Skipsgrava frå Gjellestad i Halden kan vera 1200 år gammal

Skipsgrava på Gjellestad i Halden er frå tida mellom år 700 og 900 e.Kr.  Det viser årringsdatering frå kjølen til skipet. Soppangrep har ført til store skader og Kulturhistorisk museum rår derfor til at det straks vert starta utgraving av skipet.

UTGRAVING: Prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud viser fram området på Gjellestad i Halden,der dei i august starta den første delen av utgravinga av ei skipsgrav. Det har ikkje skjedd sidan Osebergskipet blei gravd ut for 116 år sidan.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er prøven av kjølen til skipet som gjorde det mogleg å finna ut maksimumsalderen for skipet ved hjelp av årringsdatering (dendrokronologi).

I fylgje undersøkinga frå Kulturhistorisk museum ved UiO svarar årringsmønsteret i denne delen av kjølen til vekstmønsteret for eik i perioden 603 -724 e.Kr.  Prøven viser også at eika ikkje har vakse på Austlandet, men har kome frå Agder eller Sogn og Fjordane. Det viser at skipsgrava er frå tidleg vikingtid nett som Osebergskipet, Gokstadskipet og Tune-skipet, er konklusjonen til arkeologane.

Oppdaga med georadar

Det var oktober 2018 nyhendet kom om at det var gjort eit funn av noko som kunne vera eit vikingskip på Gjellestad i Halden kommune. Forskarar frå Norsk institutt for kulturminneforskning, NIKU, hadde gjennom målingar med georadar oppdaga ei tydeleg skipsform under bakken. Dei hadde også oppdaga stolpehol og avtrykk etter langhus, men også fleire mindre gravplassar. Utgravingane, som er eit samarbeid mellom  Kulturhistorisk museum og Østfold fylkeskommune (no Viken fylkeskommune), starta opp i august i fjor. Museet har hatt hovudansvaret for funna knytte til skipet, medan fylkeskommunen har hatt ansvaret for utgravingane av dei andre funna.

• Les i Uniforum: Vikingskipet på Gjellestad: Hele verden venter i spenning

Laga ei sjakt på 22 meter

Arkeologane frå Kulturhistorisk museum gjennomførte ein grundig gjennomgang av korleis funnet på Gjellestad såg ut. Det gjorde dei ved å laga ei sjakt på 22 meter frå rett aust for skipet til utkanten av ruinen frå haugen i vest. Sjakta fylgde ei dreneringsgrøft som skar inn i skipet og slutta inn i dette, går det fram av eit presseskriv frå Kulturhistorisk museum og ein presentasjon som prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud gjorde på ein pressekonferanse i Klima- og miljødepartementet i dag.

Undersøkinga som Kulturhistorisk museum har gjort av funnområdet, viser at skipet i grava er svært nedbrote, men at det framleis er synleg som mørke teikningar mot jorda som ligg omkring. Jorda er sett saman av lys, grov silt. Nedbrytinga av skipsrestane har først skjedd etter  at det er blitt utsett for erosjonsbakteriar dei første hundreåra etter nedgravinga.

Sopp har gått til åtak på trevirket

I nyare tid er det sopp som har gått til åtak på trevirket, og har vore hovudansvarleg for nedbrytinga av treet i skipet. Det syner analysane Kulturhistorisk museum har fått utført ved Göteborgs universitet. Berre lengst nede i utgravinga, under drensrøyret, var tre bevart frå den nedre delen av kjølen til skipet. Det er akkurat den trebiten som er utgangspunktet for at arkeologane no kan tidfesta skipet til perioden mellom 700 og 900 e. Kr. 

Ein trebit frå ein kjøl på eit skip funne i ein gravhaug på Gjellestad i Halden
TREBIT FRÅ VIKINGSKIP: Dette er eit nærbilete av trebiten frå kjølen til skipet som er funne på Gjellestad i Halden.  Analysen av trebiten har kunna tidfesta skipet, men også avslørt store soppskader. (Foto: Martin Toft)

15 gravhaugar

Ei undersøking Østfold fylkeskommune (no Viken fylkeskommune) har gjort med georadar har påvist 15 gravhaugar, og spor etter minst 4 langhus. Så langt har dei ikkje gjort andre konkrete funn frå vikingtida, men meir frå folkevandringstida frå mellom 400 og 550  år e. Kr.  Men det er også gjort funn frå eldre bronsealder det vil seia frå 1700-talet f. Kr. Folk med metalldetektorar har gått gjennom område og funne restar av myntar. Det tyder på at Gjellestad kan ha vore ein viktig handelsstad.   

– Tilrår snarleg utgraving

Både rapporten frå Viken fylkeskommune og rapporten frå Kulturhistorisk museum blei overrekt klima- og miljøminister Ola Elvestuen og riksantikvar Hanna Geiran på ein pressekonferanse i Klima- og miljødepartementet i dag.

Prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud ved Kulturhistorisk museum nytta seg også av høvet til å koma med ei utfordring til klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Ein mann viser ein annan mann ein trebit frå ei skipsgrav
TREBIT MED TIDSFASIT: Prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud  (t.v.) viser klima- og miljøminister Ola Elvestuen trebiten frå kjølen til skipet i skipsgrava på Gjellestad. Det er den som er fasiten for å kunna tidfesta kva år skipet er frå. (Foto: Martin Toft)

– Me tilrår ei snarleg utgraving av skipet for å sikra kunnskaps- og formidlingspotensialet, var bodskapen han kom med til statsråden. Og han fekk gode signal frå Ola Elvestuen.

– Eg set pris på slik kunnskap. Derfor er det heilt i orden å få ei slik politisk utfordring, var svaret han gav. Han understreka også at det er viktig å ta vare på og kartleggja dette funnet, ikkje berre fordi det er viktig for norsk historie, men også er viktig internasjonal historie.   

– På same måte som me etter tilråding frå Riksantikvaren har tatt tak i og tatt vare på funn frå Avaldsnes på Karmøy, Clemenskyrkja i Oslo og tungtvatnanlegget på Rjukan, gjer med også det me må gjera med dette funnet, viss riksantikvar Hanna Geiran ber om det, lova han.

– Vil ta litt tid

I eit intervju med Uniforum rett etter pressekonferansen kan ikkje riksantikvar Hanna Geiran  lova at ho vil gi klarsignal til å setja i gang utgraving av skipet.

– Det er fleire partar som er inne i saka, blant andre Viken fylkeskommune og Kulturhistorisk museum. No skal me setja i gang med undersøkingane, og me har fått eit klart råd frå arkeologane og eit signal frå statsråden.

– Du kan ikkje seia akkurat når de vil bestemma det?

– Nei, det vil ta litt tid. Det er ikkje berre å setja spaden i jorda og begynna å grava. Dette må planleggjast godt og grundig. Me må finna ut kor mykje me skal grava og måten me skal gjera det på. Potensialet for å finna noko og få mykje kunnskap er jo kjempestort.

– Kva synest du om det dei har klart å finna ut så langt?

– Det er jo svært spennande, og me ser kor stor interesse det er for historia,  seier ho til Uniforum. Hanna Geiran viser til kor dramatisk klimaendringane er for funnet.

– Det gjer at det blir brote raskare ned. Me er i ein situasjon der det hastar med å få gjort noko med dette, understrekar ho.

Direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum er begeistra for funna som er gjort på Gjellestad.

– Det er over 116 år sidan det sist blei gjort eit liknande funn i Noreg, og då var det Osebergskipet. Det er eit av dei viktigaste funna frå vikingtida i Europa. Så dette er også spennande, seier han.

– Kjempa om makta i Viken

Håkon Glørstad kan roa ned alle som trur at det no er naudsynt å utvida det framtidige vikingtidsmuseet på Bygdøy.

– Nei, det er det ingen fare for, konstaterer han. Også Håkon Glørstad har bite seg merke i at eika skipet er bygd av truleg ikkje har vakse på Austlandet, men i Agder eller i Sogn og Fjordane. Han trur likevel ikkje at det tyder på ei tidleg samling av Noreg.

 – Nei, det er heller eit teikn på at Viken var eit område der fyrstefamiliar frå heile landet kjempa om makta, slår han fast.

– Eit funn av verdskaliber

Jan Bill er samlingsansvarleg for vikingskipssamlingane til Kulturhistorisk museum. For han er det spennande å vera med på å analysera funnet av skipsgrava frå Gjellestad.

I FELTEN: Arkeologar frå Kulturhistorisk museum og Østfold fylkeskommune (No Viken fylkeskommune) i felten på utgravingsområdet på Gjellestad i Halden. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Dette er eit funn av verdskaliber. Det har alle dei delane me kan ynskja oss; Ei monumental skipsgrav, bevart tre som det er mogleg å gjera djuptgåande analysar av, og me har eit område med monumentale gravhaugar som strekkjer seg langt tilbake i tid.  Og det er ein stad der makta har kome til uttrykk. Og så har me ein internasjonal handelsplass som ligg berre eit steinkast borte, oppsummerer han.  

– Kan henta ut mykje informasjon

 – Korleis er dette funnet samanlikna med til dømes Osebergfunnet og Gokstadfunnet?

– Den største skilnaden er at det er funne i dag og ikkje for 100 år sidan. Det vil seia at me kan undersøkja funnet på ein heilt annan måte enn det som ein var i stand til med dei tidlegare vikingskipsgravene. Samtidig er det også rett å seia at tinga ikkje er like godt bevart her som i dei andre skipsgravene. Med dagens metodar kan me likevel henta ut mykje informasjon. Ei viktig oppgåve vert no å finna fakta og kunna formidla om det som fanst i skipsgrava.

Også Jan Bill meiner det er viktig å få til ei full utgraving.

– Først og fremst er det viktig for å ta vare på dei spora som enno finst. Dei vil ikkje vera der alltid. I løpet av få år kan funna brytast ned. Derfor er det viktig å grava den ut no og ikkje venta til seinare, seier Jan Bill til Uniforum.

 

Emneord: Arkeologi, Kulturhistorisk museum, Vikinger Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2020 17:18 - Sist endra 17. jan. 2020 22:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere