Næringslivet frir til informatikkstudentar

Bedrifter står i kø for å delta på ifi-dagen ved Institutt for informatikk.  Økonomiske krisetider legg ikkje nokon dempar på ynsket om å rekruttera informatikkstudentar til næringslivet.

MØTEPLASS: På ifi-dagen er Ole-Johan Dahls hus omgjort til ein møteplass mellom informatikkstudentar og folk frå næringslivet og andre arbeidsgjevarar.

Foto: Ola Sæther

I dag er  Ole-Johan Dahls hus (Informatikkbygningen) i Gaustadbekkdalen full av studentar og næringslivsfolk og andre som er ute etter framtidas dataekspertar. 

Det er informatikkstudentane sjølve som står bak ifi-dagen som heilt sidan 2003 er blitt arrangert den siste torsdagen i oktober.  Dagen inneheld i hovudsak faglege foredrag i tillegg til mange stands frå bedriftene som har fått plass. 

I kveld  blir messelokalet omgjort til showscene og studentar og andre kan få underhaldning signert Dagfinn Lyngbø og musikk framført av Casa Murillo. 

Les meir om ifi-dagen på desse nettsidene.

 

 

Emneord: Studentforhold, Informatikk, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 29. okt. 2015 11:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere