Framleis uventa høg arbeidsløyse blant dei som har master i IKT

Det er stor etterspurnad etter personar med mastergrad i IKT. Likevel er det ikkje lågare arbeidsløyse mellom dei som er nyutdanna i IKT og dei som har master i andre fag, viser ei NIFU-undersøking. 

Mange studentar er samla i foajeen under IFI-dagen i Ole-Johan Dahl hus

SLIT: IKT-studentar slit med å få seg jobb rett etter master. Men etter kort tid losnar det, viser  ny NIFU-undersøking. Biletet er frå IFI-dagen på UiO i 2015. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Sæther
Det er Kunnskapsdepartementet som har gitt NIFU (Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning)  oppdraget om å utarbeida  ein samla analyse av situasjonen på arbeidsmarknaden for personar med høgare utdanning innanfor IKT.  Den viser at heller ikkje dei går rett inn i jobb når dei har avslutta studia sine.
 
– Det tyder på at nyutdanna IKT-kandidatar har visse startvanskar på arbeidsmarknaden, seier NIFU-forsker Michael Spjelkavik Mark i ei melding på nettsidene til forskingsinstituttet.  

Lettast å skaffa seg jobb i Oslo

NIFUs kandidatundersøking frå 2018 viste at arbeidsløysa blant IKT-utdanna var nesten dobbelt så høg som gjennomsnittet for alle masterutdanna trass i at arbeidslivet strevde med å få tak i denne kompetansen.  Den nye rapporten syner at arbeidsløysa er mykje lågare for nyutdanna IKT-studentar som bur i Oslo eit halvt år etter eksamen, enn for dei som bur andre stadar i landet.

Funna viser elles at nyutdanna får seg jobb, men at for nokre tar det framleis noko tid, står det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. 

Formålet med undersøkinga har vore å kartleggja nettopp om det framleis er mistilpassing i arbeidsmarknaden for IKT-kandidater, og identifisera moglege forklaringar på ein slik situasjon.

Meir is i magen

Éi mogleg forklaring på at dei går ledige, er at  dei som har master i  IKT  har meir is i magen og føretrekkjer å venta på eit relevant jobbtilbod eller sysla med eigne prosjekt, framfor å ta ein irrelevant jobb. Ei  anna forklaring dreiar seg om mismatch mellom kvar dei nyutdanna bur og søkjer jobb, og kvar det er jobbar å få, går det fram av undersøkinga. 

– Overraskande

Kunnskapsdepartementet tolkar dette som at dei aller fleste får seg jobb etter kvart, men at dei må vera villige til å flytta på seg.

- Vi ser at dei fleste med mastergrad i IKT er i arbeid eit halvt år etter at dei er ferdige, og at alle er i jobb etter to til tre år. Det betyr at desse studentane er attraktive og at universiteta og høgskolane tilbyr utdanning som arbeidslivet har bruk for. Likevel er det overraskande at ikkje fleire får tilbod om jobb nærast før dei er ferdig utdanna, når vi ser kor stort behovet etter IKT-kompetansen er, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding

– Det er ikkje overraskande at mange nyutdanna søkjer seg til Oslo og sentrale delar av Viken, men det betyr ikkje at det må vera slik, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H). Ho meiner det er mykje spennande som skjer når det gjeld digitalisering i distrikta.

– Det vil vere mykje større etterspurnad etter digital kompetanse i heile næringslivet, og kanskje særleg i distriktsnæringar som energi, transport og havbruk. Framtida for desse næringane handlar langt på veg om digital omstilling. Tilgang til IKT-kompetanse i distrikta er ein føresetnad for å lykkast, seier Hofstad Helleland.

Kompetanse om IKT-sikkerheit mest etterspurd

Rapporten har ikkje funne haldepunkt for at arbeidsløysa blant nyutdanna skuldast at nokre utdanningar er mindre relevante. Samstundes er det dei studentane som har hatt emne om IKT-sikkerheit, og om korleis dei kan skreddersy IKT-leveransar for kundar, som er mest attraktive for arbeidsgjevarane.

– Dette er to viktige funn som viser at det er avgjerande for utdanningsinstitusjonane å følgje med på kva arbeidslivet etterspør av kompetanse, seier Asheim.

Bør vurdere meir praksis under utdanninga

Ein måte å få fleire nyutdanna ut i jobb på, kan vere at verksemder i distrikta, og utdanningsinstitusjonane, samarbeider meir om å opprette praksisplassar.

I dag er praksis i liten grad brukt i IKT-utdanningane.

– Det er ikkje overraskande at rapporten peikar på at meir praksis kan vere nøkkelen til å få fleire nyutdanna frå IKT-faga ut i jobb. I åra framover treng vi meir samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv. Derfor har regjeringa tatt initiativ til å utarbeide ei eiga stortingsmelding om arbeidslivsrelevans som etter planen blir lagt fram våren 2021. Men det er ingen grunn til at universiteta og høgskolane skal vente på den meldinga, dei bør allereie no sjå på moglegheitene for praksis i desse type utdanningane, seier Asheim.

Emneord: IKT, Universitetspolitikk, Studentforhold, Arbeidsforhold, Arbeidsliv Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2020 12:01 - Sist endra 4. sep. 2020 12:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere