Regjeringa føreslår 5000 ekstra studieplassar til ein halv milliard kroner

– Tilbakemeldingane så langt viser særlege behov innan helse- og medisinutdanningane. Derfor foreslår regjeringa å løyve 40 millionar kroner for å møte utfordringane, seier forskings- og utdanningsminister Henrik Asheim.

Ei kvinne står saman med fire menn i eit laboroatorium i Kjemibygningen

EIN HALV MILLIARD: Forskings- og utdanningsminister Henrik Asheim og regjeringa føreslår ei ekstraløyving på ein halv milliard kroner til nye studieplassar og rekrutteringsstillingar i revidert budsjett som blei lagt fram i dag. Her er statsråden på besøk på Kjemisk institutt i april. Like bak står rektor Svein Stølen, instituttleiar Einar Uggerud og kjemistudentane Aleksander Dalevold og Patricia Reyes Cordero. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther
Det kjem fram i revidert budsjett som blei lagt fram av regjeringa i formiddag.  Henrik Asheim trekkjer altså spesielt fram behovet på helse- og medisinutdanningane utan at han spesifiserer konkret fordelinga av studieplassar mellom dei ulike lærestadene. 
– Her trengs ei rask oppgradering av undervisingsressursar, areal og utstyr - og klinisk undervising. Derfor foreslår regjeringa å løyve 40 millionar kroner for å møte utfordringane, seier Asheim i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. 
 

 

Studieplassane går til  desse fagområda: 

- Helse- og sosialfag, mellom anna medisin, sjukepleie og barnevern: om lag 1 500 studieplassar

- Lærarutdanning, mellom anna mellom anna grunnskulelærar, PPU, barnehagelærar: Om lag 550 studieplassar

- Teknologi, naturvitskap, matematiske fag, inkludert IKT: Om lag 1 500 studieplassar

- Juridisk og økonomisk-administrative fag: Om lag 800 studieplassar

- Animasjon, utøvande musikk, film og kunst: Om lag 20 studieplassar (Kjelde: Kunnskapsdepartementet)  

Som Aftenposten først melde, og som Uniforum også har skrive om tidlegare, foreslår regjeringa i revidert budsjett til saman 4000 nye studieplassar ved universitet og høgskular, og 1000 nye studieplassar ved fagskulane. I sum blir utdanningspakka på ein halv milliard kroner.
 – Desse tiltaka vil sikre at fleire får utdanning og kompetanseheving i ein periode med høg arbeidsløyse som følge av koronakrisa, seier statsråd Henrik Asheim.

Koronakrisa gir rekordhøge søkartal

Koronakrisa er truleg ei viktig årsak til at søkartala til høgare utdanning er rekordhøge. I år har over 150 000 personar søkt seg til høgskular og universitet via Samordna opptak. Det er om lag 12 000 fleire enn i fjor. Det er også ein auke på over 10 000 søkarar til dei lokale opptaka. I tillegg har over 9 400 søkt seg til fagskulane.
 
– Frå tidlegare kriser veit vi at fleire søker seg til utdanning når arbeidsmarknaden er dårleg. Koronakrisa er ikkje eit unntak. Difor møter vi behovet med fleire studieplassar. Noreg står i ei langvarig omstilling, og utdanning er nøkkelen til at fleire kan bli inkluderte i arbeidslivet, seier Asheim.
 
UiO-rektor Svein Stølen er svært nøgd  med at regjeringa vil auke talet på studieplassar: 
– Vi er svært glade for at regjeringa aukar talet på studieplassar og stipendiatstillingar i revidert nasjonalbudsjett, seier Svein Stølen i ei pressemelding.  Han håpar mange av dei nye studieplassane kjem til UiO.  – Vi ser fram til sjølve tildelinga og forventar at mange nye studieplassar og stipendiatstillingar hamnar hos UiO. Vi har høge søkartal, og er klare til å skalere opp raskt, slår han fast. 
 

Fleire desentraliserte studietilbod

I tillegg foreslår regjeringa å bruke 43,9 millionar kroner til drift av fleksible, desentraliserte studietilbod. Beløpet omfattar også utdanningsstønad gjennom Lånekassen. På den måten kan Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) seie ja til fleire søknadar i år frå universitet og høgskular som ønsker å tilby fleksible studietilbod også utanfor campus. 
 

250 nye rekrutteringsstillingar

Den store auken i studieplassar fører også til behov for fleire stipendiatar, og postdoktorstillingar.
 
– Vi vil sikre at studentveksten ikkje går utover kvaliteten og den langsiktige forskingsaktiviteten. Difor vil vi bruke pengar på 250 nye rekrutteringsstillingar. Det skal bidra til å bygge fagmiljø, og styrke satsinga på forskingsbasert utdanning, seier statsråden.
 

Meir pengar til helse- og medisinutdanning

 
Med ein så stor kapasitetsvekst som regjeringa no foreslår, er det viktig at universiteta og høgskulane sikrar høg kvalitet i utdanning og forsking. Difor blei institusjonane bedne om å spele inn behov som gjeld dekning av særskilde utgifter. Det var då dei fekk tilbakemeldingar om at det var særlege behov innan helse- og medisinutdanningane, opplyser Henrik Asheim i pressemeldinga frå Kunnskapspdepartementet. Derfor føreslår regjeringa altså å gi 40 millionar for å møta det behovet. UiO-rektor Svein Stølen er førebudd på å ta imot nye studieplassar i medisin.  – Dette tyder på at det kjem ein sårt tiltrengt kapasitetsauke inn i medisinutdanninga  i Noreg. UiO er klar til å ta imot ytterlegare 40 medisinstudentar, seier Stølen.
I går blei det også kjent at Klima- og miljøverndepartementet i revidert budsjett føreslår ei løyving på 15.6 millionar til å grava ut vikingskipet  i Gjellestad i Halden.  Også det synest UiO-rektor Svein Stølen er ei gladmelding for UiO og Kulturhistorisk museum.  
– Prosjekt som dette er viktig for å kunne forstå vår eigen kultur og historie. Med moderne utgravingsmetodar kan vi sikre oss ny og verdifull kunnskap om vikingtida, sier Stølen
 Uniforum kjem tilbake med meir nytt om revidert budsjett seinare i dag. Etter planen skal Kulturhistorisk museum stå for utgravinga som kan kome i gang i juni, opplyser UiO i pressemeldinga. 
(Oppdatert klokka 12:41 med kommentarar frå UiO-rektor Svein Stølen
 
Emneord: Koronavirus, Forskningspolitikk, Studentsaker, utdanningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2020 11:33 - Sist endra 12. mai 2020 12:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere