Universitetsstyret er einige om hovudretninga i Strategi 2030

Skal klimakrisa vera ein premiss i verksemda til UiO? Det var punktet det var mest debatt om då universitetsstyret diskuterte Strategi 2030 for opne dører i går.

Alle medlemane i universitetsstyret sit rundt eit langbord i Professorboligen i sentrum

EINIGE: Universitetsstyret er einige i hovudretninga i Strategi 2030. Det blei klart då Strategi 2030 blei diskutert for opne dører i går. 

Foto: Ola Gamsdt Sæther

Det var i førre veke Uniforum kunna melda at diskusjonen om Strategi 2030 skulle gå føre seg bak stengde dører i seminardelen i møtet i universitetsstyret.  

Tidlegare styremedlem, biologiprofessor Kristian Gundersen tykte det var rart i ei så prinsipielt viktig sak. Styrerepresentant Olav Gjelsvik sa at han ville ta saka opp i universitetsstyret.  

Då saka kom opp rett etter møtestart i universitetsstyret  i går blei det liten dramatikk. For etter ein kort diskusjon blei heile universitetsstyret einige om å halda diskusjonen om Strategi 2030 for opne dører. Nokre få røyster frykta at medlemane ville leggja band på seg, når dei skulle snakka for open mikrofon, men då ordskiftet hadde begynt, såg det ut som om den frykta ikkje var særleg stor. 

Medan høyringsinnspela til Strategi 2030 sprikte i alle retningar når det gjaldt kva plass livsvitskap skal ha i Strategi 2030, var medlemane i universitetsstyret samstemte i at det er viktig å satsa på livsvitskap etter at regjeringa har fylgd opp med naudsynte løyvingar til bygginga av Noregs største universitetsbygning i Gaustadbekkdalen.

Ein mann talar på møtet i universitetsstyret ved UiO. Til høgre sit ei kvinne.
GÅR IKKJE AN:  – Det går ikkje an både å satsa  og ikkje å satsa på livsvitskap. De skal få hjelp av oss til å foreina dei to synspunkta, understreka ekstern representant Idar Kreutzer. Til høgre sit studentrepresentant Runa Kristine Fiske. (Foto: Ola Sæther)

– De skal få hjelp av oss

Ekstern representant  Idar Kreutzer minna styrefellane sine om det ,då han tok ordet.

– På nokre område må universitetsleiinga ta tak. Det går ikkje an både å satsa  og ikkje å satsa på livsvitskap. De skal få hjelp av oss til å foreina dei to synspunkta, understreka han.  

Alle dei elleve styremedlemane var einige i at det er viktig at Strategi 2030 er kort.

– Det er viktig at den er kort og forpliktande, meinte ekstern representant Anne-Marie Engel. 

– Og så er det viktig at den har retning, sa ekstern representant Kristin Hollung.

 – Kan klarast opp

For Olav Gjelsvik, som er representant for dei faste, vitskaplege tilsette, var usemja om plassen til livsvitskap i Strategi 2030 noko som det ville vera lett å retta opp.

 – Eg trur ikkje det er så motsetningsfylt som det ser ut som. Eg trur ikkje det er så stor motstand mot å forska på livsvitskap.  Mange reagerer på at livsvitskap er den einaste av UiOs forskingssatsingar som er nemnt i utkastet til Strategi 2030. Noko av usemja kan klarast opp med dei rette formuleringane, trudde han.

Styret var i hovudsak einige om punktet som handlar om at ein skal bevara og vidareutvikla UiO som eit forskingsintensivt breiddeuniversitet.  Men nokre av styremedlemane, mellom andre, vitskapleg representant Anne Birgitte Rønning peika på at det er gjennom breidde ein får fram dei framifrå fagmiljøa. Me må ikkje nedskalera dette omsynet, meinte ho. 

Kristian Bjørkdahl, som representerer dei mellombels vitskaplege tilsette var einig, men han tykte det var viktig at UiO kunne underbyggja  dette målet.

– Me må visa korleis UiO kan vera både breiddeuniversitet og forskingsintensivt.

Ekstern styrerepresentant  Qaisar  Farooq Akram  var litt i tvil om UiO ville klara det.

– Er organisasjonen fleksibel nok til å til å utvikla det tverrfaglege? spurte han.

Når det gjaldt punkt 3 i forslaget til Strategi  2030 som handlar om europeisk samarbeid som global plattform, så tykte alle at det var ei uproblematisk formulering. Heller ikkje studentrepresentant Runa Kristine Fiske trudde at det ville skapa vanskar å leggja vekt på europeisk samarbeid.

– Nei, eg trur ikkje førelesarane  eg hadde på utviklingsstudiet vil slutta å samarbeida med universitet i Afrika og i Sør-Amerika av den grunn, slo ho fast. 

Berekraft må etterprøvast

Det fjerde punktet handlar om at berekraft skal vera eit gjennomgåande tema. Alle syntest det var viktig å ha med. Idar Kreutzer åtvara derimot om at det kunne bli ei kvilepute.

 – Mange pressar berekraft inn i alt mogleg. Derfor må dette etterprøvast, slik at me kan sjå implikasjonane og finna ut om dei har effektar, var hans råd. 

Studentrepresentant Runa Kristine Fiske gav uttrykk for at det var feil å ta med eit konkret mål som å etablera Oslo Sustainability Centre i ein strategi.

 – Me må heller ha det med som eit tiltak, meinte ho.

 Rektor Svein Stølen fann grunn til å minna om at berekraft ikkje er synonymt med klima og miljø. 

– Berekraft er også likestilling og det som handlar om mat, trekte han fram.

FORSTÅING: Representant for dei teknisk-administrative tilsette Marianne Midthus Østby hadde forståing for uroa til styrefellen Kristian Bjørkdahl om å leggja inn klimakrisa som ein premiss i verksemda til UiO. Til venstre sit Olav Gjelsvik og til høgre studentrepresentant Erlend Ditlefsen Aag. (Foto Ola Sæther)

– Finst også ei demokratikrise

Då universitetstyret kom fram til det femte punktet, der det heiter at “Klima skal vera eit premiss for heile verksemda til UiO”, fekk styrerepresentant Kristian Bjørkdahl litt problem. 

– Det er ikkje sikkert me er heilt einige om dette. Det finst også ei demokratikrise i verda, konstaterte han.  

– Ja, men det er viktig å ha ei retning, sa Svein Stølen.

 Både Olav Gjelsvik og Marianne Midthus Østby. som er representant for dei teknisk-administrative tilsette, hadde forståing for synspunktet til Kristian Bjørkdahl. 

– Dette er strategien til UiO. Kva skjer med autonomien til forskinga? spurte Marianne Midthus Østby.  

– Viser ei klar klimasatsing

Studentrepresentant Erlend Ditlefsen Aag  var like klar på at det var eit punkt som det er viktig for UiO å ha med.

– Det er mi oppgåve å ta ordet for den yngre generasjonen. Me veit alle kva klimaendringane fører til. Eg synest det er viktig å ta det med som premiss. Det viser ei klar klimasatsing, understreka han.

Han fekk solid støtte frå Idar Kreutzer som viste til at store multinasjonale selskap har tatt omsyn til dei omfattande klimaendringane og  no har konkludert: 

- “Business as usual is not an option.”

 Han meinte at ikkje å gjera noko med den omseggripande klimakrisa  er som å sitja om bord i den synkande Titanic og tinga ein gin tonic til.

– Klimakrisa er ei gjennomgripande utfordring. Me må som universitet seia at me tar eit ansvar.  Det er viktig å reflektera dette på ein god måte. Ingen ser det som ein god idé å leggja til side den akademiske fridomen,  la Idar Kreutzer vekt på. 

Marianne Midthus Østby var overtydd om at heile styret er einig i at dette måtte med, men at det burde formulerast på ein annan måte.

Det var inga usemje i styret om at det er viktig for UiO å satsa endå meir på utdanning i neste strategiperiode.  Og alle slutta også opp om at det er svært viktig å gi livsvitskap og helse ein tydeleg plass.

– Det er dumt om det ikkje kjem med i strategien det som skjer med livsvitskapsbygningen. Samtidig er det også viktig at strategien ikkje må bli splittande . Dette skal vera ein samla strategi  for heile verksemda, minna ho om. 

Idar Kreutzer fylgde opp.

– Me valde å løfta fram ei satsing på livsvitskap. Me fekk gjennomslag , så då må me levera,  sa han bestemt. 

Diskuterte to utkast til visjon

Dei andre temaene i  utkastet til  Strategi 2030 var det heller liten diskusjon om.  Styremedlemane fekk også på bordet førebelse utkast til visjon for UiO frå kommunikasjonsdirektør Berit Kollberg Rossiné. Dei fekk valet mellom to visjonar: “Saman for ei berekraftig verd” eller “Kunnskap som forandrar”.  Det var ulike meiningar om kva visjon som var best. Og det spørsmålet skulle heller ikkje styret avgjera i den siste diskusjonen om Strategi 2030 før nyttår.

No skal synspunkta frå styret syast saman med forslaga til retningar og  bearbeidast.  Så skal dekangruppa bli involvert.  Neste høve styret får til å diskutera Strategi 2030 er på eit styreseminar 4. februar.  Då skal eit forslag til Strategi  2030 leggjast fram og drøftast.  Strategi 2030 skal vedtakast endeleg i styremøtet 14. februar.  Det opplyste rektor Svein Stølen på styremøtet 3. desember.

Dette er hovudpunkta i  Strategi 2030 med UiO-leiinga sine framlegg til retning :

1. Ein kort strategi

Me held fast på ein kort strategi der me identifiserer nokre viktige område som UiO skal flytta seg på dei neste ti åra.

2. Bevara og vidareutvikla UiO som eit forskingsintensivt breiddeuniversitet

I ei tid der merksemda til samfunnet om teknologiske og medisinske fagområde er stor og aukande, skal UiOs breidde og styrken til humaniora og samfunnsfaga takast vare på og utviklast vidare i neste tiårsperiode.

3. Europeisk samarbeid som global plattform

UiOs rolle som eit leiande og aktivt universitet i Europa (inkludert arbeidet med The Guild og Circle U ) vert framheva i Strategi 2030.

4. Berekraft som gjennomgåande tema

Berekraft skal tydeleggjerast som eit gjennomgåande tema i  Strategi 2030. Som eit viktig element initierer me eit arbeid for å etablera Oslo Sustainability Centre.

5. Klimakrisa som premiss i verksemda til UiO

Klimakrisa skal tydeleggjerast som eit viktig premiss for heile verksemda til UiO dei komande ti åra

6. Endå høgare utdanningsambisjonar

Me skal arbeida for at UiO i 2030 skal ha like godt ord på seg for undervisninga si som for forskinga si, og setja opp mål som byggjer under dette.

7. Utvikla fleire leiande disiplinære og tverrdisiplinære forskingsmiljø

UiO skal etablera institusjonane og finansielle strukturar som støttar opp om utviklinga av fleire internasjonalt framifrå forskingsmiljø

8. Livsvitskap og helse skal gjevast ein tydeleg plass

Livsvitskap, helse og samhandlinga med aktørar som OUS og AHUS skal tydeleggjerast i  lys av løyvinga til Noregs største universitetsbygg, utbygginga av  OUS og oppfylginga av Grimstad-utvalet.

9. Innovasjon (breitt definert) og entreprenørskap

UiOs ambisjonar for innovasjon skal tydeleggjerast i Strategi 2030 med mål som byggjer opp under eit breitt og inkluderande innovasjonsomgrep.

10. Digitalisering

Digitaliseringa og digital kompetanse skal gjerast synlege  under alle verksemdsområda  i Strategi 2030

11. Satsing på campusutvikling

Campusutvikling som kopling mellom kunnskap, arbeidsliv, kultur og byutviklin skal  tydeleggjerast  i Strategi 2030.

12: Visjon, ambisjonar og kommunikasjon

UiO er ein solid institusjon og skiftar kurs sakte.Me skal bevara fundamentet, forsvara sentrale verdiar og samtidig fornya oss. Det tilsseier at profilen i kommunikasjonsarbeidet også må endrast gradvis, og ikkje skje i raske skift. Visjon, ambisjonar og profil bør såleis harmonerast  og me vil leggja fram ulike forslag til diskusjon i styret.

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. des. 2019 08:45 - Sist endra 4. des. 2019 10:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere