Regjeringa vil oppretta 4000 nye studieplassar

Regjeringa aukar talet på studieplassar med 4000. Det melder Aftenposten som viser til ein lekkasje frå innhaldet i revidert nasjonalbudsjett. UiO-rektor Svein Stølen er vonbroten over at det ikkje blir fleire studieplassar i humaniora og samfunnsvitskap.

4000 EKSTRA STUDIEPLASSAR: Regjeringa opprettar 4000 ekstra studieplassar i Revidert budsjett.  – Det er viktig å få fleire i utdanning og i yrke som me har behov for framover, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim til Aftenposten.  

Foto: Ola Sæther

Då fristen for å søkja om studieplass på høgare utdanning hadde gått ut før 16. april, viste det seg at 150 784 personar hadde søkt opptak.  Det var over 12 000 fleire enn i fjor.   Dermed blir konkurransen om kvar studieplass også endå høgare. 

Det er grunnen til at forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og regjeringa  i revidert nasjonalbudsjett vil setja av pengar til ein auke i talet på studieplassar på 4000 i høgare utdanning og 1000 i yrkesfag, ifylgje Aftenposten. På grunn av koronakrisa kan mange mista jobben, og derfor vil dei søkja seg inn på høgare utdanning. 

Regjeringa foreslår denne fordelinga på dei ekstra studieplassane:

  • Helse og sosialfag: 1123 plassar
  • Lærerutdanningane: 550 plassar
  • Matematikk, naturvitskap og teknologi: 1472 plassar
  • Juridisk og økonomisk-administrative fag: 833 plassar
  • Animasjon, utøvande musikk, film og kunst: 22 plassar (Kjelde: Aftenposten)

500 millionar kroner 

 – Det er viktig å få fleire i utdanning og i yrke som me har behov for framover, seier Henrik Asheim til Aftenposten. Revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram for Stortinget tysdag 12. mai.  Auken i talet på studieplassar vil kosta 500 millionar kroner ekstra. 

– Fint

UiO-rektor Svein Stølen synest det er flott at regjeringa vil oppretta 4000 nye studieplassar i høgare utdanning.  – Det er fint for det er behov for det på grunn av dagens spesielle situasjon på grunn av koronaepidemien. Eg ser fram til å sjå på innretninga for desse studieplassane. For enno veit eg ikkje kor mange studieplassar som kjem til Universitetet i Oslo, seier han til Uniforum. 

Det inntrykket han har fått frå oppslaget i dagens nettutgåve av Aftenposten, gir han likevel grunn til å tru at fordelinga av studieplassar ikkje blir heilt slik som han hadde håpa på førehand.

– Ei stripe i lakken

– Regjeringa får ei stripe i lakken frå meg. For det ser ikkje ut som om den har tatt omsyn til at samfunnet også har eit stort behov for personar med samfunnsvitskapleg og humanistisk utdanning. Nettopp no i koronatida har me bruk for folk som kan utvikla samfunnsfagleg innovasjon og som kan gi oss ny kunnskap om samfunnet, understrekar han.

STRIPE I LAKKEN : – Regjeringa får ei stripe i lakken frå meg. For det ser ikkje ut som om den har tatt omsyn til at samfunnet også har eit stort behov for personar med samfunnsvitskapleg og humanistisk utdanning., seier UiO-rektor Svein Stølen. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Svein Stølen forstår at regjeringa har behov for å kunna oppretta nye studieplassar som også privat sektor straks kan få nytte av.

– Det er sjølvsagt forståeleg at det blir oppretta studieplassar i fag som næringslivet har bruk for akkurat no. Likevel må me ikkje tenkja for kort, men må tenkja framover og på korleis me skal forma framtida, understrekar UiO-rektoren.  

Universitetet i Oslo har tidlegare også føreslått at det blir oppretta endå fleire studieplassar i tverrfaglege studieprogram i humaniora og samfunnsvitskap.

– Det ser ikkje ut som om regjeringa har oppfylt dette ynsket, konstaterer han.  Samtidig understrekar han at han veit ikkje noko anna enn det som står i Aftenposten i dag. 

– Men eg reknar med at det som står i den lekkasjen er korrekt.

– Me ser fram til revidert statsbudsjett og fleire detaljar, inkludert svar på dei innmelde behova våre i det ordinære innspelet vårt til statsbudsjettet i oktober, legg Svein Stølen til.

     

    Emneord: Studentsaker, studietilbud, Universitetspolitikk, Undervisning Av Martin Toft
    Publisert 6. mai 2020 17:35 - Sist endra 6. mai 2020 18:04
    Legg til kommentar

    Logg inn for å kommentere

    Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
    Opprett ein WebID-brukar for å kommentere