UiO etablerer norsk-kinesisk senter for miljø- og samfunnsforsking

I september opna Universitetet i Oslo og Zhejiang Universitet  i Kina eit felles senter som skal driva med forsking på klima og miljø, knytt til samfunnsvitskapane og humaniora og med mogleg tett samarbeid med naturvitskaplege fag.

TVERRFAGLEGE PROSJEKT: – No skal me prøva å få til fleire tverrfaglege forskingsprosjekt om klima og miljø ved hjelp av dette senteret, seier Mette Halskov Hansen som er professor i Kina-studiar.

Foto: Ola Gamst Sæther

For professor i Kina-studiar, Mette Halskov Hansen er det viktig å ha fått landa ein slik avtale med eit kinesisk universitet.

– Ja, det er klart. No har me ein avtale som gjer at fleire studentar, doktorstipendiatar og vitskaplege tilsette ved UiO har høve til å byggja opp samarbeid med kinesiske forskarar og dra på studieopphald eller på feltarbeid i Kina, seier ho.

Zhejiang Universitet:

- grunnlagt i 1897, og eit  av Kinas eldste universitet

- ligg i millionbyen Hangzhou i Zhejiang-provinsen

- er med blant eliteuniversiteta i Kina, som er omtala som C9-ligaen (C9-league)

- 3741 fast vitskaplege tilsette

- 54 641 studentar

- rektor Wu Zhaohui

- saman med UiO har det etablert senter for miljø- og samfunnsforsking SINORSE ved universitetet.

(Kjelder: Wikipedia, Zhejiang Universitet og UiO)

Får eigen ph.d.-stipendiat

Både UiO og Zhejiang University har gitt støtte til senteret og HF har gjort det mogleg å lysa ut eit 4-årig ph.d.-stipend.

– Den som blir tilsett, skal jobba ein fjerdedel av arbeidstida med å utføra administrative oppgåver for senteret.

Senteret ber det offisielle namnet Sino-Norwegian Centre for Research on Society and Environment (SINORSE) . Det er kome i stand på initiativ frå forskarar både ved Zhejiang University, som ligg i millionbyen Hangzhou, og Universitetet i Oslo.

 – Me har samarbeidt med kvarandre i det fem år lange Airborne-prosjektet som var finansiert av Noregs forskingsråd. Då det gjekk mot slutten, hadde me lyst til å halda fram med dette arbeidet, og tanken om at me kunna etablera eit senter, blei fødd, seier Mette Halskov Hansen til Uniforum.

– Nyttig å inkludera utveksling av studentar

Først var planen at dei skulle få til eit senter basert berre på forsking.

– Men me fann ut at det var nyttig å inkludera utveksling av studentar. Partnarane våre på Zhejiang Universitet ynskte også at me skulle ha eit fysisk kontor og ein formell struktur for senteret. Dei fann støtte for det hos leiinga på universitetet. Og det endelege positive svaret om opprettinga kom no i sommar, fortel Mette Halskov Hansen.

Derfor drog ho ned dit i september og var med på den offisielle opninga saman med forskarfellane sine frå Kina og Noreg. Senteret har to direktørar, ein frå Kina, professor Yu Jianxing, som er dekan på Zhejiang Universitet, og ein frå UiO, Mette Halskov Hansen. Desse to arbeider tett saman med kollegaer om det praktiske arbeidet. UiO har også gitt ei støtte på 350 000 kroner over tre år til senteret.

– Forskingsrådet har gjennom forskingsprogrammet INTPART gitt oss støtte til student- og lærarutveksling og til fleire felles arbeidsverkstader mellom dei kinesiske og norske forskarane. Alt det kjem i tillegg til finansieringa av ei ph.d.-stilling på Det humanistiske fakultetet, opplyser ho.

I september var alle samarbeidspartnarane samla i Kina. Neste år skal dei ha ei samling og fagleg workshop på UiO i august.

– Kvar gong me har møte i Kina, betaler samarbeidspartnarane våre både reise og opphald for oss. Og når dei kjem hit, gjer me det same for dei, fortel Mette Halskov Hansen.

Banebrytande med tverrfagleg forsking i Kina

Senteret skal driva forsking på miljø og klima og mellom anna kva fylgjer klimaendringar får for samfunnet. I Kina er det banebrytande med tverrfagleg forsking som inkluderer både humsam og naturvitskaplege fag.

– Ja, der har forsking på klima og miljø i hovudsak blitt gjort av forskarar ved matematisk-naturvitskaplege fakultet, og svært sjeldan av forskarar innanfor samfunnsfag og humaniora. No skal me prøva å få til fleire tverrfaglege forskingsprosjekt om klima og miljø ved hjelp av dette senteret, fortel ho. Mette Halskov Hansen viser til at dei allereie har etablert langvarig samarbeid med forskarar frå Senter for klimaforsking – Cicero og Mat.Nat.-fakultetet ved UiO, men også med ei rekkje naturvitskaplege forskarar frå universiteta Tsinghua og Zhejiang i Kina. For henne er det også viktig å understreka ein annan viktig ting.

– Dette er eit initiativ som har kome nedanfrå, frå forskarar som allereie har etablert samarbed over lang tid. Samtidig er det viktig at me har støtte frå toppleiinga ved begge universiteta. Og når me finn ut at senteret ikkje lenger har ein funksjon, står me fritt til å leggja det ned igjen, peikar ho på.

OPNA SENTER: Både professor Mette Halskov Hansen og viserektor Åse Gornitzka var til stades under den offisielle opninga av det norsk-kinesiske senteret for miljø- og samfunnsforsking ved Zhejiang Universitet i Kina. Det var også dei kinesiske og norske partnarane som står bak senteret. (Foto: Zhejiang Universitet)

– Fremjar forsking og internasjonalisering knytt til Kina

Mette Halskov Hansen trekkjer også fram to andre viktige ting med denne etableringa.

– Det fremjar forsking og internasjonalisering klart knytt til Kina. Slik situasjonen er i dag i Kina og i universitetsverda, er det viktig med institusjonelt samarbeid for studentane våre. Dei har då større sjanse til å få studieopphald og feltarbeid i Kina. Og det er bra for UiO å ha eit senter ved eit universitet i Kina som det har samband til. Me hjelper også dei kinesiske partnarane våre, for dei har heile tida eit press på seg frå universitetsleiinga om å inngå internasjonalt, institusjonelt samarbeid, i tillegg til dei meir individuelle prosjekta som dei inngår i, understrekar Mette Halskov Hansen.

No ser ho fram til den kinesisk-norske-samlinga på UiO i august 2020.

– Ja, det gjer eg. Og senteret er eit resultat av den kontakten som fagmiljøet på Kina-studiar på HF har hatt, og me håpar den kontakten også kan koma fleire Kina-interesserte forskarar på UiO til gode, seier ho.

Av Martin Toft
Publisert 28. okt. 2019 04:30 - Sist endra 28. okt. 2019 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere