Etter ein debatt på nærare tre timar kom Kompetanserefoma opp til votering i Stortinget i dag. Resultatet viste at det var fleirtal for forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet om å be regjeringa leggja fram eit forslag der arbeidsrelevans kan bli ein teljekant i finansieringa av høgare utdanning. Det var også det temaet som tok opp ein stor del av tida i debatten. Men også kor viktig det er å satsa endå meir på fagskulane og etablera fleire nye studieplassar der, blei tatt opp.
Dette er ordlyden i forslaget om arbeidsrelevans som blei vedtatt av Stortinget:
«Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med stortingsmeldingen om styringspolitikken for statlige universiteter og høyskoler, om å legge frem forslag til nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Forslaget må utarbeides i tett samarbeid med utdanningssektoren og arbeidslivet. Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være – Relevant arbeid etter endt studie og arbeidslivsrelevans i studiet. – Ulike opplegg for etter- og videreutdanning. – Opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør og som kan tas i kombinasjon med jobb.»
(Kjelde: Stortingets utdannings- og forskingskomité)
– Tok berre telefonar til UiO- og UiB-rektorane
Stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg frå Arbeidarpartiet var opptatt av at regjeringpartia Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre heile tida var opptekne av å understreka at dei hadde heile universitets- og høgskulesektoren med seg, når dei valde ikkje å støttta det forslaget.
– De seier at det har heile universitets- og høgskulesektoren bak dykk, medan det som de i realiteten har gjort, er å ta ein telefon til rektoren ved Universitetet i Oslo og ein annan telefon til rektoren ved Universitetet i Bergen.
– Arbeidsrelevans tel i Finland og Danmark
Partifellen hans, Nina Sandberg forstod heller ikkje kvifor Høgre var imot forslaget om å lata arbeidsrelevans bli ein faktor i finansieringssystemet.
– Arbeidsrelevans tel med i finansieringa av universiteta både i Danmark og i Finland. Stein Lier Hansen i NHO-forbundet Norsk Industri rår også til at det blir gjort. Det overraskar meg at Høgre går imot det som også OECD går inn for. Kvifor er dette så vanskeleg å få til i Noreg? spurte ho.
Senterpartiets Marit Arnstad viste til kva målet bak forslaget var:
– Formålet er å få universiteta og høgskulane til å spela på lag med arbeidslivet, understreka ho.
– Me har heller ikkje eit fiks ferdig forslag. Derfor ber me regjeringa koma tilbake til Stortinget igjen. Arbeidsrelevans er ein faktor i finansieringssystemet. Det er også andre faktorar som må gjennomgåast, slo ho fast.
– Overraskande
Arbeidarpartiets haldning i denne saka blei skarpt kritisert av Mona Fagerås frå Sosialistisk Venstreparti:
– SV meiner at sektoren skal finansierast av basisfinansieringa. Det er overraskande at Arbeidarpartiet gjekk inn for noko som heile sektoren, inkludert NTL som står Arbeidarpartiet nært, har gått imot, sa Mona Fagerås.
Hans Petter Grøvan frå Kristeleg Folkeparti meinte Arbeidarpartiet burde gjera det same i denne saka som i tidlegare saker som har vore viktige for sektoren. – Då det var snakk om at dei sjølvforvaltande universiteta ikkje lenger skulle eiga eigedomane sine lenger, lytta Arbeidarpartiet til sektoren, minna han om.
– Har behov for fleire legar, sjukepleiarar og lærarar i 2035
Leiaren for Stortingets utdannings- og forskingskomité, Roy Steffensen (FrP) forsvarte forslaget om å ta med arbeidsrelevans som ein faktor i finansieringssystemet.
– Undersøkingar viser at Noreg vil ha behov for fleire legar, sjukepleiarar og lærarar i 2035. Og i Finland og Danmark har dei arbeidsrelevans som finansieringsfaktor. Slik vil me gjera studentane meir medvitne når dei søkjer. FrP vil ha eit system som utdannar folk til samfunnet sitt behov, sa Steffensen.
Og Torstein Tvedt Solberg (A) kom også med eit nytt spark til Høgre og saksordførar Mathilde Tybring-Gjedde.
– Tåkelegginga i denne saka ligg nærast Høyres hus. Eg håpar me får eit nytt finansieringssystem der arbeidsrelevans blir ein faktor, sa han.
Mathilde Tybring-Gjedde (H) nølte ikkje med å gi han eit kontant svar.
– Den tåkelegginga har vore alle andre stader enn rundt Høyres hus. Eg trur det kan vera vanskeleg å operasjonalisera. Og regjeringa kan også finna ut at det ikkje let seg gjera, trekte ho fram. Og Torstein Tvedt Solberg peika på at det er nettopp det dei vil at regjeringa skal gjera.
– Me presiserer at regjeringa skal ta ein gjennomgang av finansieringa av sektoren, sa han.
Asheim lova oppfylging
Og på slutten av debatten lova forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) at regjeringa ville oppfylla dette ynsket.
– Regjeringa skal fylgja dette opp. Det er klart, sa han.
Under røystinga i Stortinget fekk forslaget frå Ap, Sp og Framstegspartiet fleirtal. Dermed må regjeringa gå gjennom finansieringssystemet og venda tilbake til Stortinget for å visa korleis arbeidsrelevans kan bli ein av teljekantane i eit framtidig finansieringssystem for universiteta og høgskulane.
– Prosessen er slett ikkje kortslutta
Etter at røystinga var over, var Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Nina Sandberg svært nøgd med at forslaget frå partiet hennar, Senterpartiet og Framstegspartiet om å knyta arbeidsrelevans til finansiering av høgare utdanning, fekk fleirtal.
– Eg håpar Asheim etter debatten i dag innser at sektoren og arbeidslivet er meir delt i oppfatninga enn det han har gitt uttrykk for, seier ho til Uniforum i ei sms-melding. Og ho vurderer det som har skjedd på ein positiv måte.
– Prosessen er slett ikkje kortslutta, den er i oppstarten. Eg ser fram til gode og grundige bidrag frå universiteta og høgskulane når me no endeleg får ein fullstendig gjennomgang av finansieringssystemet, seier Nina Sandberg. Ho ser heller ingen motsetning mellom vedtaket om arbeidrelevans og oppgåvene til universiteteta.
– Det å utdanna kandidatar til eit framtidig arbeidsliv har vore ein del samfunnsoppdraga til universiteta, understrekar ho.
– Dette er politikk
Uniforum tok også kontakt med UiO-rektor Svein Stølen etter at stortingsfleirtalet hadde røysta for å vurdera arbeidsrelevans som ein teljekant i finansieringa av høgare utdanning.
– Har nedprioritert kvalitet
(Oppdatert klokka 22:09 med kommentarar frå stortingsrepresentant Nina Sandberg og UiO-rektor Svein Stølen)
Logg inn for å kommentere