Dei trur livsvitskapen kan gi svar på store spørsmål

– Mange av svara på spørsmåla samfunnet har i dag ligg i livsvitskapen. Med desse orda opna UiO-rektor Svein Stølen i ettermiddag den femte livsvitskapskonferansen i Universitetets aula.

Ein mann står på ein talarstol i Universitetets aula

LIVSVITSKAP: Rektor Svein Stølen opna den femte internasjonale livsvitskapskonferansen i Universitetets aula i dag.

I opningstalen peika Svein Stølen også på kor mykje grunnleggjande forsking som skjer i Oslo.

– Europas tettast høgteknologiske område ligg i Oslo. Det er ikkje mine ord, men eit sitat frå nyhendebyrået Reuters, slo han fast.

– Me må stilla grunnleggjande spørsmål og så må me kopla livsvitskap til svære datamengder (Big Data).  Derfor helsar eg dykk velkomne til konferansen som ber namnet «Life Science in the next decade» (Livsvitskap i det neste tiåret), sa Svein Stølen.

I rektorbloggen viser Svein Stølen til kvar nokre av desse  store spørsmåla kan få svar. 

«Det nye livsvitenskapsbygget er en del av svaret. Når det åpnes i 2024, blir det Norges største og mest moderne forsknings- og undervisningsbygg. Over ca 66 000 kvm legges det til rette for førsteklasses forskning, undervisning og innovasjon, og bygget skal bidra til økt samarbeid og interaksjon mellom ulike aktører. Målsettingen er intet mindre enn å skape et internasjonalt ledende forsknings- og innovasjonsmiljø innen livsvitenskap,» er formuleringa Svein Stølen kjem med. Han viser til at det blir ein viktig del av aksen frå Gaustad til Marienlyst som har fått namnet Oslo Science City. «Life Science-konferansen er en viktig arena for å synliggjøre UiOs sterke satsing på livsvitenskap,» understrekar han i rektorbloggen.

– Kan gi pasientar betre livskvalitet

Statssekretær Paul Chaffey i Kommunal- og moderniseringsdepartementet fylgde opp med å peika på regjeringa sin nyleg framlagde strategi om kunstig intelligens. 

– Det kan gi legar høvet til å gi pasientar betre behandling og behandling med mindre smerter enn i dag. Kort sagt kan det gi dei ein betre livskvalitet, meinte han. Han trekte også fram at for Noreg er det viktig å halda fram med digitaliseringa av samfunnet.

– Noreg er verdsleiande i å ta i bruk digitale verktøy. Det er ein posisjon som me også ynskjer å ha i framtida, understreka han. 

VERDSLEIANDE: – Noreg er verdsleiande i bruk av digitale verktøy. Det er ein posisjon me også ynskjer å ha i framtida, sa statssekretær Paul Chaffey under livsvitskapskonferansen måndag ettermiddag (Foto: Martin Toft)

– Viktig å ta vare på personvernet

Også han viste til bruken av pasientdata innanfor kunstig intelligens.

– Det er viktig at personvernet blir tatt vare på. Og så er det viktig å få eit klart svar på kven som er ansvarleg for ei avgjerd som er tatt av ei maskin, trekte han fram.

Paul Chaffey viste også den store forsamlinga av norske og utanlandske forskarar kor viktig det er med tillit i Noreg.

– I Noreg har folk tillit til kvarande og også til styresmaktene. Derfor er det viktig at me har gode retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i samfunnet vårt. No håpar eg at me får sjå livsendrande resultat av denne forskinga, sa Paul Chaffey.

– Me må endra heile utdanningssystemet vårt

Den første utanlandske føredragshaldaren var PhD/MBA Rabia Khan frå selskapet Sensyne Health i Storbritannia.  Ho peika på at helseutgifter tar ein større og større del av bruttonasjonalproduktet til alle land.

VIL ENDRA UTDANNINGSSYSTEMET: – Me må undervisa elevane og studentane i maskinlæring på tvers av alle fag. Det vil læra dei mangfald og kreativ tenking, sa  PhD./MBA Rabia Khan. (Foto: Martin Toft)

– Talet på personar med demens stig frå 36 millionar i verda i dag til 115 millionar i 2050. Å finna ein god medisin vil kosta milliardar og ta minst ti år, fortalde ho. Etter hennar meining ligg svaret på dette i eit endå tettare samarbeid mellom livsvitskap og tilgang til store datamengder, i hovudsak pasientdata. Men ho hadde også eit anna råd til politikarar og forskarar.

– Me må endra heile utdanningssystemet vårt. Me må undervisa elevane og studentane i maskinlæring på tvers av alle fag. Det vil læra dei mangfald og kreativ tenking, var hennar hovudbodskap.

PUBLIKUM: Ein del av publikum på livsvitskapskonferansen. (Foto: Martin Toft)

Livsvitskapskonferansen held fram i morgon, onsdag og torsdag. Utanom hovudkonferansen i Universitetets aula skipar konferansen også til ei kunstutstilling, eit frukostmøte om lykke og innføring i programmering hos barnehagebarn.

Emneord: Livsvitenskap, Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2020 18:22 - Sist endra 10. feb. 2020 18:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere