UiO: Livsvitskap får god karakter for å satsa på innovasjon

Universitetet i Oslo skal føra vidare forskingssatsinga på livsvitskap fram til 2025. Det vedtok universitetsstyret 5. mai. UiO:Livsvitskap får også god karakter i ei fersk internasjonal evaluering.

VIKTIGASTE: – Det viktigaste me kan læra er å fylgja tilrådinga den internasjonale gruppa føreslår når det gjeld å få utvikla dei tverrfaglege konvergensmiljøa endå meir, seier direktør Carl Henrik Gørbitz i UiO:Livsvitskap i ein kommentar til evalueringsrapporten. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Bakgrunnen for vedtaket er ei internasjonal evaluering av UiO: Livsvitskap. Den trekkjer fram at SPARK-Norway-programmet er den viktigaste innovasjonen livsvitskap står bak. Dette er eit nyskapingsprogram der forskarar som har innovasjonsprosjekt med kommersielle sjansar, kan få oppfylging og hjelp til å byggja opp eit nettverk i løpet av to år. Tverrfagleg utdanning er førebels på planleggingsstadiet, og det har heller ikkje kome heilt i mål når det gjeld tverrfagleg samarbeid, går det fram av evalueringa. 

Det er likevel nok til at universitetsdirektøren bad universitetsstyret om å vedta å forlengja satsinga på livsvitskap til 2025. Og det gjorde universitetsstyret.

Og direktør Carl Henrik Gørbitz i UiO: Livsvitskap synest tilrådingane i evalueringane er viktige og dei vil fylgja opp for å få bygd ut konvergensmiljøet. Oppgåva med å markera seg også utanfor landet, meiner han at  forskarane vil koma til å gjera. 

– Det er forskarane våre som med dei vitskaplege funna sine kan markera seg internasjonalt. For oss er det viktigaste at det vert satsa på alle område av livsvitskap og at vanlege folk får ei auka forståing av kor viktig det er, seier Carl Henrik Gørbitz til Uniforum.

Imponert over det tverrfaglege målet

Den internasjonale evalueringsgruppa var sett saman av finske og britiske forskarar som alle har godt ord på seg i fagområdet livsvitskap.

Dette er evalueringsgruppa som også er Strategic Advisory Board (Strategisk rådgjevingsgruppe) for UiO:Livsvitskap:

- Melissa Parker, professor i medisinsk antropologi ved  London School of Hygiene and Tropical Medicine, Storbritannia

- Sirpa Jalkanen, professor i immunulogi ved Åbo universitet, Finland,

- Jari Koistinaho, direktør for Senter for nevrovitskap ved Helsingfors universitet, Finland - Laurence D. Hurst er professor i evolusjonær genetikk ved University of Bath, Storbritannia.

(Kjelde: UiO: Livsvitskap)

Evalueringsgruppa uttrykkjer at den er svært imponert over målet om at livsvitskap skal ha med seg alle miljø frå teologi, jus, og filosofi i til medisin og naturvitskap.  Samtidig peikar dei på at når det gjeld praksis så viser det seg at dei vitskaplege artiklane som blir publiserte, som regel kjem frå dei medisinske og naturvitskaplege miljøa.  Men den har registrert at det er ei haldningsendring når det gjeld viljen til å samarbeida og forska på tvers. På den positive sida viser gruppa også til at dei som held på med livsvitskap driv eit godt nettverksarbeid og at det etter kvart vil få positive resultat når det gjeld å få til konvergensmiljø, det vil seia forskingsmiljø som smeltar saman. 

Vonbrotne over respons på spørjeskjema

Dei uttrykkjer derimot vonbrot over at berre litt over halvparten av dei som er involverte som forskarar i livsvitskapssatsinga tok seg tid til å svara på spørjeskjemaet til evalueringsgruppa eller Strategic Advisory Board som den heiter offisielt. Rådet oppfordrar til at det blir danna breiare grupper av konvergensmiljø enn dei som eksisterer i dag.

SPARK-programmet er mest vellykka

Det som gruppa trekkjer fram som det mest vellykka i satsinga på livsvitskap på UiO så langt, er SPARK Norway. Dette er eit nyskapingsprogram der forskarar som har innovasjonsprosjekt  med kommersielle sjansar kan få oppfylging og hjelp til å byggja opp eit nettverk i løpet av to år. Dei får også utbetalt ein halv million i året i dei to åra etter kvart som dei når viktige milestolpar i prosjektet. Så langt har 23 prosjekt kome i gang, og dei første ni avslutta programma sine i mars i år. Evalueringa viser at deltakarane i hovudsak er svært nøgde med programmet. Likevel meiner gruppa at dei ulike rollene i programmet må bli klarare. Dessutan peikar dei på at mentorane og det globale nettverket kan bli utnytta endå betre enn i dag.. Dei meiner at dei vanlege møteplassane må halda fram med å vera dynamiske og bli reviderte og betra. 

Eit anna positivt trekk dei har funne er at dei som deltar i programmet har blitt endå meir opne for å satsa på ein karriere som entreprenørar eller grunnleggjarar av nye selskap i staden for berre å kunna tenkja seg ein akademisk karriere. Evalueringa viste også at mesteparten av dei bruksretta funna, kom gjennom grunnforsking og nyfiknedriven forsking.  Dei synest at det viktig å satsa vidare på den delen av forskinga saman med innovasjonsforsking.  Dei meiner at UiO: Livsvitskap har potensial i seg til å gjera nettopp det.

Vil ha ut meir informasjon i media

Evalueringsgruppa vil gjerne at UiO:Livsvitskap skal bli endå flinkare til å få forskinga dei held på med ut i media. Dei viser spesielt til døme der vitskapen kan betra helsevesenet. Dei viser til at det er stor interesse for forsking hos folk flest, og at forsking med samfunnsrelevans er ikkje berre den som møter medisinske behov, men også den som stimulerer hjernen. “People are hungry for understanding”, understrekar dei, og meiner altså at folk er svoltne på å forstå ting.

Dei har i hovudsak gått gjennom Oslo Life Science-konferansen.  Den meiner dei har bore for mykje preg av utanforståande som har brukt konferansen til å fremja innovasjon, medan dei heller ville ha høyrt meir av UiO-forskarar som kunne fortelja om forskinga dei held på med i livsvitskap. Dei peikar også på at det var nettopp innlegga til forskarane frå UiO: Livsvitskap som var dei mest interessante å høyra på. Dei tykkjer også at Darwin-dagen og dei verdsberømte forskarane som heldt innlegg der, var eit fint internasjonalt supplement til Oslo Life Science-konferansen.

FØRELESAR:  PhD./MBA Rabia Khan frå selskapet Sensyne Health i Storbritannia var ein av dei utanlandske forskarane som heldt innlegg på Oslo Life Science- konferansen i februar.( Arkivfoto: Martin Toft) 

Evalueringa peikar på at det nettopp er satsinga på å etablera konvergensmiljø og satsinga på SPARK som utgjer mesteparten av kostnadane til UiO: Livsvitskap med høvesvis 58,3 prosent og 14,3 prosent. Andre område som tverrfagleg undervisning, studentinnovasjon og kommunikasjon og utoverretta verksemd utgjer til saman 2 prosent av dei samla utgiftene til satsinga.

Oppfordrar til meir internasjonalisering

Gruppa føreslår at dei vert sett i gang andre typar konvergensmiljø enn i dag, både breie og smale, både på tvers av fakultet og innanfor eit fakultet.  Dei oppfordrar også UiO til å satsa endå meir på internasjonalisering i livsvitskap.

Ei god oppfylging vil vera å invitera internasjonale toppforskarar i livsvitskap til å ta eit lengre opphald på UiO. For å få betre kommunikasjon mellom dei ulike forskingsmiljøa på UiO som ynskjer å driva med livsvitskap, oppfordrar dei til fleire konferansar både internt på fakulteta og på tvers av fakultetsgrensene. Dei meiner også at det kan vera ein god idé å ha faste kaffimøte om morgonen og andre sosiale møte. Det må også vera enklare administrative rutinar for dei aktuelle forskarane. Dei viser til korleis eit tema som forsking på antiresistente bakteriar kan vera eit tema som kan interessera forskarar frå så forskjellige fag som odontologi, medisin, landbruk, evolusjon, økologi, og informatikk, men også i psykologi, som kan prøva å finna ut korleis ein skal overtala folk til ikkje å ta antibiotika mot virusinfeksjonar.

Tilrår eige utdanningsprogram

Evalueringsgruppa rår også UiO:Livsvitskap til å setja i gang eit eige program for studentar, og eit anna for dei som planlegg ein akademisk karriere og dei som har fått ein stipendiatstilling. Dei bør då tilby dei opplæring både i korleis dei skal skal skrive ein vitskapleg artikkel og korleis dei kan skaffa finansiering til forskinga si. Dessutan bør dei lærast opp i korleis dei kan bli gode gruppeleiarar og i korleis dei kan få ein patent på ei oppfinning. Også korleis dei kan byggja opp eit selskap på grunnlag av eigne idear, kan dei få undervisning i, meiner dei som står bak evalueringa av UiO-Livsvitskap.

Bygning kom før visjonen for livsvitskap

Ein tanke dei også har gjort seg, er at realisering av ein eigen bygning for livsvitskap har kome før ein visjon om kva bygningen skal innehalda. Dei sjølve føreslår at visjonen må vera at det skal vera ei verdsomfemnande senter for framifrå forsking i alle delar av humanbiologien, frå grunnleggjande mekanismar i å forstå sjukdomar gjennom molekylære mekanismar til potensiell nyskaping og nye medisinar, noko som viser grunnen til at kjemi og farmasi skal vera i bygningen. Etter deira meining må ein slik visjon presenterast for heile forskarsamfunnet på UiO, slik at dei også kan gi tilbakemelding og innspel. 

Dei tilrår også at det blir meir forsking med initiativ frå grunnplanet, altså frå forskarane sjølve, og ikkje så mykje forsking som toppleiinga tar initiativet til. Dei meiner at ein slik strategi vil gjera yngre forskarar meir svoltne på å driva forsking og til å tenkja utanfor boksen.  Dei rår også til at det blir vurdert å lata dei forskarane som ynskjer å satsa på livsvitskap og nyskaping til å få avlasting for andre dei  arbeidsoppgåvene som dei har til dagleg.  Dei meiner ikkje at dei ikkje skal undervisa, men ha mindre undervisning i periodar, medan andre som ynskjer det, kan ta meir undervisning i ein periode.

Gruppa har stor tru på at UiO: Livsvitskap har grunnlaget i seg til å oppnå målet i Strategi 2030 om at livsvitskapen i den nye livsvitskapsbygget skal innfri forventingane samfunnet har til denne satsinga.

– Vil utvikla konvergensmiljøa endå meir

Direktør Carl Henrik Gørbitz i UiO:Livsvitskap er godt nøgd med evalueringa og vil lytta til råda. 

– Det viktigaste me kan læra er å fylgja tilrådinga den internasjonale gruppa føreslår når det gjeld å få utvikla dei tverrfaglege konvergensmiljøa endå meir. Dette tar me ein diskusjon med styret vårt i møtet 4. juni.  UiO: Livsvitskap vil ha ei ny utlysing seint i år eller tidleg i 2021, og då vil me ta med moglege endringar, seier han.  

Men han meiner at det er langt meir tverrfagleg enn det evalueringsgruppa gir inntrykk av. 

– Dei seier at det skjer meir på papiret enn i praktisk forsking. Me tar det til vitande, men me viser gjennom aktivitetane våre at det me får til, er tverrfagleg forsking, understrekar han.

I evalueringa er det SPARK-Norway  som får mest ros. Dette er eit prosjekt som oppfordrar og støttar yngre forskarar i livsvitskap økonomisk til å bruka forskingsidear til å utvikla innovasjon og oppstartsselskap.  

– Tar med oss alle innspel

– UiO: Livsvitskap får og mange råd innan utdanning, mange av dei i overkant ambisiøse for ei eining med fire personar utan eige undervisningsansvar, men me tar med oss alle innspel når me skal støtta framtidige utdanningstiltak med eit tverrfagleg perspektiv, seier Gørbitz.

Den internasjonale gruppa meiner også at UiO:Livsvitskap bør verta endå meir synleg både internasjonalt og i media.

 – Ja, dei vil til og med at me skal ha vår eigen kommunikasjonsstrategi.  Den må i så fall halda seg til UiOs kommunikasjonsstrategi. Det er forskarane våre som med dei vitskaplege funna sine kan markera seg internasjonalt. For oss er det viktigaste at det vert satsa på alle område av livsvitskap og at vanlege folk får ei auka forståing av kor viktig det er, seier Carl Henrik Gørbitz til Uniforum.

– Velfortent ros

Inger Sandlie er professor i molekylærbiologi  på Insittutt for biovitskap. Ho har leia fleire forskingsprosjekt og var ein dei dei første som fekk tildelt UiOs innovasjonspris. Også ho likar det ho les om UiO:Livsvitskap i evalueringa:

– Spark-programmet får velfortent ros, fortel ho til Uniforum i ein epost. Ho trekkjer også fram at komiteen meiner det er ein stor risiko med konvergensmiljøsatsinga, og at dei derfor tilrår fleire intrafakultære tiltak.  
– Eg er ein varm tilhengjar av konvergensmiljøa, og håpar dei får gode forhold. Viss framdrifta ikkje er som ynskt, må UiO finna fram til flaskehalsar, og leggja betre til rette, meiner ho.  

– Ei oppgåve for fakulteta

Inger Sandlie er også klar på kven som har ansvaret for den andre delen av tilrådingane:
–  Når det gjeld intrafakultære tiltak, meiner eg det primært er ei oppgåve for fakulteta.  Eg støttar Finn-Eirik Johansen når han ber det nye dekanatet ved Mat.nat-fakultetet om å auka tildelinga av KD- stipendiatar til livsvitskap, uttrykkjer ho overfor Uniforum. 

Inger Sandlie er svært begeistra for eit av forslaga gruppa kjem med.

– Eit forslag til tiltak som høyrest moro ut, er ein årleg livsvitskapskonferanse. Det støttar eg fullt ut og tilrår arrangement med masse foredrag av MSc studenter, PhD-er og postdocs, postarar, sosialt, mat og drikke, synest ho.

 

Emneord: Livsvitskap, Universitetsstyret, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere