– Akademikarar i Kina og Noreg må ha god kontakt

– Den akademiske fridomen er avgrensa i Kina. Nettopp difor er det viktig å ha gode fagfellar som kan gi oss meir kunnskap om situasjonen til menneskerettane i landet, meiner førsteamanuensis Maria Lundberg ved Norsk senter for menneskerettar på UiO.

UNDERVISER I MENNESKERETTAR: Også her ved Beijing University blir det undervist i menneskerettar. (Arkivfoto)

Foto: Grethe Tidemann

I dag er det seks masterstudentar frå Kina ved senteret. Samtidig er tre norske studentar frå Det juridiske fakultetet i Kina. Nokre studerer menneskerettar og Kinas lover, medan andre er studentar ved partnaruniversiteta våre.

– Me er svært nøgde med at ein norsk jusstudent denne våren er på eit semesteropphald ved Renmin University Law School i Kina, seier Cecilie Figenschou Bakke som er leiar for Kina-programmet ved Norsk senter for menneskerettar på UiO.

17 år langt samarbeid med Kina

Etter at Nobels fredspris blei gitt til menneskerettsforkjemparen Liu Xiabo i 2010, har det politiske klimaet mellom Kina og Noreg vore svært nær frysepunktet. Senteret har difor ikkje flagga utvekslingsavtalane sine med Kina like høgt som før.

For i over 17 år har senteret samarbeidd med Kina om menneskerettsstudium, og det gav tidleg også ut ei lærebok om menneskerettar på kinesisk.

– Eg underviser kinesiske studentar i menneskerettar på engelsk på fleire universitet i Kina, og det er eit stort engasjement om alt som har med menneskerettar å gjera frå studentane si side. Denne debatten viser at menneskerettane er universelle, og slett ikkje berre vestlege, og eg understrekar også heile tida at ein kinesisk jurist også var med på utforminga av FNs menneskerettserklæring i 1948. Rett nok var det like før Den kinesiske revolusjonen, men det vekkjer likevel stor interesse, fortel førsteamanuensis Maria Lundberg.

Kina har ambisjonar på menneskerettsområdet

I dei 17 åra som er gått, har dei elles lagt merke til at Kina også har store ambisjonar på menneskerettsområdet.

– Ja, absolutt. Kina er aktiv i FNs menneskerettsråd i Geneve, og noko som er heilt nytt, er at no søkjer også kinesarar ledige stillingar som spesialrapportør for FN på område som handlar om menneskerettane, fortel Cecilie Figenschou Bakke.

Det har også Maria Lundberg notert seg.

– Kina er absolutt i endring og blir større og mektigare år for år, og landet vil gjerne ha menneskerettskonferansar, og organiserer seminar om rettsstatsomgrepet i ein kinesisk kontekst. Kva tyder eigentleg det? Det er det viktig for oss å finna ut, og difor deltar me sjølvsagt på slike møtestader, seier Bakke og Lundberg.

Cecilie Figenschou Bakke har også registrert at Kina har store mål for forskinga på universiteta.

– Og kinesiske forskarar gjer det svært godt internasjonalt i naturvitskap, men nettopp på grunn av den avgrensa akademiske fridomen klarer ikkje alle forskarar i landet å koma på eit like høgt nivå innanfor samfunnsvitskap og juss. Det er viktig at dei har tilgang til all relevant akademisk litteratur for å kunna skriva internasjonale toppartiklar, slår ho fast.

– Må pleia kontakten med forskarar og studentar

Begge slår difor eit slag for at den vidare akademiske kontakten med Kina må halda fram.

– Straumen av kinesiske studentar som vil til Europa og USA tar ikkje slutt. Dei som søkjer seg til det engelskspråklege masterstudiet i internasjonale menneskerettar, har alle svært gode karakterar frå heimlandet, og me kan plukka ut dei aller beste, seier Bakke og Lundberg.

– For oss er det viktig å pleia kontakt med både kinesiske forskarar og studentar. Når dei er i Noreg, ser dei at Noreg er noko for seg sjølv og ikkje berre Vesten. Samtidig ser dei at dei landa som dei ser på som Vesten, kan vera ueinige seg imellom i viktige politiske saker. Og dei oppdagar at studentar og forskarar har forskjellige synspunkt på saker og ting, både i akademiske og politiske spørsmål. Dei får kontakt med den internasjonale, akademiske verda. Det kan bli ei aha-oppleving for mange av dei, understrekar Bakke.

Maria Lundberg meiner at det også er tilfellet ved studentutveksling den andre vegen.

– Eg trur mange norske studentar vil bli overraska over kor store meiningsskilnader det er mellom kinesiske studentar og akademikarar. Det er ikkje mogleg å overvurdera verdiane av desse debattane. Også i Kina kan dei diskutera det meste, så lenge det ikkje trugar Kommunistpartiets autoritet, slår ho fast.

Kina har skrive under på 26 menneskerettskonvensjonar gjennom FN.

– Det finst mange gode menneskerettsekspertar i Kina. Nokre av dei deltar for å observera når menneskerettssituasjonen i Noreg eller i andre land blir tatt opp i FNs menneskerettsråd. Også situasjonen i Kina har vore oppe til høyring i det rådet. Sist skjedde det for eitt år sidan, peikar dei på.

Ynskjer betre mottaksapparat ved UiO

Både Cecilie Figenschou Bakke og Maria Lundberg synest Universitetet i Oslo er blitt mykje flinkare på internasjonalisering av utdanning enn tidlegare. – Men det er framleis mogleg å byggja opp eit endå betre mottaksapparat for dei studentane og akademikarane som kjem hit frå Kina og andre land. Om dei blir gåande åleine og ikkje får draghjelp i byrjinga, kan dei få eit ordentleg kultursjokk, fryktar dei.

Norsk senter for menneskerettar har utvekslingsavtalar med kinesiske universitet som underviser i menneskerettar.

– På den måten får me til internasjonalisering, men me skulle gjerne ha sendt fleire norske studentar til Kina. I dag har landet åtte institusjonar som har blitt utpeika av styresmaktene som basar for menneskerettsundervisning. Faktisk vil dei gjerne at me lagar ein ny versjon av læreboka i menneskerettar som me gav ut i 2002. Då svarar me alltid at i dag har Kina så mange eigne menneskerettsekspertar at dei fint klarer å laga lærebøker på eiga hand. Fleire av fagfellane våre har allereie kome ut med slike lærebøker, seier Cecilie Figenschou Bakke og Maria Lundberg.

Så viser dei fram eit tidsskrift om menneskerettar med artiklar skrivne av kinesiske forskarar og ekspertar.

– Dette tidsskriftet viser at Kina ynskjer å syna fram meir av korleis landet tenkjer om menneskerettar og at det finst brei kompetanse på menneskerettar i Kina i dag. Den kompetansen bør brukast på ein best mogleg måte, understrekar Bakke og Lundberg.

Imponert rektor

UiO-rektor Ole Petter Ottersen rosar det samarbeidet senteret har med Kina.

– Det er flott og viktig at Det juridiske fakultetet og Norsk senter for menneskerettar har hatt eit slikt akademisk samarbeid over så mange år. Å byggja kompetanse er grunnsteinen i eit kvart samfunn, og gjennom gjensidig akademisk utveksling og samarbeid evnar me å styrkja relasjonen mellom Noreg og Kina på eit så sentralt område, seier Ottersen i ein kommentar til Uniforum.

UIO-rektoren set pris på at mange kinesiske studentar kjem til Noreg.  

– Eg er imponert over alt som går føre seg, og det er flott at det er fleire kinesiske studenter her, det lærer me mykje av. Samtidig oppfordrar eg norske studentar til å reisa utanlands og nytta seg av dei avtalane og det samarbeidet me har med Kina.

(Oppdatert 7. mai 2015 kl. 20.57)

AKADEMISK KONTAKT: – For oss er det viktig å pleia kontakt med kinesiske forskarar og studentar. Når dei er i Noreg, ser dei at Noreg er noko for seg sjølv og ikkje berre Vesten, seier Maria Lundberg og Cecilie Figenschou Bakke ved Norsk senter for menneskerettar ved UiO.

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Internasjonalisering, Menneskerettar, Kina Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2015 14:21 - Sist endra 7. mai 2015 20:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere