Utval føreslår: Livslang læring kan betalast frå potten til universitet og høgskular

Mellom 700 og 800 millionar kroner i året må brukast på livslang læring. Pengane kan takast frå basisløyvinga til universiteta og høgskulane. Det er eitt av forslaga Markussen-utvalet meiner kan gi meir kompetanse for alle gjennom heile yrkeslivet.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (t.h.) tar imot rapporten om livslang læring frå utvalsleiar Simen Markussen

LÆRING FOR ALLE: – Læra heile livet bør erstatta omgrepet etter- og vidareutdanning, meiner seniorforskar Simen Markussen ved Frisch-senteret ved UiO. Han har leidd arbeidet med ein rapport om livslang læring som han overrekte til kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i formiddag.

Foto: Ola Sæther

Det var kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner som i fomiddag tok imot rapporten om livslang læring frå utvalsleiaren Simen Markussen, som til dagleg er seniorforskar ved Frisch-senteret ved Universitetet i Oslo.

Fakta om regjeringa si kompetansereform Læra heile livet:

 I budsjettet for 2019 er det sett av 130 millionar kroner til arbeidet som skal sikra at fleire står i jobb lenger. Dette kjem i tillegg til eksisterande ordningar som t.d. etter- og vidareutdanning for lærarar.

  • I tillegg til 35 millionar til vidareutdanning i digital kompetanse, går 30 millionar kroner til bransjeprogram for særleg utsette bransjar.
  • Regjeringa vil satse 36,3 millionar kroner på at fleire skal få delta i forsøk med modular på grunnskulenivå og i fag- og yrkesopplæringa. Då får fleire betre høve  muligheter til å byggja opp eit fagbrev og gjera det enklare å kombinera opplæringa med arbeid.
  • I 2018 gav  37 prosent av norske verksemder opp  at dei hadde eit udekt kompetansebehov, ifølge Kompetanse Noregs verksemdsbarometer. Trass i auka omstillingsbehov, er deltakinga i vidareutdanning lågare i dag enn for ti år sidan, i fylgje Statistisk sentralbyrås lærevilkårsmonitor.
  • Regjeringa legg fram stortingsmeldinga "Læra heile livet" våren 2020.(Kjelde: Kunnskapsdepartementet)

Hovudmålet med forslaga i rapporten er å få fleire til å utdanna seg gjennom heile yrkeskarrieren. Fagskular skal få høve til å tilby utdanning som tar kortare tid enn eit halvt år. Universiteta og høgskulane skal få høve til å selja undervisningstilboda sine til både næringslivet og til det offentlege. Gjennom å endra finansieringsordninga skal det stimulerast til at universiteta og høgskulane kan tilby kortare studium enn i dag.

Arbeidsledige og sjukmelde kan ta studium

Det skal også vera mogleg for dei som manglar vidaregåande utdanning å kunne ta ei slik utdanning medan dei er i jobb. Og dei som er arbeidsledige og har fått utbetalt dagpengar i meir enn tre månader,skal få høve til å ta kurs ved ein høgskule eller universitet som kan styrkja kompetansen deira. Også dei arbeidsledige som har utdaterte fagbrev, kan få høve til å ta vidaregåande opplæring. Desssutan skal sjukmelde få høve til å ta eit studium.

Ynskjer at Lånekassen blir meir fleksibel

 Utvalsleiar Simen Markussen ville ha ei meir fleksibel ordning i Lånekassen.

– Me ser for oss at dei som har fullført ei utdanning gjennom Lånekassen, seinare kan få eit tilleggslån i Lånekassen på opptil 80 000 kroner.  I staden for å ha eit maksimum tal på kor mange år det er mogleg å få lån og stipend frå Lånekassen, bør det heller vera eit maksimaltak på kor stor sum enkeltpersonar kan få, sa han under presentasjonen av rapporten.  

– Me er særleg opptekne av fleksibilitet i utdanningssystemet og sjansane for å jobba og utdanna seg samtidig. Me ynskjer eit utdannningssystem som i større grad treffer behova ute i arbeidslivet. For å få dette til tilrår me eit nytt program som skal finansiera arbeidsretta opplæring. Det vil gi betre moglegheiter for tilbydarar som vil satsa, seier Markussen i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Eit privat og offentleg spleiselag

Der viser han også til korleis utvalet tenkjer seg framtidas livslange læring.

– Me rår til at utdanning skal tilbydast i kortare einingar, og gi utvida moglegheiter til å krevja eigenbetaling frå deltakarane for i større grad få til eit spleiselag mellom det offentlege og næringslivet, seier Markussen. Han håpa at ideane dei kjem me, kan skapa endringar. 

– Dei skal gi insentiv til å satsa på livslang læring på arbeidslivet sine premiss. Folk giddar ikkje å delta på opplæring som ikkje er relevant, hadde han konstatert.

– Forslaget vårt er ingen revolusjon, men ei reform. Og så vil me gravleggja omgrepet etter- og vidareutdanning og erstattta det med Læra heile livet, sa Simen Markussen.

Iselin Nybø reknar med debatt

Om forslaget om å bruka mellom 700 og 800 millionar kroner på livslang læring i året går gjennom, vil det utgjera 0,75 prosent av den samla basisløyvinga til universiteta og høgskulane. Samtidig skal også dei som tar desse kursa betala ein eigendel.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø reknar med at forslaget om å ta pengar frå basisløyvinga vil vekkja debatt:

– Ja heilt sikkert. Men det er viktig å hugsa på at desse pengane enno ikkje er tatt frå basis. Dette er det eit utval som har kome med forslag om, og så reknar eg med at me får vita kva universiteta og høgskulane meiner om det, sjølv om eg trur eg veit det allereie, vedgår ho.

– Dristig forslag

Eit av forslaga går også ut på at folk utan vidaregåande skule og utan realkompetanse, kan ta enkeltemne på universiteta og høgskulane. Iselin Nybø trur at det også kan skapa diskusjon.

– Det er eit dristig forslag og ein ny  tanke for oss. Det er eit heilt nytt forslag som heilt sikkert vil vekkja debatt. No gjeld det å få fram argumenta på begge sider, seier ho til Uniforum.

– Eg veit eigentleg ikkje kor omfattande dette er, for fleire og fleire tar høgare utdanning og har studiekompetanse i botn, legg ho til.

– Kva synest du er det viktigaste forslaget utvalet kjem med?

– Dei utfordrar oss til å tenkja litt nytt, noko som er utvalet si oppgåve. Om me berre hadde tenkt ut desse ideane sjølve, hadde det ikkje vore behov for å setja ned ei utval. Det er deira oppgåve å koma med spreke forslag, og så er det opp til oss å sjå heilskapen. Det verkar logisk å stimulera til små kurs, samtidig som me har eit utfordring med å få studentar gjennom den graden dei har starta på. Det er viktg for samfunnet. Det er to omsyn som står imot kvarandre, og då må me lyfta blkket og ta ei overordna vurdering, understrekar Nybø.

ENNO IKKJE TATT FRÅ BASIS: – Men det er viktig å hugsa på at desse pengane enno ikkje er tatt frå basis. Dette er det eit utval som har kome med forslag om, og så reknar eg med at me får vita kva universiteta og høgskulane meiner om det, sjølv om eg reknar med at eg veit svaret, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.Til høgre står kunnskaps- og intergreringsminister Jan Tore Sanner (H)  (Foto: Ola Sæther)

– Er på ballen

– Kva rolle ser du for deg at universiteta og høgskulane kan spela i denne reforma for livslang læring?

Mange av desse forslaga vil krevja ein stor aktivitet  frå universitets- og høgskulesektoren.  Men eg opplever også at sektoren allereie er på ballen sjølv og ynskjer å vera med på dette. Dei ser kor mykje det betyr for samfunnet og ynskjer å spela ei rolle i dette. Eg trur ikkje det er nokon konflikt der. Ynsket og det naudsynte i å bidra på dette området, er me nok einige om, seier Nybø til Uniforum.

Deler ut 35 millionar til digitalisering

Regjeringa deler allereie no ut 35 millionar kroner til  16 prosjekt over heile landet som skal hjelpa næringslivet til å utnytta løysingane som ligg i digitalisering.

– Den teknologiske utviklinga krev at både bedrifter og tilsette må fornya kompetansen sin. Derfor legg me til rette for at høgskular, universitet, fagskular og næringsliv saman kan utvikla meir fleksible vidareutdanningstilbod næringslivet har behov for, uttaler kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.

Då han fekk utdelt rapporten frå Markussen-utvalet, såg han fram til å gå gjennom forslaga og å ta imot alle høyringsfråsegnene.

Utvalet sender arbeidet sitt ut på høyring i dag, med høyringsfrist i september. Rapporten frå utvalet er eit viktig grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga Læra heile livet, som skal leggjast fram for Stortinget våren 2020.

Les også pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet

 

Emneord: Undervisning, Universitetspolitikk, Næringsliv, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 4. juni 2019 15:57 - Sist endret 4. juni 2019 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere