Stenseth: – For å bli eit verdsleiande universitet må me gjera det same som i toppidretten

– Det må vera lov å kunna gi best moglege forhold for dei mest talentfulle studentane, akkurat som det som gjeld for idrettstalenta, synest biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved UiO. Han er provosert av Agenda-leiar Trygve Svenssons kritikk av Honours-programmet.

PROVOSERT AV KRITIKK FRÅ AGENDA-LEIAR: – Om me har for mange politikarar av den typen, har me ingen sjanse i dette landet til å bli framifrå innan internasjonal forsking, meiner biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved UiO. 

Foto: Martin Toft

UNIFORUM PÅ ARENDALSUKA

Det var under debatten om framtida for universiteta på Arendalsuka, leiaren for tankesmia Agenda, Trygve Svensson kom med sterk kritikk av opprettinga av Honours-programmet til UiO, og av meddebattantane som ikkje hadde vist kritisk refleksjon om programmet. Det synspunktet har provosert biologiprofessor Nils Chr. Stenseth som også var til stades på debatten i Arendal kultur- og rådhus.

– Det eg blei provosert av var at han var så negativ til desse Excellence-miljøa: Svensson var blant anna negativ til at ein  skulle ha meir eller mindre parallelle løp for dei aller beste og for resten. Det er heilt riktig at me skal laga parallelle løp – eitt for dei som har potensial til å bli framifrå og eitt for dei andre som ikkje har same ambisjon eller same potensial, men som er viktig for heile samfunnet i mange andre samanhengar utanom den internasjonale forskingsfronten., understrekar Stenseth.

 • Les meir i Uniforum: 

Agenda-leiar provosert av mangelen på kritisk refleksjon av Honours-programmet

Vil læra av toppidretten

Han samanliknar  utviklinga av forskartalent med korleis dei satsar på dei beste innanfor toppidretten.

– Skal me vera eit verdsleiande universitet, må me gjera som i toppidretten, ta ut dei som har potensial til å vinna «gullmedalje» - det vil seia å  få artiklar publiserte i dei beste av dei beste fagtidsskrifta og bli inviterte på store internasjonale kongressar for å gi hovudforedrag – og byggja opp under dei og bruka meir ressursar per student på dei enn me bruker på fleirtalet av studentar ved universiteta våre. Saman med toppidrettssjef Tore Øvrebø hadde eg ein artikkel i Dagbladet 15. februar 2018 om nettopp dette, trekkjer han fram.

– Må ha toppforskingssatsing

No er det altså Agenda-leiar Trygve Svenssons kritikk av Honours-programmet og satsinga på toppforskarar som får han til å reagera. 

– Eg er provosert over at det sit folk i tankesmier, som har ei solid politisk forankring innan store politiske parti som meiner sånne ting. Altså at dei blir provoserte over at me skal framelska toppforskarar. Om me har for mange politikarar av den typen, har me ingen sjanse i dette landet til å bli framifrå innan internasjonal forsking, meiner han.

– Me må ha Honours-program, me må ha senter for framifrå forsking av forskjellige typar, og me må ha sånn toppforskingssatsing, som ved Universitetet i Agder, slik at det er mogleg å retta ein ekstra slump ressursar til dei beste studentane, forskarane og miljøa. Ved Universitetet i Agder er det heilt klart uttrykt også: Det er ikkje fordi dei enno er blitt eit toppmiljø , men fordi dei skal bli det. Dermed skal dei kunne leggja til rette for at dei skal bli eit verdsleiande toppforskingsmiljø.

– Stolt

– Meiner du at Universitetet i Oslo er på rett kurs når det gjeld si satsing på dette området?

 – Eg er stolt av å ha valde leiarar, sånn som Svein Stølen og sånn som Morten Dæhlen som torer å trassa den flate strukturen. Dei er heilt klart på rett spor. At dei er valde og likevel gjer slike ting imponerer meg spesielt.

Så du synest det er bra at UiO har etablert eit honours-program?

– Ja, det er veldig bra. Det er flott med leiarar som torer å satsa på dei beste. Dei byggjer opp under dei som har potensial til å hevda seg heilt i toppen internasjonalt. Ein tidlegare rektor ved Universitetet i Cambridge, som eg åt lunsj med for nokre år sidan, sa det slik når me kom inn på strategiar ved våre universitet: ”I am proud to say that we have no strategy whenever at the University of Cambridge, but when we see potentiality of excellence we support it. That is how we have become Cambridge”, siterer Stenseth.

– Honours-programmet er ein del av den type toppforskingssatsing me treng for å bli  eit verdsleiande universitet, og sentra for framifrå forsking kom først inn med Gudmund Hernes (tidlegare utdanningsminister/red.merk). Han lurte på om det var mogleg å ha ambisjonar innan forsking i Noreg. Konklusjonen var at han gav grunnlaget for at me fekk Senter for framifrå forsking i Noreg – noko det er all grunn til å takka Gudmund Hernes for.

 

– Modellar for unge studentar

-Kva trur du er grunnen til at nordmenn flest synest det er heilt greitt at det blir satsa mest mogleg i idretten på dei største talenta, medan det ikkje er like opplagt å satsa ekstra på dei største talenta i forsking?

– Om eg hadde hatt svaret på det, ville eg ha vore universitetsleiar for lengst, men eg har dessverre ikkje svaret på det. Likevel ser eg at me har mykje å læra av toppidretten. For dei som blir støtta mest mogleg, blir ideal for det store breie publikum, så dei rekrutterer nye talent til idretten gjennom det breie engasjementet. Og på same måte trur eg desse spissmiljøa er modellar for unge studentar som gjerne vil inn i dette miljøet. Dei ser opp til at me er synlege internasjonalt, og det har dei også lyst til å vera. På den måten kan me vera med på å rekruttera gode folk, akkurat som i idretten, trur Stenseth.

Biologiprofessoren er samtidig optimistisk når det gjeld framtida til universiteta:

– Eg er overtydd om at universitetet i den form det har også vil koma til å eksistera i framtida. Kvifor? Jo, det er den einaste arenaen me har, verda over, der folk kan vera rykande ueinige med kvarandre utan å drepa kvarandre, understrekar Nils Chr. Stenseth. For hugs det er gjennom usemje – og faglege brytingar – forskinga går framover. ​

– Forfriskande

Agenda-leiar Trygve Svensson er svært nøgd med at han har klart å få biologiprofessor Nils Christian Stensethpå bana etter at han sjølv kritiserte melllom annan Honours-programmet under universitetsdebatten på Arendalsuka.

– Eg synest det er forfriskande at Stenseth er såpass tydeleg. Me har rett og slett ulikt utgangspunkt. Eg meiner det er eit temmeleg reduktivt syn på studentar å organisera utdanning etter "dei som har potensial til å bli framifrå og dei andre som ikkje har ambisjon eller potensial", seier Trygve Svensson i ein kommentar til Uniforum. 

PROVOSERT: Agenda-leiarTrygve Svensson blei provosert over at fagfellen Civita-leiar Kristin Clemet og nesten alle andre i panelet i universitetsdebatten under Arendalskuka ikkje hadde nokon kritisk refleksjon om Honours-programmet til UiO. (Foto: Martin Toft)

«Jus pluss» 

Svensson støttar at institusjonane etablerer tverrfaglege tilbod.

– Det er supert at UiO og andre organiserer ambisiøse tverrfaglege studieprogram. Kunstig intelligens er eit godt val for tematikk. Det symboltunge linjeskiftet her ligg i at ein skal bruka endå meir  ressursar på nokre få, framfor dei mange innanfor samme fagfelt. Og dessutan gi desse fleire studiepoeng enn resten av UiO sine andre 27 000 studentar.  Sidan fleire har gjort den logiske feilslutninga å bruka jus og medisin som døme på allereie etablerte elitestudium,-  det er ikkje det dette handlar om. Dette er som om ein skulle laga  "jus pluss" for dei ekstra flinke juristane som då kunne fått ekstra god hjelp og fullført ekstra raskt. Kven har då best sjanse til å få dei beste jobbane? Kva gjer det med dei 200 som sit på den "vanlege" førelesinga å vita at 20 stykk  sit på "jus pluss" borti gangen? Eg trur det er dårleg for begge partar, og for fagmiljøet som heilskap.

 

– Best på å løfta oss som felleskap

– Noreg kan prøva å etterlikna elite-tenking frå USA eller Frankrike. Men det vårt eige  land si  historie viser, er jo at det ikkje er her me er best. I Noreg er me best på å løfta oss som felleskap. Det er det som gjer at me er blant dei mest produktive landa i verda. Det gjer også at universiteta  har ein annan legitimitet og at felleskapet betaler for gratis utdanning. No, når universiteta skal inn i ein ny utdanningsrevolusjon, den for læring heile livet, er det ekstremt viktig at ikkje nokre få sine draumar om eit elitespor for dei aller beste skal prega det som er ei heilt avgjerande oppgåve for samfunnet som heilskap, meiner Svensson.  Han meiner  at å etablera eliteprogram er eit feilspor.

 – Fallitterklæring

– Eg har ikkje jobba like lenge på universitetet som Stenseth, men eg har også erfaring med undervisning og emneansvar. Det er heilt rett at ein møter alt frå toppmotiverte studentar til studentar som verken har tid eller motivasjon til å yta sitt beste. Men då må me møta nettopp dette problemet som heilskap. Å laga eit eliteprogram som eit svar på ei mageutfordring for samfunnet er ei fallitterklæring. Framfor å ynskja seg ei lita gruppe elitestudentar,  burde ein  heller etterlysa større insentiv for dei som verkeleg vil satsa på god undervisning. Forskarar må også premierast tydelegare for andre ting enn publikasjonspoeng. Og gjerne også studentar som verkeleg er villige til å bidra i læringsfellesskapet. Dessutan er studentøkonomien viktig. Viss ein ikkje kjem frå ein rik famlie, er det no blitt vanskeleg å klara seg på sommarjobb og studielån. Også dette skapar en utgliding og mindre seriøse fagmiljø, konstaterer Agenda-leiar Trygve Svensson. 

 

 

 

 

Emneord: Arendalsuka, Undervisning, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2019 22:50 - Sist endra 21. aug. 2019 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere