- Håpar menneskerettsdialogen med Kina blir tatt opp igjen

– Eg håpar normaliseringa av forholdet mellom Noreg og Kina fører til at også menneskerettsdialogen me hadde tidlegare, blir tatt opp igjen. Det seier Cecilie Figenschou Bakke, som er leiar for Kinaprogrammet på Norsk senter for menneskerettar ved UiO.

I SAMTALE MED KINA-DELEGASJON: Cecilie Figenschou Bakke og norske ekspertar i samtale med ein delegasjon frå Kina som besøkte Det juridiske fakultetet hausten 2016. Det skal utarbeidast nytt kinesisk lovverk på fri rettshjelp. Gruppa besøkte Noreg og Europa for å utveksla erfaringar.

Foto: Tone Magni Vestheim /UiO

Det var i går statsminister Erna Solberg kunngjorde frå Stortingets talarstol at Noreg og Kina hadde normalisert det diplomatiske sambandet mellom dei to landa. Nyhendet har skapt stor glede i næringslivet, som no ser at den svære, kinesiske marknaden opnar seg for norske produkt som laks og skipsutstyr.

Cecilie Figenschou Bakke er leiar for Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar.

– Det er grunn til å feira normaliseringa i forholdet mellom Noreg og Kina etter seks lange år, men dette må ikkje skyggja for menneskerettssituasjonen i Kina.

– Håpet mitt er at menneskerettsdialogen som Universitetet i Oslo deltok i med Kina fram til 2010, no blir tatt opp igjen. Den gongen kom forskarar, ekspertar og folk frå sivilsamfunnet i Kina saman med representantar for forskingsmiljøa og ekspertar og representantar for norske organisasjonar for å diskutera ulike tema innanfor menneskerettane. Det var store delegasjonar frå kvar side, men me klarte å laga mindre arbeidsgrupper med ulike tema der folk kunne diskutera vanskelege spørsmål i ro og fred. Det er svært viktig, og det hadde vore fint om denne dialogen kunne blitt tatt opp igjen, synest ho.

– Må sjå korleis regjeringa agerer ved Dalai Lama-besøk

– Mange meiner at norske styresmakter har gitt etter for press frå Kina, for å hindra Noreg i koma med kritikk av kinesisk politikk og brot på menneskerettar. Kva meiner du om det?

– Avtaleteksten kan tolkast på mange måtar, og det er i dag mange som meiner Noreg har gått for langt i å tekkjast Kina. Det ligg ein intensjon i artikkel 3 om at Noreg vil «gjøre sitt beste» for å unngå handlingar som kan skada det bilaterale forholdet. Det tyder ikkje, slik eg les det, at ein ikkje kan kritisera Kina.

– I FN er det vanleg  praksis å kommentera på menneskerettsutvikling i alle medlemslanda. Det viktigaste blir å sjå korleis den norske regjeringa og andre institusjonar agerer neste gong Dalai Lama varslar at han vil koma på besøk til Noreg, og korleis Noreg reagerer i FN når menneskerettsvurderinga av Kina kjem opp i Geneve i 2018, seier Figenschou Bakke til Uniforum.

Har halde kontakt med Kina

Det var etter at Den norske nobelkomiteen gav Nobels fredspris til den kinesiske regimekritikaren Liu Xiaobo i 2010, isfronten mellom Kina og Noreg tok til. Fram til det året hadde Norsk senter for menneskerettar hatt ein 15 år lang menneskerettsdialog med Kina. Sjølv om den offisielle dialogen tok slutt, har senteret likevel hatt kontakt med fagpersonar og har gjennomført mindre menneskerettsprosjekt i Kina.

– Me har heile tida jobba jamt og trutt og hatt fleire møte med forskarar, ekspertar og representantar for ulike organisasjonar i Kina, fortel ho.

Ynskjer fleire studentutvekslingsavtalar

Bakke viser til at Det juridiske fakultetet for kort tid sidan skreiv under nokre studentutvekslingsavtalar med to kinesiske universitet.

– Målsetjinga er å skriva under fleire liknande utvekslingsavtalar med andre universitet. Derfor trur me at det vil bli mange fleire norske studentar som vil dra til Kina i åra framover enn no. Dei siste åra har altfor få norske studentar hatt studieopphald i Kina, synest ho.

For henne er det viktig at Noreg anerkjenner korleis Kina ser på verda, samtidig som det er viktig at kinesiske styresmakter og ekspertar har god forståing av prosessar og samfunnsforhold i Noreg og i Europa.

Opptekne av menneskerettar og rettstryggleik

I Kina har Bakke registrert stor interesse frå forskarar og studentar for å koma til Noreg.

– Dei er opptekne av både menneskerettar, velferdsstaten, kvinnerettar og rettstryggleik. Me sjølve set verdiar som ytringsfridom, akademisk fridom og opne debattar svært høgt. Og mange av dei kinesiske akademikarane som allereie har vore her, viser også at dei set stor pris på desse verdiane. Dei nemner ofte tilgangen til data for å gjera god forsking og kor opne folk er i klasserommet for å diskutera utfordrande, juridiske problemstillingar og menneskerettar, som positive ting med opphaldet på eit norsk universitet, peikar ho på.

Starta menneskerettsundervisning i Kina

Cecilie Figenschou Bakke trekkjer også fram at Norsk senter for menneskerettar var fødselshjelpar for undervisninga i menneskerettar på kinesiske universitet.

– Me er stolte over at me har vore med på å byggja opp kompetanse på det området. Forskarar som deltar i nettverka våre, får med seg ny kunnskap som dei tar med heim til studentane sine, understrekar ho.

Neste år har Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar 20-årsjubileum.

– No ser det ut til at det kan bli ei større markering av det jubileet, seier Cecilie Figenschou Bakke.

Store reiseproblem for forskarar

I løpet av dei seks åra det iskalde forholdet mellom Noreg og Kina varte, var det store problem for norske og kinesiske akademikarar å møta kvarandre. Det stadfestar Kina-ekspert Mette Halskov Hansen, som er professor ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk på UiO.

– Det er ein del forskarar og forskingsinstitusjonar som har hatt problem med å få visum til Kina dei siste seks åra, og for nokre av oss har det største problemet faktisk vore at forskarar og universitetsleiarar me inviterte, ikkje fekk offentleg pass så dei kunne reisa til Noreg. Mange har måtta reisa på privatpass, og nokre har måtta reisa via andre land innanfor Schengen, fortel ho.

Og det har skjedd med fagpersonar også innanfor naturvitskapen.

– Ein kunne tru at dette særleg hadde råka samfunnsvitskapane og humaniora, men det finst fleire døme på at også naturvitskaplege miljø i Noreg har hatt problem. Det har ramma litt tilfeldig, og det har ikkje vore eit klart mønster, understrekar Halskov Hansen.

– UiO bør koma raskt på bana

No trur ho denne praksisen er i ferd med å endra seg.

– No er håpet hos både norske og kinesiske forskarar eg har snakka med sidan i går at det i Kina igjen blir oppfatta som positivt å samarbeida med norske forskingsmiljø, og også å inngå meir forpliktande institusjonelle avtalar. Her bør UiO koma raskt på bana som - sannsynlegvis - det universitetet i Noreg som har breiast samarbeidsflate med universitet og fagmiljø i Kina. Eg håpar sjølvsagt også at alle forskarar på UiO, og ikkje minst innanfor Kina-studium, no igjen vil kunna få visum til Kina, seier Mette Halskov Hansen til Uniforum.

Skryt over norsk diplomati

Ein tredje Kina-ekspert, forskar Harald Bøckman ved Senter for miljø og utvikling på UiO, gir norsk diplomati skryt for å ha fått til ei normalisering i forholdet til Kina. Til NRK seier han at han trur at Kina også var lei straffepolitikken og at normaliseringa til Noreg er både strategisk og pragmatisk frå kinesisk side.

– Eg trur Kina har funne ut at det iskalde forholdet til Noreg har vore ei større bør for det internasjonale omdømmet enn det dei sjølve fekk ut av det. Det skulle vera eit signal til andre land om ikkje å gå over streken, men det har ikkje fungert som det trugsmålet det burde, seier Bøckman til NRK.

 

Emneord: Menneskerettar, Kina Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2016 17:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere