Om under eitt år skal forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og regjeringa ha klar ei stortingsmelding om mobilitet. Målet er å få endå fleire studentar frå norske lærestader til å dra på utveksling til andre land.
I dag nyttar rundt 16 prosent av dei norske studentane seg av dette tilbodet, medan statsråd Iselin Nybø har ambisjonar om å få 20 prosent av studentane til å reisa ut.
Møtte studentar og prorektorar
Derfor er Iselin Nybø no ute på besøk på norske lærestader for å snakka med studentar som har vore på utveksling og for å finna ut kva som er grunnane til at folk drar og kvifor nokon ikkje gjer det.
I dag var turen komen til Universitetet i Oslo. Der ligg talet på studentar som drar på utveksling på 22 prosent, altså over målet til regjeringa og langt over landsgjennomsnittet på 16 prosent. Der møtte ho studentar både frå UiO og frå OsloMet, men også prorektorane ved dei to lærestadene, Gro Bjørnerud Mo og Nina Waaler.
– Nyttig for andre studentar
IT-student Cathrine Bui ved Universitetet i Oslo kom også med ei klar oppfordring til Iselin Nybø og universitetsleiarane:
– I dag finst det ikkje noko organisert innsamling av erfaringane norske utvekslingsstudentar har gjort under opphaldet sitt. Dette er verdifull informasjon som kunne ha vore nyttig for andre studentar, slo ho fast.
Cathrine Bui hadde opphalde seg eitt år ved to forskjellige universitet i Sør-Korea. Ho vedgjekk at det i byrjinga hadde vore ei tøff oppleving.
– På det første universitetet eg var, følte eg at eg stagnerte reint fagleg. Derfor måtte eg sjølv ta initiativ til å søkja meg inn på det aller beste universitetet i Sør-Korea, Seoul National University. Ved internship-et mitt ved Bitcoin Center Korea begynte eg å læra om blockchain noko som gav meg høvet til å dra på konferanse der eg møtte grunnleggjaren av Wikipedia, og ein person som var på Forbes ' liste over dei rikaste under 30. Det er kontaktar som eg har nytte av som masterstudent i programmering og nettverk ved Universitet i Oslo, peika ho på.
Samtidig forstod ho at mange nøler før dei drar på studentutveksling.
– Du vil mista deltidsjobben, du vil mista venner og du risikerer å koma etter dei andre med studia. Trass i dette angrar eg ikkje på at eg drog. Men om eg ikkje hadde tatt grep sjølv då eg følte at det ikkje gjekk så bra, hadde eg reist heim igjen, vedgjekk ho.
– Likte meg godt
Også masterstudent Kai-Tommy Petzold frå OsloMet hadde vore på utveksling i eit fjerntliggjande land, nærmare bestemt i Mexico.
– Eg likte meg godt der, og eg ville gjerne også ha halde fram som masterstudent i det landet. Men det blei så vanskeleg og så mykje ekstra arbeid å få til at eg gav opp, og til slutt valde eg å ta ta master i internasjonal utdanning og utvikling ved OsloMet. Slike vanskar skremmer folk frå å dra på utveksling, trudde han.
Som bachelorstudent var han også på eit kort opphald i Ghana.
– Ja, det var ei verdifull erfaring å ta med seg. Det gjorde det lettare å dra tilbake seinare. Før fekk me støtte frå studiestaden til å ta feltstudium i andre land. No er økonomien dårlegare, og me får ikkje noko meir enn eit bidrag frå Lånekassen som ikkje ein gong dekkjer flyreisa, sukka han.
Bad regjeringa om å fjerna gebyr
Som leiar for faddergruppa for utanlandsstudentar ved OsloMet, hadde han også observert noko viktig.
– Eg legg merke til korleis dei blir integrerte i Noreg. Og dei er nok mest saman med andre utanlandsstudentar, hadde han sett.
Og prorektor ved OsloMet, Nina Waaler kom med eit hjartesukk til statsråd Iselin Nybø.
– Regjeringa må fjerna gebyret på 11 000 kroner som utanlandsstudentar i Noreg må betala for å søkja om studieløyve og opphaldsløyve med rett til deltidsjobb under studieopphaldet, var oppfordringa hennar.
– Viktig å snakka direkte med studentane
I ein samtale med Uniforum gjorde Iselin Nybø det klart at ho har sett stor pris på å møta tidlegare utvekslingsstudentar på besøksturneen sin til norske leærestader.
– Det er viktig å snakka med dei direkte og ikkje berre med dei tilsette på institusjonane. For det er dei som har vore på utveksling som kan gi meg nyttig informasjon om det dei har opplevd.
– «All inclusive-tilbod»
–I dag gir Lånekassen støtte til utanlandsopphald på tre månader eller lenger. Tyder dette at du vil få fleire til å vera lenger enn tre månader?
– Nei, det er ikkje akkurat det som er grepet me vil ta no. Då kan det bli vanskelegare å få fleire til å dra på utveksling. No gjeld det å sjå på om universitet og høgskular skal få utteljing for at studentar drar på ein månad lange opphald også, og eventuelt få støtte til det frå Lånekassen. Då vil kanskje fleire dra på utveksling. Nokre studentar vil gjerne dra på mjølk-og-brød-utveksling medan andre vil ha eit slags «all inclusive-tilbod», sa Iselin Nybø til Uniforum.
– Vil ha institusjonelt samarbeid i utdanning og forsking
I innlegget sitt på fellesmøtet like etterpå, såg ho ikkje bort ifrå at regjeringa ville koma til å be alle fag om å leggja inn eit obligatorisk utanlandsopphald i studieplanen.
– Dei som ikkje kan, eller ikkje vil, må dermed søkja om fritak. Internasjonal mobilitet må inn som ein integrert del i arbeidet med kvalitet og relevans i samanheng med studiet her i landet. Institusjonane må sørgja for at studentane får ei god mottaking dit dei drar. Difor vil eg ha institusjonelt samarbeid både i forsking og i utdanning. Regelverket må ikkje hindra studentmobilitet, understreka ho.
– Me må gjera det saman
Iselin Nybø argumenterte også for studentutveksling nettopp fordi det er naudsynt for alle å arbeida saman både når det gjeld å kunna gjera noko med klimaendringane og å oppnå FNs berekraftmål.
– Det er ikkje noko me vil klara åleine. Me må gjera det saman. Difor er det verdifult for oss å senda studentane våre ut i verda, noko som vil fremja forståing og samhald. Og det same gjeld når utvekslingsstudentar frå andre land kjem hit til Noreg, sa ho.
– Me må få arbeidslivet og næringslivet med på laget
Prorektor Nina Waaler ved OsloMet tok tak i haldningane til norske bedrifter og norske arbeidsgjevarar.
– Me må få arbeidslivet og næringslivet med på laget. Erfaringane studentane våre har gjort, er at studieopphald eller arbeidserfaring frå andre land er lite viktig for tilsetting i norske verksemder. Difor støttar eg initiativet som forskarar ved OsloMet har kome med, om at det er naudsynt å forska på kva effekt studentar og institusjonar har av studentutveksling, slo ho fast.
– Opphaldet gav meg sjølvtillit
Og prorektor Gro Bjørnerud Mo ved UiO hadde den same erfaringa som prorektorkollegaen frå OsloMet.
– Norsk arbeidsliv er ikkje interessert i at studentar har bak seg eit utanlandsopphald. Faktum er at internasjonal erfaring og studiar er viktig for seinare generasjonar, trekte ho fram.
Prorektoren brukte også seg sjølv som døme på kor nyttig det er med studentutveksling.
– Som nittenåring drog eg til Paris utan å kunna godt nok fransk. Men etter kort tid kom eg i kontakt med andre studentar frå prestisjetunge universitet i mellom anna USA, og desse kontaktane har eg hatt god nytte av heilt fram til i dag. Og dessutan gav opphaldet meg den sjølvtilliten som eg no har, fortalde ho.
Lova ei melding utan nyhende
Statsråd Iselin Nybø lova å ta med alle dei gode innspela i stortingsmeldinga om mobiltet når den er klar om rundt eitt år.
– Det skal ikkje vera eit einaste nyhende i den. Alle dei gode ideane og forslaga de har kome med, skal vera på plass, forsikra ho dei frammøtte om.
• Les meir om studentutveksling i Uniforum:
Vil ha fleire UiO-studentar til Buenos Aires
Kapasitetsbyggingsprosjekter: en gyllen mulighet til nye EU-midler
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere