etasje. Han er upåklageleg kledd, utan slips, men med dressjakke med UiO-nåla på.

Etter tre år i rektorstolen vil han gjerne koma med nokre tankar om korleis stoda er og kva retning han og resten av rektoratet ynskjer å føra Universitetet i Oslo i, om dei får fornya valperioden med nye fire år etter rektorvalet i 2021.

– Me har sett utdanning på agendaen

Det er ikkje heilt uventa at Svein Stølen er godt nøgd med resultata rektoratet har oppnådd fram til no.

– Me har jobba iherdig, og no begynner me verkeleg å hausta fruktene av det. Eg er overtydd om at me har sett utdanning på agendaen på ein heilt annan måte enn ein har gjort på Universitetet i Oslo før. Det skjer mange ting i universitetets indre på utdanningssida som nye program, til dømes honoursprogrammet og Filosofi, politikk og økonomi. LINK har også utvikla seg til eit godt læringssenter som blir brukt av svært mange av folka våre. Me har eit utdanningsløp som det er trykk i, slår han fast.  

For seks år sidan la den tidlegare finske statsministeren Esko Aho fram tilrådingane frå ei internasjonal rådgjevande gruppe (Strategic Advisory Group) sett ned av UiO, om kva retning og kva prioriteringar UiO burde ta i åra framover. Råda var mellom anna å vera mindre innoverretta enn det som var tilfellet då.

 – Det meiner eg me har gjort ved at me har etablert Noregs første innovasjonsdistrikt, Oslo Science City, og me lagar eit kultur- og formidlingsdistrikt i Oslo sentrum som me no har starta å snakka om.

Me har sørga for å få innverknad på forskingspolitikken i Brussel gjennom «The Guild». Og me har tatt eit initiativ for å jobba endå meir langsiktig med eit utdanningssamarbeid i Europa gjennom universitetsalliansen Circle U, listar han opp.

– Har stått opp for dei grunnleggjande verdiane til akademia

Svein Stølen trekkjer dessutan fram det arbeidet rektoratet har gjort for å kjempa for dei sentrale akademiske verdiane.

– Eg trur me har stått opp for dei grunnleggjande verdiane til akademia og til Universitetet i Oslo til ei kvar tid, både når det gjeld ytringsfridom, akademisk fridom og når det gjeld kva eit universitet skal vera. Det er ein del av den «bottom-up»-tenkinga som me står for, og korleis me saman skal vera det som skapar universitetet, understrekar han.

– Talet på mellombelse stillingar går ned

For Svein Stølen er det også viktig å trekkja fram det som han og rektoratet meiner dei kan ta litt av æra for på personalsida.

 – Me ser effekten av det langsiktige arbeidet me har gjort på personalsida. No er talet på mellombelse stillingar i ferd med å gå kraftig ned, ja truleg ned til 16 prosent, medan det for tre år sidan var oppe i 25,3 prosent. Allereie i fjor var det nede i 19,9 prosent, trekkjer han fram som døme på at det går den rette vegen.

 Etter hans oppfatning går det også i rett retning når det gjeld fordelinga av leiarstillingar mellom kvinner og menn på UiO.

 – 39 av 58 nye søknader om senter for framifrå forsking vert leia av kvinnelege prosjektleiarar, og halvparten av forskarane som har fått pengar frå ERC (Det europeiske forskingsrådet) er også kvinner. Det viser at me går i ei retning mot meir kjønnsbalanse, seier han stolt.

– Me utvikla “babyen”

Og han held fram med å lista opp kor mange prestisjetunge forskingstildelingar UiO-forskarar har fått berre i år.

– Me leverer både på SFF-ar og på ERC. Og når det gjeld FRIPRO (Fri prosjektstøtte) fekk me 93 prosjekt før jul i fjor. Det viser effekten av langsiktig arbeid og også av arbeidet til tidlegare rektor Ole Petter Ottersen. Det var svært viktig at han starta The Guild, men det er me som har utvikla «babyen», poengterer han med eit smil.

– Er det noko du og rektoratet ditt gjerne skulle ha gjennomført i denne perioden, men som de ikkje har klart?

– Dei tre orda me har valt å bruka på ein førebels «visjon» for vidare arbeid er openheit, deltaking og forenkling. For eit universitet har eit hierarki, og eit norsk universitet har ein flatare struktur enn dei fleste utanlandske universiteta me kan samanlikna oss med. Likevel tenkjer eg at avstanden mellom den enkelte forskar og undervisar og meg og rektoratet er litt større enn eg likar. Me har snakka med mange undervegs i desse tre åra, men det har likevel ikkje vore nok. Me vil ha ein betre dialog og ei betre samhandling, seier han. Han trur han veit kvifor det er slik. 

– Utfordringa vår er at me framleis har for tette skott mellom ulike fakultet og ulike studieprogram. Å få realisert det fleirfaglege som studentane etterlyser, er krevjande. Det må me jobba med på ein heilt annan måte for å få til. Me må få meir samhandling på tvers og forenkla dei reglane me har sett opp sjølve. Slik kan me få meir flyt i organisasjonen, er han sikker på.  

Svein Stølen peikar også på kor viktig berekraft er for rektorlaget hans og UiO.

 – Arbeidet me må forsterka, vert kravd ikkje minst for at me skal møta berekraftsagendaen på ein god måte, at me skal bidra til å møta klima- og miljøutfordringar. Det krev tverrfaglegheit og det krev forenkling - at me byggjer ned skotta mellom ulike fag og ulike organisatoriske einingar, trur han. 

– Me må tora å opna dekanmøta meir

UiO-rektoren trur også han har svaret på kvifor alt ikkje har fungert heilt slik det burde gjera fram til no.

KVALITET – Me er opptatt av at me har val, at me har demokratiske prosessar og at me har fagforeiningar som vert involverte på ein god måte. Det er det som skal gi kvalitet til Universitetet i Oslo, meiner rektor Svein Stølen. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Intern infoflyt trur eg me har dei største utfordringane på. Det er veldig vanskeleg. Eg ser at me har vår dialog i linja, men infoflyten er likevel ikkje god nok. Eg trur faktisk me skal tora å opna dekanmøta meir og opna sakspapira. Me bør i alle fall vurdera det. Det ville vera ei styrkje for heile organisasjonen om me visste meir om det som skjer der, synest han.

–Vil det seia at du går inn for å opna dekanmøta?

– Dekanmøta er jo organiserte av oss. Det er ikkje ein del av den formelle strukturen. Eg sa ikkje at møta nødvendigvis må vera opne, men at dei må vera opnare. Me må vita meir om det som går føre seg på møta. Kanskje dei av og til må vera opne og av og til lukka. Innkallinga kan vera open, og det kan vera korte protokollar frå møta, føreslår han.

Han har også personleg røynsle i at det ikkje alltid var like lett å få vita om det som skjedde på UiO.

– Den interne infoflyten er vanskeleg. Frå tida mi som professor og instituttleiar hugsar eg at me ikkje alltid fekk vita om det som skjedde sentralt.

Korleis skal me få vita kva som skjer sentralt? Og korleis skal me i toppleiinga få vita kva som skjer på grastrota? Me treng også ein kanal for det, er han overtydd om.

–Trur du at det kan bli betre i åra framover?

– Ja, for dette er viktig for oss. Me er opptatt av at me har val, at me har demokratiske prosessar og at me har fagforeiningar som vert involverte på ein god måte. Det er det som skal gi kvalitet på Universitetet i Oslo, understrekar han.

– For demokratiet er det ein fordel at det kjem fleire

– Og då ser du fram til at det blir eit rektorval mellom fleire kandidatar?

– Eg tar det som det kjem. Eg skal også driva dette store universitetet, så det er fordelar og ulemper med begge delar. For demokratiet er det ein fordel at det kjem fleire, synest han.

– Om de då skulle bli valde på nytt igjen, korleis blir det å styra UiO i ei koronatid?

– Det vil gjera  dialogen vanskelegare. Eg trur likevel me må hugsa at koronatida vil enda, truleg neste år, og då er me tilbake til det meir normale. Så kan me læra av det me tok med oss etter at koronatiltaka blei sette i verk i mars. Ikkje minst om det som handlar om det digitale og korleis me kan vekselverka raskare og meir effektivt, tykkjer han.

Svein Stølen ser at internasjonaliseringa har lege litt nede på grunn av koronatiltaka, men det har likevel skjedd nye ting også på den fronten.

– I Circle U jobbar me no me å laga nye virtuelle løysingar for studentutveksling. Og internasjonaliseringa skal også balanserast mot klimarekneskapen som ikkje skal bli for stor. No håpar me heile universitetssamfunnet kan vera med på å utvikla Circle U i pilotperioden på tre år.

Nøgd med løysinga for psykologiklinikkane

– Kva synest du har vore dei vanskelegaste sakene du har hatt i rektorperioden din?

– Bortsett frå koronapandemien og problema med livsvitskapsbygningen var det nok saka med klinikkane på Psykologisk institutt. Men eg tykkjer at me klarte å finna ei god løysing på den saka.

– Og den «rasistiske» benken i Botanisk hage?

– Den saka takla UiO og ikkje minst fungerande direktør Jan T. Lifjeld på Naturhistorisk museum på ein fin måte.

Frykta at seremoniane ville ta frå han energi

Då Svein Stølen blei valt til rektor i 2017, var det ein ting ved rektorrolla han ikkje såg særleg fram til.

– Det var alle seremonane eg skulle leia og alle talane eg skulle halda. Eg frykta at det ville ta frå meg masse energi. No er erfaringa mi blitt heilt det motsette. Eg brukar lang tid på å førebu talane, og eg gler meg til seremoniane. Og dei gir meg energi, avslører han.

 Heilt til slutt kjem han med skryt til studentrepresentantane i Universitetsstyret. 

– Dei er utruleg dyktige. Det er ikkje rart at dei vert viktige deltakarar i samfunnsdebatten etterpå, er karakteren Svein Stølen gir dei.

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2020 00:01 - Sist endra 7. okt. 2020 12:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere