Ho var med og la ned symbolsk grunnstein for Klimahuset i Botanisk hage

– Eg elskar å leva og elskar alt det som lever. Slik forklarer 14 år gamle Penelope Lea miljøengasjementet sitt. I dag  heldt ho hovudtalen då grunnsteinen for Klimahuset på Tøyen blei lagt ned. 

Penelope Lea held hovudtale når grunnsteinen for Klimahuset skal legges ned.

HOVUDTALAR: Penelope Lea heldt hovudtalen då grunnsteinen for Klimahuset på Tøyen skulle leggjast ned. 

Foto: Ola Sæther

Toppleiarar frå både Universitetet i Oslo, Oslo kommune og investor Jens Ulltveit-Moe var alle på plass, då grunnsteinen for Klimahuset ved Naturhistorisk museum på Tøyen skulle leggjast ned i ettermiddag. Det var likevel 14 år gamle Penelope Lea som fekk mest merksemd.

– Følte meg åleine

Ho var invitert som hovudtalar, opphavleg saman med tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, men fordi sistnemnte måtte melda fråfall, ble Penolope Leas tale også hovudtalen under seremonien. 

 – Då eg starta som miljøaktivist som åtteåring følte eg meg åleine. No kjempar både gamle og unge for klimaet. Oppfordringa mi er at alle må gjera det, sjølv om dei fryktar å bli sett i ein bestemt politisk bås, Me må gi slepp på miljøfarlege handlingar. Derfor må me ha ekstraordinært samarbeid og kjærleik, også i framtidas klimahus, sa ho.

Og til slutt kom ho med eit krav som alle må oppfylla:

- Ta vare på den felles heimen me har, var bodskapen hennar. 

200 meter til høgre for talarstolen er Klimahuset på Tøyen i ferd med å reisa seg.  Æra for det gir både UiO-rektor Svein Stølen og museumsdirektør Tone Lindheim ved Naturhistorisk museum til investoren Jens Ulltveit-Moe som gav 70 millionar kroner til museet for at det skulle realisera Klimahuset.   

– No er det det aller første i Norden og det tredje i verda, understreka UIO-rektor Svein Stølen. 

– Cash måtte til

Sjølv hadde Jens Ulltveit-Moe ei god forklaring på kvifor han bestemte seg for å gi desse pengane til bygging av eit klimahus:

GAV 70 MILL: Investor Jens Ulltveit-Moe gav 70 millionar kroner til bygging av Klimahuset. Seinare fylgde Oslo kommune ved ordførar Marianne Borgen og byrådsleiar Raymond Johansen opp med 25 millionar kroner. (Foto:Ola Sæther)

– Eg forstod at ei klar stemme ikkje er nok. Cash måtte til, slo han fast. Det var ein miljørapport frå CIcero - Senter for klimaforsking i 2002 som blei ein augeopnar for den tidlegare klimaskeptikaren.

– Då forstod eg at om me ikkje begynte å gjera noko, ville gjennomsnittstemperaturen på jorda stiga med 3 grader. Derfor trekte me også investeringane våre i oljesektoren, fortalde han. Ulltveit-Moe viste til at mange meiner det er politisk vilje som manglar for å få til endringar i klimapolitikken.

– Det er ikkje rett. Det er du og eg som avgjer gjennom politiske val.  Tal viser at av dei som er over 45 år er berre 7 prosent opptatt av klimaendringane. Når eg skal tala om klimaendringane med dei, ser dei bort, slik som folk som møtte Jehovas vitner gjorde, då eg var barn. Derfor føler eg meg som dei dei gongene eg skal tala om det temaet, fortalde han. 

UiO-rektor Svein Stølen  var også ein av dei som uttrykte stor glede over at det var tid for nedlegging av grunnstein for Klimahuset på Tøyen. 

– Også ein stad for løysingar

— Dette er ein dag me har venta på lenge. Alle aksepterer at me no lever i klimakrisas tid. Me har ikkje god tid, men det er enno ikkje for seint å gjera noko med det, sa han. Stølen var også svært nøgd med aktivitetane som skal gå føre seg i Klimahuset. 

– Det skal bli ein stad for forståing og læring, men også for løysingar, understreka han. Stølen var også stolt over at Universitetet i Oslo med Klimahuset også kunne vera ein viktig bidragsytar til Oslo som europeisk miljøhovudstad.

Haldningar som kan skapa handlingar

Både byrådsleiar Raymond Johansen og ordførar Marianne Borgen helsa til UiO og Naturhistorisk museum.

– Klimahuset skal vera med på å skapa haldningar som kan skapa handlingar, håpa Marianne Borgen.  Seremonien blei avslutta med at grunnsteinen med symbolsk innhald i, blei lagt i grunnane til Klimahuset av alle talarane i fellesskap. 

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk, Naturhistorisk museum, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2019 21:04 - Sist endra 21. juni 2019 10:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere