Drog til Japan likevel

– Eg blei rådd til ikkje å ta eit utanlandsopphald i Japan medan eg tok Lektorprogrammet på UiO. For meg var det heilt utenkjeleg ikkje å delta på studentutveksling på studiet. Då eg fekk sjansen til å dra, sa eg sjølvsagt ja, seier Ingvild Ulven Østbø.

STUDENT I JAPAN: – Tokyo er ein fantastisk by å vera student i, så sant du veit kva du vil læra under opphaldet i Japan, seier Ingvild Ulven Østbø, som no tar eit års pause frå Lektorutdanninga ved UiO.

Foto: Martin Toft

I Tokyos mest fasjonable og mest kunstneriske bydel, Harajuku, møter Uniforum UiO-student Ingvild Ulven Østbø. Ho kjem gåande imot oss med ein gjennomsiktig, typisk japansk paraply. Sidan tidleg i haust har ho vore utvekslingsstudent på eit engelskspråkleg studium i japansk litteratur og politikk ved Sophia-universitetet i Tokyo.  I favorittgata si finn ho fram til stamkafeen sin, og me sit oss ned med kvar vår store kopp kaffi. 

– For to år sidan kom eg til Japan for første gong på ferie. Då fekk eg lyst til å dra tilbake. Etter mykje om og men, hjelpte ein medarbeidar på Lektorprogrammet meg til å søkja opptak som utvekslingsstudent på Sophia-universitetet i Tokyo. Men administrasjonen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet og Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ville ikkje at eg skulle dra ut.  Eg angrar slett ikkje på at eg trassa dei og drog likevel, seier ei smilande Ingvild Ulven Østbø. Ved UiO tar ho Lektorprogrammet i engelsk og samfunnsfag.

Fire øyremerkte plassar til UiO-studentar

Etter kvart fann ho ut at Universitetet i Oslo hadde fire øyremerkte studieplassar på Sophia-universitetet i Tokyo. Der har dei eit heilt fakultet som brukte berre engelsk i undervisninga.

– På studiet får med undervisning frå to amerikanske litteraturprofessorar både i amerikansk litteratur og i japansk litteratur.  Bortsett frå dei, er alle lærarane japanske. Dei fleste snakkar engelsk etter lange opphald i engelskspråklege land.

– Og medstudentane dine, kven er dei?

– Fleire av dei er diplomatbarn som snakkar glimrande engelsk, og mange er halvjapanarar som også snakkar svært bra engelsk.

– Dei er japanarar som har sett meir av verda enn den jamne japanaren. Og sjølvsagt går det mange utvekslingsstudentar der frå heile verda, seier Ingvild Ulven Østbø.  

Lært litt japansk

Så langt har ho berre lært nokre få setningar og gloser på japansk.

– Eg kan så mykje at eg kan sitja i ein bar og blir kjent med japanarane. Men eg vil truleg aldri nå toppnivået, slå ho fast. Sophia-universitetet ligg ganske kort frå Yoyogi-parken. 

Etter Ingvild Ulven Østbøs meining er det ein viktig ting som karakteriserer det universitetet.

– Dei unge studentane er lang meir opptekne av forsking enn det studentane på dei tradisjonelle japanske universiteta er. Dei utanlandske studentane er også langt flinkare til å tenkja kritisk enn dei japanske, som ikkje har nokon tradisjon for det,  slår ho fast.

– Lærer om japansk politikk

Sjølv har ho funne sitt favorittstudium.

– Ja, det er kurset «Kvinner, kjønn og seksualitet i japansk litteratur for 1000 år sidan». No tar ho også politikk som eit universitetsfag.

– Eg har aldri lært så mykje om japansk politikk som etter å ha tatt det faget. Før var eg heilt blank på området, seier Ingvild Ulven Østbø. 

No bur ho utanfor campus-området der fleirtalet av dei internasjonale studentane bur. 

– Eg fekk tak i eit «Shared house» i Tokyo, der eg bur saman med mange andre unge folk med forskjellige jobbar. Det er ein flott måte å bli kjent med japanarar på. Dessutan tar det berre 20 minuttar på sykkel å koma seg til universitetet.

– Går på musikk-klubbar

I Japan sit studentane ofte på lesesalen dag og natt for å klara å lesa gjennom pensum. Ingvild Ulven Østbø prioriterer også å ha fritid.

– Då tar eg ein tur ut for å eta god mat og gå på små musikk-klubbar. Sjølvsagt et eg også sushi iblant, akkurat som i Noreg. Skilnaden er at her et eg sushi fordi eg er i Japan, medan eg et sushi i Noreg dei gongene eg ikkje orkar å laga middag sjølv, smiler ho.

Tabu å snakka om homofili

I Noreg har ho vore engasjert i arbeidet til Skeiv Ungdom. Der har ho vore med på arbeidet med å vidareutvikla læringsopplegget Restart om kjønn og seksualitet for ungdomsskulen og vidaregåande.

– Målet med det arbeidet er at klasserommet skal vera ein trygg plass å snakka om seksualitet. Staten gav oss også pengar for at me skulle laga det læringsopplegget.

I Japan er situasjonen for homofile, lesbiske og transpersonar heilt annleis.

– Det er tabu å snakka både om det og feminisme. Ungdommar slit med å fortelja foreldra at dei er homofile eller lesbiske. Det japanske samfunnet har heller ikkje noko

UiO har studentutvekslingsavtalar med 11 universitet i heile Japan:

Akita International University

Kansai Gaidai University, Hirakata

Doshisha University, Kyoto

Nagasaki University of Foreign Studies

Kwansai Gakuin University, Nishinomiya

Otia University

Josai International University, Togane

Keio University, Tokyo

Sophia University, Tokyo

Waseda University, Tokyo

Tokai University, Tokyo)

 

 

 

 diskrimineringsvern for dei som har ein utradisjonell kjønnsidentitet.

– Etter at eg kom til Sophia-universitetet. er det blitt starta opp ei foreining for lesbiske,  homofile og skeive studentar. Junction, som foreininga heiter, ynskjer studentar av alle kjønn og seksualitetar velkomne til Sophia. Foreininga organiserer sosiale samlingar og diskusjonar på japansk og engelsk. Seinare i år blir Tokyo Rainbow Pride arrangert i Japans hovudstad. Det er ein festival som feirar homofile, lesbiske og andre skeive personar. Normene og forventingane til kjønnsutrykk er annleis her enn heime. Det opnar for mange nye måtar til å tenkja nytt om kva me oppfattar som feminint og maskulint, og kor mykje av det som har å gjera med kulturen.

– Det handlar om å synleggjera dei homofile og lesbiske i Japan, legg ho til.

– Trygt og godt studieland

Studentlandet Japan vil ho gjerne slå eit slag for.

– Ja, det er eit både trygt og godt land å studera i. Og Tokyo er ein fantastisk by å vera student i, så sant du veit kva du vil læra under opphaldet i Japan. I dag står to av dei fire

 studieplassane som er øyremerkte UiO tomme ved Sophia-universitetet.

– Det er synd, for alle studentar vil få eit godt utbyte av eit studieopphald i Japan.

Oppmuntrar studentar til å dra

Rita Hvistendahl er instituttleiar på Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS). Ho avviser at instituttet rår studentar frå å dra på studentutveksling til Japan.

 – ILS tilrår alle studentar i Lektorprogrammet å reise på utveksling. I studieløpet til Lektorprogrammet er det lagd til rette for eitt semester utveksling. Når  studentane ønskjer å reise bort eit heilt år, prøver vi å leggje til rette for det. Nyleg møtte rådgjevaren i Lektorprogrammet ein representant frå Fukuoka University of Education  og drøfta moglege planar om  gjensidig utveksling. Rettleiing om aktuelle utvekslingsavtaler får lektorstudentane ved det instituttet/fakultetet der dei tar 80-gruppa si.

 – I kva grad oppmuntrar de studentane til å dra ut? 

– Vi har arbeidd med å gjere informasjonen om utveksling på nettsidene våre enklare og klargjere rutinane og framgangsmåtane slik at studentane lettare skal finne ei mogleg utvekslingsavtale. Jf <http://www.uio.no/studier/program/lektor/studieretninger/kultur-samfunn/utlandet/> 

– Vi har også utsett starten på det profesjonsfaglege emnet ved ILS i 6.semester så studentar som har vore på utveksling i 5. semester, kan avslutte dette semesteret i utlandet, seier Rita Hvistendahl.

 

 

Emneord: Japan, Studentforhold, Studentsaker, Internasjonalisering Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 23. apr. 2015 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere