Henrik Asheim ber universiteta bidra til å skaffa kvalifisert arbeidskraft til arbeidslivet

Det er mangel på kvalifisert arbeidskraft i IKT. – No er det berre å rigga opp fleire studieplassar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

MED PÅ LAGET: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim vil ha universiteta med på laget for å skaffa arbeidslivet meir kvalifisert arbeidskraft. Her lyttar statsrådet til økonomiprofessor Steinar Holdens presentasjon av den tredje rapporten til Kompetansebehovutvalet.

Foto: Martin Toft

I Noreg er det mangel på kvalifisert arbeidskraft både i helse- og omsorgssektoren, i byggjebransjen og altså i informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Det er også altfor få som får tilbod om eller tar vidareutdanning etter at dei har fått seg ein jobb.

Funna i Kompetansebehovutvalets tredje rapport:

  • Det er særleg mangel på kvalifisert arbeidskraft i  helse, bygg og IKT
  • Kompetansebehova endrar seg og vedgår alle yrkesgrupper
  • Nokre sentrale kunnskapar dannar grunnlaget for kompetanse
  • I høgare utdanning kan arbeidslivpraksis vera ei utfordring, og ujamn kjønnsbalanse i utdanning forsterkar kjønnsskilnader i arbeidslivet

    Kompetansebehovutvalet vert leia av økonomiprofessor Steinar Holden ved UiO.

Det er nokre av funna som kjem fram i den tredje rapporten frå Kompetansebehovutvalet som vert leia av økonomiprofessor Steinar Holden ved Universitetet i Oslo. Rapporten blei lagt fram på ein pressekonferanse i selskapet Skanskas nye næringsbygg «Parallell» på Løren i går.

UiO er mellom dei studiestadene som truleg kan gi tilbod om fleire studieplassar i IKT om finansieringa frå regjeringa er på plass. Og økonomiprofessor Steinar Holden trur det er behov for fleire studieplassar i det faget.

– Der har det vore større svingingar frå år til år, men tendensen er at det stadig er behov for fleire innan IKT. Det er openbert at dette vil koma meir og meir framover. Det er også ei utdanning der me rår til å auka kapasiteten, seier Steinar Holden til Uniforum.

Og statsråd Henrik Asheim deler synspunktet hans på det området.

– Ja, det er eg veldig einig i. Dette gjer det vanskeleg med dimensjonering for oss politikarar. Det at det svingar med konjunkturane på nokre andre område, gjer det interessant. Så dersom me politikarar skulle gjort det for ofte, ville me ha sprunge etter utviklinga. Og når det ikkje lenger ville ha vore eit behov, ville me hatt for mange plassar. Når det gjeld IKT, veit me at der trengst det mange studieplassar til, så det må me berre rigga opp, seier Henrik Asheim.  

Ber universiteta og høgskulane tilpassa seg behova til arbeidslivet

Han er svært opptatt av at universiteta og høgskulane også bidrar for at folk kan skaffa seg meir kompetansen også når dei er midt i yrkeslivet.

– Då eg kom inn i denne stolen for to veker sidan sa eg at eg hadde forventingar til den høgare utdanningssektoren for at dei i høgare grad tilpassar seg dei behova vanlege arbeidsfolk og deira arbeidsgjevarar vil ha i framtida. At me har den flotte sektoren me har med så høg kompetanse er noko fleire må få nytta seg av. Me brukar i dag nesten 100 millionar kroner på dette. Det blir gjort mykje på dette allereie, men eg trur det vil vera mogleg å gjera endå meir. Og at folk kan koma litt ut og inn gjennom arbeidslivet, seier Henrik Ashiem til Uniforum.  

Steinar Holden peikar på at han og utvalet han har leia berre kan peika på nokre utfordringar, men utan å gi råd til regjeringa på dette området.

– Eg skal som utvalsleiar ikkje koma med så mange råd, men me peikar på behovet for å satsa vidare på vidareutdanning og kompetanseheving også for dei me høgare utdanning. Det er det ingen tvil om.

– Kjønnspoeng kan vera eit mogleg tiltak

Under presentasjonen av den tredje rapporten til Kompetansebehovutvalet kom Steinar Holden også inn på den skeive kjønnsbalansen i yrke også der menn tidlegare har dominert. No er situasjonen snudd på hovudet. Det er fleire kvinner enn menn som går inn i jobbar som legar, psykologar og juristar. Men det er framleis fleire menn enn kvinner som blir sivilingeniørar, medan kvinner held fram med å vera i stort fleirtal i yrke som sjukepleiarar og veterinærar. Utvalsleiar Steinar Holden trur at noko kan gjerast for å få til ein betre kjønnsbalanse i nokre av desse yrka.

– Heller ikkje på dette området føreslår me tiltak, men me drøftar jo ting som kjønnspoeng som eit mogleg tiltak. Det er noko som blir brukt, men me har inga tilråding om konkrete tiltak.

– Er det nokre fag regjeringa bør satsa endå meir på?

– Det er mangel på utdanna innan helsefag både som helsefagarbeidar og sjukepleiar. Der er det behov for å utvida utdanningskapasiteten. Problemet er at det er vanskeleg å få nok praksisplassar, slår han fast.

Stortingsmelding i mars

Statsråd Henrik Asheim sa på pressekonferansen at Kompetansebehovutvalet hadde kome med masse solid kunnskap om kompetansebehovet i arbeidslivet i framtida. Etter hans meining er det viktig for å oppretthalda høg sysselsetjing i Noreg og for å oppretta nye arbeidsplassar. No lovar han det vil koma ein del svar på utfordringane frå Kompetansebehovutvalet i slutten av neste månad.

– Me kjem med ei stortingsmelding i slutten av mars. Den svarar ikkje på alle desse problema, men den gir ei retning og den kjem med ein del tiltak. Dette kjem me til å jobba ganske kontinuerleg med. Det kjem heile tida nye behov, og det gjeld vala elevane gjer allereie på vidaregåande. Me må heile tida sjå på kva som kan bli behova i arbeidslivet framover. Her på Skanska held dei no på med utdanning av fagarbeidarar som held på med læring i bruk av digitale verktøy i staden for den tradisjonelle måten å jobba på, trekkjer Henrik Asheim fram.

Arbeidslivsmodellen er eit konkurransefortrinn

Utvalet peikar på at Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld kor mange arbeidsgjevarar som tilbyr kurs til sine tilsette. Tendensen er likevel at dei som får flest kurs er dei som allereie har høgare utdanning. Både i Noreg og i andre land er det dei som står i jobbar som står i fare for å bli automatiserte eller robotiserte bort, som får færrast tilbod om kurs. Henrik Asheim trur det er mogleg for Noreg og norske arbeidsgjevarar å halda på tetposisjonen i å tilby kurs til sine tilsette.

– Ja, definitivt. Konkurransefortrinnet vårt er den arbeidslivsmodellen me har. Også det at folk føler seg trygge på den arbeidsplassen dei har og ikkje føler at dei går ut på dato, men kan stå i jobb så lenge dei kan, er viktig.

Økonomiprofesssor Steinar Holden stiller seg også bak det ynsket.

 – Den norske arbeidslivsmodellen har fungert godt. Det har gjort samfunnet godt å leva i og det er produktivt. Så det er det viktig å ta vare på, understrekar han.

Regjeringa har bestemt seg for å forlengja Kompetansebehovutvalet, men mandatet skal fornyast noko, går det fram av ei melding på Kunnskapsdepartementets nettsider..Det vil koma nærare fram i stortingsmeldinga «Lære for livet» som vert presentert i neste månad.

Emneord: Arbeidsforhold, Utdanning, utdanningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. feb. 2020 11:51 - Sist endra 11. feb. 2020 11:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere