140 deltakarar frå store delar av verda har kome til Oslo for å delta på den 6. konferansen i regi av det kinesisk-nordiske nettverket for kjønnsforsking.
– UiO er ivrige etter å styrkja sambandet med Kina, og derfor skal me også senda ein delegasjon til Kina til våren, fortalde rektor Svein Stølen då han opna konferansen.
Stort oppmøte av kinesiske forskarar
Heile 40 av forskarane kjem frå forskingsinstitusjonar i Kina.
– Truleg har aldri så mange forskarar frå Kina vore samla på same konferanse ved UiO tidlegare, trudde koordinator Harriet Bjerrum Nielsen. Fram til onsdag skal deltakarane høyra på foredrag om kjønnforsking både i Kina og i dei nordiske landa. Dei vil ha samlingar både i Vilhelm Bjerknes hus på Blindern og i lokala til Det juridiske fakultetet i sentrum.
– Universitetet i Oslo er fast bestemt på å styrkja banda med Kina. Derfor er me ivrige etter å utvikla samarbeidsforholdet vårt vidare, sa rektor Svein Stølen i opningstalen sin. Han gav honnør til eldsjelene av det kinesisk-nordiske nettverket som for sjette gong har klart å få i stand ein forskingskonferanse.
– Eg vil ynskja dykk hjarteleg velkomne til Universitetet i Oslo og til Oslo. Og eg håpar de får mange kulturelle opplevingar og at de også får inn ein god del akademisk påfyll, sa rektor Svein Stølen.
– Forskarsamarbeidet har halde fram
Chen Yinzhang, som er generalsekretær for Fudan Development Institute ved Fudan University i Kina tok også ordet. Han kom inn på det fleire år lange kalde forholdet mellom Noreg og Kina.
–Trass i at forholdet mellom dei to landa ikkje har vore det aller beste i denne tida, har likevel forskarsamarbeidet halde fram, nesten som før, slo han fast.
– Kina har masse å læra om kjønn og likestilling i dei nordiske landa, meinte han.
Etterpå heldt Harriet Bjerrum-Nielsen eit foredrag om likskapar og ulikskapar når det gjeld kjønn i Kina og dei nordiske landa.
– Innbyggjarane i desse landa har i alle fall ein ting til felles. Mange av dei fylgjer med på den norske TV-serien «Skam». Ungdommar i Kina og ungdommar i Noreg er ganske forskjellige, men no held ungdommar i begge land på med å sjå den same serien, konstaterte Bjerrum Nielsen.
I dag held konferansen fram i sentrum før den blir formelt avslutta førstkomande onsdag.
.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere