UiO-leiinga ber statsministeren om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum

Eit nytt vikingtidsmuseum er det einaste som kan sikra at vikingskipa på Bygdøy blir tekne godt nok vare på. Det går fram av eit brev UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen har skrive til statsminister Erna Solberg.

BER ERNA SOLBERG SIKRA PENGAR: Under Arendalsuka hang eit banner om behovet for eit nytt vikingtidsmuseum på utsida av skipet MS Sunnhordland. Skipet var både hotell og møtelokale for UiO under Arendalsuka. UiO-leiinga ber no statsminister Erna Solberg om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum.

Foto: Martin Toft

I dag starta regjeringa arbeidet med å sy saman det endelege forslaget til statsbudsjett for 2020. For Universitetet i Oslo er det viktig at det no kjem ei startløyving til det planlagde Vikingtidsmuseet på Bygdøy.

Derfor har rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen nyleg sendt eit brev til statsminister Erna Solberg med kopi til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø. Der ber dei om at regjeringa finn rom for oppstart av bygging av nytt vikingtidsmuseum i forslaget til statsbudsjett for neste år.

Står i fare for å kollapsa

I brevet ,som er datert 7. august, peikar dei på at vikingskipa er eit unikt trekkplaster for Noreg og ein del av verdsarven vår. Dei viser til at vikingskipa står i fare for å kollapsa på grunn av forvitring og at nye 3D-skanningar av skipa viser ei urovekkjande utvikling.

I brevet trekkjer dei også fram at vibrasjonar og klima i bygningen er dei største trugsmåla mot skipa. Derfor argumenterer dei for at arbeidet med eit nytt vikingtidsmuseum må koma i gang så fort som mogleg. «Det planlagte nye Vikingtidsmuseet er en forutsetning for at vikingskipene skal bli sikret på en best mulig måte, da sikringen av skipene er integrert som en del av byggeprosjektet», skriv Stølen og Benjaminsen i brevet til statsminister Erna Solberg. Dei understrekar også at museet er eitt av få ferdig prosjekterte byggjeprosjekt i universitets- og høgskulesektoren.

«Snarest mulig byggestart»

Samtidig gjer dei statsminister Erna Solberg merksam på at «UiO er meget tilfreds med at det i Granavolden-erklæringen ble stadfestet at regjeringen vil «starte arbeidet med bygging av Vikingtidsmuseet.».

Dei meiner også at det einaste som kan gi skipa godt nok vern, er eit nytt museumbygg. «Fordi det nye bygget er det eneste som kan sikre tilfredsstillende ivaretakelse av skipene, er UiO svært opptatt av snarest mulig byggestart for det nye museet.» står det i brevet som UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen har sendt til statsminister Erna Solberg.

UiO-leiinga var viss på at ei startløyving skulle koma i det reviderte statsbudsjettet for 2019 den 14. mai. Då den ikkje kom, blei dei svært vonbrotne sidan det altså hadde kome ein klar lovnad i Granavolden-erklæringa frå den nye firepartiregjeringa.

Lova å ta vare på den unike verdsarven

Sist forskings- og kunnskapsminister Iselin Nybø uttalte seg i saka, var i eit skriftleg svar frå stortingsrepresentant Nina Sandberg frå Arbeidarpartiet.  Den 3 juni kunne Uniforum fortelja at Iselin Nybø var heilt einig  med Nina Sandberg i at dette er ein unik verdsarv.

– Den verdsarven både skal me og må me ta vare på. Derfor har regjeringa i Granavolden-plattforma slått fast at regjeringa vil starta arbeidet med bygging av vikingtidsmuseet, svarte Iselin Nybø. Då oppsummerte ho at regjeringa hadde brukt til saman 140 millionar kroner på vikingskipa og samlingane dei siste åra.  Etter det regjeringa hadde rekna ut, er det sidan 2012 brukt 85 millionar kroner til prosjektering av byggjeprosjektet og i tillegg 15 millionar til sikringsarbeidet som er ein del av byggjeprosjektet. Forskingsprosjektet Saving Oseberg har fått tildelt 40 millionar kroner sidan 2015, opplyste statsråd Iselin Nybø i svaret til Nina Sandberg i juni. Ho kom også med ei oppfordring til UiO.

 – Universitetet i Oslo har det løpande ansvaret for sikring av samlinga, og eg forventar at universitetet tar dette ansvaret på ein god måte inntil nybygget kjem på plass, understreka Iselin Nybø då. 

Om statsminister Erna Solberg, forskings- og høgare utdanningsmiinster Iselin Nybø og resten av regjeringa oppfyller ynsket i brevet frå UiO-leiinga denne gongen, får me svar på 7. oktober. Då legg regjeringa fram forslaget til statsbudsjett for 2020.

Emneord: Vikingskipene, Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 28. aug. 2019 15:26 - Sist endra 28. aug. 2019 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere